Den nye vinden

Nye vindmylner er ved å bli samfunns­økonomisk lønsame. Snart kjem det vindmylner overalt på Vestlandet.

Statsminister Erna Solberg, klimaaktivistane og no også samfunnsøkonomane er for fyrste gong samde: Vindkraft er tingen. Bilete frå anlegget til Kværner på Stord, som Solberg vitja i 2017.
Statsminister Erna Solberg, klimaaktivistane og no også samfunnsøkonomane er for fyrste gong samde: Vindkraft er tingen. Bilete frå anlegget til Kværner på Stord, som Solberg vitja i 2017.
Publisert

Før norske vindmylner og store naturinngrep, eit langt og pedagogisk sveip ut i verda: Sjølv om samfunnsøkonomar ofte er trivelege og intelligente folk, har dei som er mest urolege for klimaendringar det med å mislika desse menneskelege kalkulatorane. For samfunnsøkonomar plar masa om at det og det klimatiltaket ikkje er lurt og faktisk kan føra til meir utslepp av klimagassar enn naudsynt. Tak noko så enkelt og vanskeleg som vindmylner: Mot åtvaringar frå ei rekkje samfunnsøkonomar byrja den britiske staten å subsidiera fram vindmylneutbygging på det skotske høglandet.

Kva meinte samfunnsøkonomane var dumt med det? Jau, at det ikkje budde folk på det skotske høglandet. Der det ikkje bur folk, er det svært lite med kraftnett. Dessutan er vind ustabil kraft, og kraftproduksjon ein ikkje kan regulera, krev at ein byggjer annan kraftproduksjon som er stabil. Mellom den stabile og utstabile kraftproduksjonen må ein byggja eit særs kraftig kraftnett, skal ein utnytta den utstabile kraftproduksjonen.

Britiske og skotske politikarar vende det dauve øyret til. For dei trong å syna seg som ansvarlege politikarar som gjorde noko med klimaendringane. Laurdag 28. juli i år var ein fin dag for dei største skotske vindkraftprodusentane. Dei fekk nemleg melding frå National Grid, det britiske svaret på Statnett, om at dei måtte slå av kraftoverføringa frå ein del av vindmylnene. Dimed kunne produsentane som fekk den meldinga, fakturera staten 35 millionar kroner for ikkje å produsera kraft. Sidan 2010, då britane byrja å byggja vindmylner på det skotske høglandet, har dei fått nær 5 milliardar kroner for ikkje – ja, ikkje – å levera straum når vinden blæs som mest.

Økonomane hadde rett

Kvifor? Av di samfunnsøkonomane hadde rett. Ein kunne ikkje byggja ut vind før ein bygde ut nettet. Men nettet er det ingen som ser på som symbol for klimakamp, og nett kan også frakta kolkraft. Vindmylner, derimot, gjev fine presseoppslag og er godt eigna for snorklipping. Dessutan ligg dei fleste vindmylner i distrikta, og distriktspolitikk er bra for politikarar som vil verta attvalde.

Kva ville samfunnsøkonomane at den britiske staten skulle gjera i staden? Dei mest ivrige ville sjølvsagt at den britiske staten skulle bruka pengane på å kjøpa klimakvotar, det mest effektive av alle klimatiltak. Men dei fleste meinte at ein burde gå frå kol- til gasskraftverk og byggja røyrleidningar og kraftkablar – særleg til Noreg. Det høyrer med til soga at britiske politikarar også gjorde det. Berre i 2016 reduserte Storbritannia utsleppa med 25 millionar tonn karbondioksid, halvparten av dei samla norske utsleppa, ved å byta ut kolkraft med gasskraft. Faktisk var utsleppa av CO2 det lægste på 120 år i Storbritannia i 2016. Norsk gass har spelt ei hovudrolle der.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement