Kommentar
Den kommunale skrustikka
Korleis kan eit land så rikt få slike fattige kommunar?
Lytt:
Om du ser på utviklinga til oljefondet eller på den svulmande private velstanden mange stader i Noreg, kan det verke som vi lever i eit svært rikt land. Men rundt i Kommune-Noreg lyser stadig fleire raude lamper. 58 prosent av dei norske kommunane gjekk i minus i fjor. Talet på underskotskommunar er firedobla på berre to år. Vi må 40 år attende i tid for å finne ein like alvorleg situasjon for kommunane, hevda Kommunesektorens organisasjon (KS) i fjor.
I statsbudsjettet foreslår regjeringa ein realvekst på litt over fire milliardar kroner i dei frie inntektene til kommunesektoren neste år. Det er ikkje i nærleiken av å dekke behova, og talet blir mykje høgare før budsjettforhandlingane er over. Støttepartia til regjeringa står i kø for å plusse på overføringane, og også partia på høgresida vil no gje meir til kommunane. Men korleis kom rike Noreg opp i dette uføret?
Dei akutte årsakene til krisa er lette å finne. Prisveksten, lønsveksten og renteauken i kjølvatnet av pandemien slo hardt inn i kommuneøkonomien. At dei frie inntektene vart auka, hjelpte berre litt, for kostnadsveksten var større. Og det gjekk fort: Frå 2021 til 2023 krympa kjøpekrafta til dei frie inntektene med 17 milliardar kroner. I eit par år klarte mange av kommunane seg brukbart takk vere høgare skatteinngang enn venta. Men i fjor fall også desse inntektene, og krisa var eit faktum.
Rikspolitikarane er ikkje i posisjon til å klandre ordførarane for øydsling med pengar.
Luksusfella
Har så norske kommunar levd over evne og sølt bort pengar på tull? Ein del av dei har saktens det, ja. Kommunane er styrte av menneske, og somme menneske bygger dessverre altfor dyre kulturhus eller idrettsanlegg som dei ikkje har råd til å drifte. Ein del kommunar har utan tvil gått i luksusfella og teke opp for store lån i gode tider. Men det er ikkje menneskeleg svikt som er hovudproblemet her. Det er lite truleg at 58 prosent av kommunane er vanstyrte. Og sjølv om det alltid er mogleg å spare nokre kroner gjennom effektivisering, også i kommunane, står dei no overfor utfordringar ein ikkje kan løyse ved å jobbe smartare. På sjukeheimane, i barnehagane og i skulen er det heller ikkje lett å effektivisere utan at det går på kvaliteten laus, for der er det menneska som er sjølve kvaliteten.
Den største utfordringa for kommunane er velkjend: Eldrebølga kjem. I 2027 får Noreg for første gong fleire pensjonistar enn innbyggarar under 18 år. Innan 2040 kjem talet på nordmenn over 80 til å doble seg, og etterspurnaden etter helse- og omsorgstenester kjem til å auke enormt. Alt i dag er det eit strev med å rekruttere nok helsepersonell. Somme distriktskommunar betaler dyrt for å flyge inn sjukepleiarar og legar i ein såkalla nordsjøturnus, som om kommunane var plattformer i havet.
Sarkasme
Kva kan så lokalpolitikarane gjere for å spare? Vel, der barnetala har falle tilstrekkeleg, kan dei jo legge ned skular og barnehagar. Men som Debatten på NRK fekk godt fram sist veke, er det slikt som får fart på fakkeltoga. Skulenedlegging tek framtidstrua frå folk, og er noko av det siste ein ordførar vil ty til. Da er det lettare å kutte i eldreomsorga slik at dei gamle pådreg seg liggesår, eller skjere ned på rusomsorg og psykisk helsehjelp. Dei som har minst ressursar og færrast talspersonar, taper i tronge tider.
Kva seier så finansminister Jens Stoltenberg, han som sit på pengesekken? «Jeg har aldri opplevd i mine år i politikken at en ordfører har sagt at han har nok penger», sa han sarkastisk i eit intervju med Nationen nyleg. Stoltenberg meinte at KS overdramatiserte situasjonen, sjølv om han vedgjekk at kommunane har store utfordringar.
Her er det freistande å peike på at rikspolitikarane ikkje er i posisjon til å klandre ordførarane for øydsling med pengar. Dei som har brukt 37 milliardar kroner på Follobanen og 54 milliardar på eit glashus i det nye regjeringskvartalet, bør ikkje kaste stein. Denne statlege sløsinga syner òg kor det verkelege økonomiske handlingsrommet i politikken ligg.
Fender
Det er nemleg ikkje sutrete ordførarar eller stormannsgalne rådmenn som har ført kommunane inn i skrustikka dei står i. Gjennom fleire tiår har storting og regjering lagt nye oppgåver på Kommune-Noreg og heva krav og standardar, og dei øyremerkte midlane frå staten har ofte vore utilstrekkelege. Lærarnorm, barnevernsreform, kompetansekrav, universell utforming og så vidare: Lista er lang over gode – eller i alle fall velmeinte – tiltak som trekker i same lei: Ansvaret til kommunane veks, medan handlingsrommet deira krympar.
Dei folkevalde i kommunane får på dette viset den utakknemlege rolla som fender for rikspolitikarane. Lokalpolitikarane må ta støyten for mange ting dei ikkje kan gjere noko med. Og slik blir demokratiet svekt på minst to måtar: Veljarane misser trua på dei avmektige folkevalde, og stadig færre får lyst til å ta uriaspostar i lokalpolitikken. Det er utriveleg å bli oppringd på natta og bli utskjelt for ting ein ikkje rår over.
Flytte hender
Men om vi no ser på Noreg som eitt samfunn, med ein økonomi – korleis skal så dette rike landet, med 21.000 milliardar kroner på bok, kome seg ut av det kommunale uføret? «Pengar åleine løyser ingenting», seier somme. Dei viser til at det først og fremst er kvalifiserte tilsette kommunane manglar. Og det er i og for seg rett. Men også dette har med pengar å gjere. Om landet vårt ikkje skal bli langt meir inhumant og klassedelt i tiåra som kjem, må vi flytte svært mange hender over frå privat sektor til offentleg sektor. Og det beste verkemiddelet for ei slik forflytting av kjøpekraft og arbeidskraft? Det heiter skatt.
Å auke skattane monaleg er truleg det einaste tiltaket som faktisk kan løyse kommunekrisa. Men dette støyter mot ein djup angst i Arbeidarpartiet, som er livredd for å miste veljarar til høgresida. Stoltenberg og Støre har lova oss at det samla skatte- og avgiftstrykket ikkje skal auke, og truverdet deira er tynnslite nok som det er. Den lovnaden må dei truleg halde i denne stortingsperioden. Dermed får den underliggande krisa i offentleg sektor ligge og verke i fred. I mellomtida blir det opp til partia på Stortinget å presse fram nokre ekstra milliardar til kommunane kvart år. Vi får håpe det blir nok til plaster på liggesåra.