Den nye eller den gamle kosten
Bjørgulv Braanen har gått av i Klassekampen, og denne veka vart redaksjonssjef Mari Skurdal utnemnd som ny sjefredaktør.
Klassekampen har vore Noregs største avissuksess dei siste ti åra. Mari Skurdal trur det vert krevjande å halda på opplagsveksten.
Fyrst ei opplysning til orientering: Mari Skurdal og underskrivne var i fleire år kollegaer i Klassekampen og kjenner såleis kvarandre. Denne veka vart det klart at styret i Klassekampen vil ha ein tradisjonsberar i rolla som sjefredaktør. Redaksjonssjef Skurdal byrja i avisa i januar 2005, og har nesten sidan starten hatt ulike sjefroller i avisa. Ho er opphavleg lektor og filolog og har i skrive lærebøker for skulen.
– Gratulerer! Korleis kjennest det?
– Det kjennest all right, ja, litt fint, faktisk.
– Og så spørsmålet ingen svarar ærleg på: Vart du headhunta eller søkte du?
– Eg sende inne ein søknad, eg, men det skal òg seiast at eg vart oppmoda av mange her om å senda inn søknaden.
– Men no har du vore der i 13 år. Du sit fast?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.