Den store avgiftsvinteren

Det blir ein dyr vinter for norske straumkundar. Regjeringa har stått for ein rekordauke i elavgiftene, i tillegg kjem truleg sommartørka og norsk krafteksport til å sende straumprisen til himmels.

TØRKETID. Normalt har Noreg kraftoverskot, men den tørre sommaren gjer at vasstanden er svært låg i kraftmagasina. Illustrasjon frå Nore I-kraftverket mellom Tunhovdfjorden og Uvdalselva i Buskerud. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
TØRKETID. Normalt har Noreg kraftoverskot, men den tørre sommaren gjer at vasstanden er svært låg i kraftmagasina. Illustrasjon frå Nore I-kraftverket mellom Tunhovdfjorden og Uvdalselva i Buskerud. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Publisert

Noko av det dummaste ein gjer, er å spå om økonomiske storleikar, og særleg dum er ein om ein spår kva dei framtidige energiprisane vert. Men alt no ser vi på kraftprisen at noko har skjedd. I skrivande stund er kraftprisen 50 øre per kWh på den nordiske kraftbørsen. Det er høgt. Men for oss vanlege forbrukarar stoggar det ikkje der. Regjeringa har nesten kvart år sidan ho tok over, auka elavgifta for forbrukarar, ho er no 16,58 øre per kWh. Så kjem momsen på toppen av dette. I juli har prisen per kWh vore på 83 øre for oss forbrukarar.

Diverre er ikkje det heller nok, for vi må i tillegg betale nettleige, Enova-avgift og moms på desse avgiftene òg. Hafslund tek no 82,50 kroner per månad i fastpris og 47,70 i nettleige, Enova-avgift og moms per kWh. Enova-avgift, seier du, kva er det? Det er det vi før kalla grøne sertifikat, som har gått til å byggja ut ulønsam kraft i Noreg og Sverige. Grøne sertifikat skulle fasast ut etter 2021, men etter press frå Venstre har regjeringa gjort avgifta permanent og gjeve ho til Enova, som nyttar pengane på subsidiera samfunnsøkonomiske ulønsame energisparetiltak. Den kraftkrevjande industrien er elles friteken Enova-avgift og det aller meste av nettleiga. Men for oss vanlege ligg straumprisen no på rundt 130 øre per kWh. Der har vi ikkje vore før, juliprisen i år har vore dobbelt så høg som i fjor og seks gonger så høg som i juli 2015. Og til vinteren, når vi verkeleg nyttar straum, vert prisen etter det meste å døme endå mykje høgre.

To farar

Det er to grunnar til at straumprisane er så høge: vêret og politikarane, og diverre er det lite å gjera med nokon av dei. Over heile Sør-Noreg, ja, over heile Nord-Europa, har klimaet i år vore underleg stabilt. Fyrst fekk vi ein lang og særs kald vinter, så fekk vi ein kort vår som allereie i mai gjekk over i ein lang, varm og solrik sumar. Dimed har det kome lite vatn ned i magasina.

I vinter synte snødjupnemålingane på Vestlandet at det var like djup snø som vanleg, men det var laus snø. For når det er kaldt, sig ikkje snøen saman. Snøen inneheldt enkelt og greitt mykje mindre vatn enn vanleg. Snøsmeltinga kom i tillegg seint i gang sidan vinteren varte lenge, men då ho kom i gang, skjedde det under rekordhøge maitemperaturar. Dimed vart ikkje snøen omdanna til rennande vatn, men til damp, særleg på Vestlandet. Dette kjem godt fram i kvartalsrekneskapane til småkraftselskapa, dei som i hovudsak driv med fallkraft og ikkje magasinkraft. Dei har hatt lite straum å selja, men overskota har likevel halde seg oppe sidan prisen har vore høg av di det altså har vore mindre kraft i marknaden enn i normale år.

Tomme magasin

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement