Samfunn

Den skotske slekta til Donald Trump

Mor til Donald Trump voks opp på Dei ytre Hebridane, i ein landsby av fiskarar og småbrukarar som var heimsøkt av fattigdom og utvandring.

Eit bilete av Mary Anne MacLeod Trump prydar Det ovale kontoret til sonen Donald.
Publisert Sist oppdatert

Med opphaldet i Skottland den siste veka har Donald Trump mint verda på at han er halvt skotsk. Eit blikk på den skotske morsslekta hans er tankevekkjande:

Her har vi den mektigaste mannen i verda, ein namngjeten eigedomsinvestor, fødd til pengar, med ry som eit kapitalistisk råskinn. Mor hans, derimot, voks opp med kampen for tilværet i fiskarlandsbyen Tong på Lewis, nær Stornoway.

Derifrå var det langt til eit glinsande Trump Tower av i dag og livet til son hennar som solkongen i Det kvite huset.

For eit svimlande sprang frå ein generasjon til den neste.

Det læt som liv og lagnad på ulike planetar.

Nøysemd og gudsfrykt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement