Revidert nasjonalbudsjett
Den store budsjettendringa
Revidert nasjonalbudsjett har endra seg frå å vere ein teknisk revisjon til å verte ein ny budsjettrunde, seier fagfolk.
Det er knytt store forventningar til revidert budsjett, som vert lagt fram i dag. Biletet er frå då SV, Ap og Sp hadde kome til semje om revidert budsjett for 2023.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
I dag
legg arbeidarpartiregjeringa fram forslag til revidert nasjonalbudsjett, og
for fyrste gong sidan valet skal partiet forhandle med både Sp og SV i
Stortinget for å få fleirtal.
Denne
prosessen er det er knytt store forventningar til.
Førre finansminister, Trygve Slagsvold Vedum i Sp, seier til Klassekampen at han ventar seg separate
forhandlingar mellom Ap og Sp og mellom Ap og SV, og at Sp vil forhandle inn
ein tydelegare omfordelande profil i budsjettet. Partiet kan òg kome til å vilje forhandle
om saker partiet tidlegare har inngått kompromiss med Ap om.
SVs finanspolitiske
talsperson Skjalg Unneland kallar på si side forhandlingane «ei stor moglegheit»
og eit «høve til å drive fram velferdsreformer og skape engasjement før valet».
Og budsjettframlegget omtalar han som eit høve for Ap til å «syne fram kva dei står
for, og kva dei vil med samfunnet».
E24 skriv
om revideringa som eitt av få høve finansminister Jens Stoltenberg har «til å sette
et klart politisk avtrykk før stortingsvalget».
Stoltenberg
sjølv har vorte sitert i Aftenposten på at det reviderte budsjettet
kjem til å verte både atterhalde og nøkternt, og NTB har laga nyhendesak om
at statsminister Støre «varsler få store grep i revidert nasjonalbudsjett».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.