Den historiske einskapen mellom russarar og ukrainarar
Eg er sikker på at verkeleg suverenitet for Ukraina berre er mogleg i partnarskap med Russland, skriv Vladimir Putin i denne artikkelen, som vart lagd ut på Kremls nettsider 12. juli 2021.
Vladimir Putin.
Foto: Alexeij Nikolskij / Sputnik / Kreml / AP / NTB
Under det nyss sende Direkte line-programmet, da eg vart spurd om russisk-ukrainske forhold, sa eg at russarar og ukrainarar var eitt folk – éin einaste heilskap. Desse orda kom ikkje som resultat av kortsiktige omsyn eller dagens politiske kontekst.
Først av alt vil eg gjerne streke under at den muren som har vakse fram i seinare år mellom Russland og Ukraina, mellom delane av det som eigentleg er det same historiske og åndelege rommet, står for meg som vår største felles ulykke og tragedie. Dette er først og fremst følgjene av eigne feil som vi har gjort i ulike tidsperiodar. Men dei er òg resultatet av medvitne tiltak av dei kreftene som alltid har freista underminere einskapen vår.
For betre å kunne forstå notida og sjå inn i framtida må vi vende oss til historia. Russarar, ukrainarar og kviterussarar stammar alle frå det gamle Rus, som var det største riket i Europa. Slaviske og andre stammar frå heile det svære territoriet – frå Ladoga, Novgorod og Pskov til Kiev og Tsjernigov – var bundne saman av eitt språk, som vi no kallar gamalrussisk, av økonomiske band, av styret til fyrstane i Rurik-dynastiet, og – etter kristninga av Rus – av den ortodokse trua.
Trona i Kiev hadde ei dominerande stilling i gamle Rus. Dette hadde vore skikken sidan slutten på det niande hundreåret. Den russiske urkrønika, Nestorkrønika, har for ettertida bevart orda til Oleg Profeten om Kiev: «Lat Kiev vere mor til alle russiske byar.»
Seinare, til liks med andre europeiske land på den tida, opplevde gamle Rus eit forfall i det sentrale styret og oppsplitting. Samstundes oppfatta både adelen og vanlege folk Rus som felles territorium, som heimlandet sitt.
Viktigast er det at folk i den vestlege så vel som den austlege delen av russiske landområde snakka det same språket. Og trua deira var ortodoks.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.