Den nye oljen

Om Acer kan få negative konsekvensar for norsk kraftkrevjande industri, veit vi ikkje. Men Noreg som nasjon tener på fri flyt av kraft.

Europa vantar ein integrert kraftmarknad som me har i Norden. Svaret er Acer, eit nytt organ som skal regulera kraftflyten i og til EU-området, ikkje minst med balansekraft frå Noreg.
Europa vantar ein integrert kraftmarknad som me har i Norden. Svaret er Acer, eit nytt organ som skal regulera kraftflyten i og til EU-området, ikkje minst med balansekraft frå Noreg.Europa vantar ein integrert kraftmarknad som me har i Norden. Svaret er Acer, eit nytt organ som skal regulera kraftflyten i og til EU-området, ikkje minst med balansekraft frå Noreg.
Publisert

Acer (Agency for the Cooperation of Energy Regulators) er eit relativt nytt organ som skal regulera kraftflyten i EU-området. Det er lett å forstå kvifor organet er oppretta. EU-landa produserer stadig meir utstabil kraft. Utstabil kraft er i hovudsak vind- og solkraft. Skal ein kunna laga slik kraft, må vinden blåsa og sola skina. Førebels har vi ikkje god teknologi for å lagra slik kraft, batteria er for dyre. Dimed må vi nytta denne krafta her og no.

Vind- og solkraft har ei anna ulempe òg, ho er dyr å produsera, men som regel billig å kjøpa før avgifter. Blæs vinden ekstra godt, kjem det mykje kraft ut i marknaden, og då går prisen ned. Ved visse høve har krafta dimed vorte gratis i Tyskland, sidan det vert så mykje av henne, ja, i ekstreme tilfelle har tyskarane faktisk fått betalt for å nytta krafta. Hovudårsaka til at krafta vert så billig, er at EU og Tyskland ikkje har ein stor nok marknad å selja henne i. EU vantar enkelt og greitt ein integrert marknad som vi har i Norden, dei treng fleire kablar og kraftliner i og mellom landa for å utnytta kraft best mogleg og for å få meir stabile prisar.

Usikker framtid

Kva kjem så Acer til å gjera med dette? Det er eit såkalla godt spørsmål. Vi veit at Acer får ei uavhengig regulatorisk makt ved overføring av kraft, men vi veit ikkje kva dei kjem til å nytta denne makta til. Framtida kjenner ingen, som det heiter. Men vi kan spekulera og prøva å tenkja logisk. Acer er som det meste anna i EU ein del av EUs indre marknad. EUs indre marknad handlar om å skapa like vilkår og å fjerna monopol og særfordelar.

Vi kan nytta Danmark som døme. Noreg har kablar og kjem til å få fleire kablar som går direkte til kontinentet. Men vi er òg avhengige av å eksportera og importera kraft via Danmark. For dette tek danskane seg betalt. Internt i Noreg har vi eit regime der staten regulerer prisen for nettleige. Nettleiga skal forsvara bygging av nye kablar og gje nettselskapa ein liten profitt. Altså får ikkje dei som eig linene i utgangspunktet, taka monopolprofitt. Acer skal gjera det same på europeisk nivå. Kanskje får dei danske netteselskapa ein dag melding frå Acer om at dei tek for høg pris. Då får dei norske kraftprodusentane ei lægre utgift når dei sender kraft til kontinentet.

Regulering er naudsynt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement