Den grøne bobla
Når alle vil verta grøne og klimavenlege, er det éi gruppe som tener hemningslaust: dei aller, aller rikaste. Kjell Inge Røkke kan ved hjelp av Manifest analyse le heile vegen til klimabanken.
Statsminister Erna Solberg (H) trykkjer på knappen som i fjor markerte starten på havvindprosjektet Hywind Tampen, der dyre og ulønsame flytande vindturbinar skal elektrifisera Snorre A og B og Gullfaks A, B og C. Prosjektet kostar nesten 5 milliardar kroner. I praksis tek staten så godt som heile rekninga gjennom skatte- og utbytesystemet for oljenæringa og gjennom direkte subsidiar.
Foto: Jan Kåre Ness / NTB
Bakgrunn
«Grøne» selskap har vorte ni gonger så mykje verde i Norden dei siste fire åra.
EU har innført ein taksonomi som skal gje klimavenleg selskap billigare finansiering.
Ni av ti kroner investerte i aksjefond i fjor gjekk til «snille» selskap.

Aksjeboble
jon@dagogtid.no
Om du spør ein samfunnsøkonom om korleis ein bør få ned klimautsleppa, kjem han til å svara noko slikt:
– Det ein vil ha meir av, skattlegg ein lågt. Det ein vil ha mindre av, skattlegg ein høgt. Difor er mjølk billig og sprit dyrt. For å få ned utsleppa av klimagassar, bør vi leggja høge avgifter på CO2 og andre gassar som gjev eit tilskot til global oppvarming.
– Kva med reguleringar og subsidiar? Bør ikkje selskap som lagar noko som får ned klimautsleppa, få tilskot og billig kapital?
– Det går sjeldan bra. Vi veit ikkje på førehand kva som er lurt og ikkje lurt for selskap å halda på med. Dessutan er det alltid nokre luringar der ute som nyttar billig kapital og subsidiar til å kara til seg mest mogleg på kostnad av fellesskapen. Det er som regel dei som er rikast frå før, dei som har mest pengar til å driva med lobbyisme.
Ja, dette er ein hypotetisk samtale, men gå ut og spør din næraste samfunnsøkonom. Han kjem til å svara slik. Sparebank 1 har tilsett ein fyr som heiter Peter Hermanrud. Han er eit flogvit og ein av dei beste aksjeanalytikarane vi har her til lands. Han har laga noko vi kan kalla ein dygdsindeks for Skandinavia. Det er ein indeks der dei som kjøper, kjenner seg særmerkt gode. Pengane som går inn i den indeksen, luktar ikkje, dette er kapitalisme med eit venleg andlet. Hermanrud har så samanlikna denne indeksen, som han kallar Nordic Virtue Index med andre aksjebobler i soga. Grafen ligg ute på Twitter og er pynta litt på av Holberg-fonda. De ser grafen på denne sida. Han dekkjer åra frå 1960 til 2021.
Disney
Den fyrste kurva vi ser, er verdistiginga til Disney. Som vi ser, vart selskapet 16 gonger så mykje verdt mellom 1963 og 1972. Særleg mykje steig selskapet etter at Walt Disney døydde i 1966. Marknaden likte ikkje Walt Disney. Han brydde seg for lite om profitt og tok visstnok for stor risiko gjennom desse dyre teiknefilmane. Så synte det seg at etterfylgjarane laga dårlegare teiknefilmar enn Disney hadde gjort. Det heile kollapsa.
Den neste kurva vi ser, er gull, som vart meir enn ti gonger så mykje verdt etter at Richard Nixon tok dollaren av gullstandaren. Marknaden vedda på at det ikkje var mogleg over tid å ha flytande verdsvaluta. Marknaden tok feil. Gull gjekk ned, og verdas valutamarknad flyt den dag i dag. Deretter kjem japanske bankar, som vart verdas største. Fattige afrikanske land hadde ambassadar i Tokyo som var meir verde enn BNP i heimlanda. Det gjekk ikkje så godt. Japanske bankar har vore i ei elendig forfatning i 30 år no.
Det neste vi ser, er dotcom-bylgja. Dotcom og forsvann. Selskap som aldri hadde laga noko som helst, gjekk gjennom taket. Alt med tek og com i seg steig 16 gonger. Billionar av kroner forsvann. Så fann kinesarane ut at dei trong jarnmalm. Ja, det hadde dei trong til, men ikkje så mykje. FAANG står for Facebook, Amazon, Apple, Netflix og Alphabet (før kjend som Google). Den bobla er ikkje heilt over enno, men vi kan trygt rekna med at nedturen kjem, og at han vert stor.
Subsidiesirkus
Så er vi framme ved der denne saka byrja, i eit subsidie- og kapitalsirkus som er nær unikt i moderne tid. ESG står for Environmental, Social and Governance, det er ein reiskap som investorar nyttar når dei vil identifisera snille selskap. Ni av ti nye kroner som nordmenn sparte i fjor i aksjefond, gjekk inn i selskap som gjer det godt på ESG-indeksen. Særleg populære selskap er dei såkalla grøne selskapa.
Hermanrud har sett på dei selskapa som skårar best på ein faktor som heiter «aktivt å gjera godt». Mest godt gjer dei selskapa som seier dei vil berga verda gjennom reduserte klimautslepp. Dei er i Norden no i februar verde meir enn ni gonger så mykje som dei var i februar 2017.
Eit slikt selskap er danske Ørstedt, som før heitte Dong og endå før det Dansk Naturgas AS. Det var Danmarks svar på Statoil. Selskapet vart oppretta i 1972 av den danske staten for å forvalta oljen og gassen som vart funnen på dansk sokkel. Det vart Danmarks største selskap. Så bytte dei namn til Dong, og deretter selde den førre sosialdemokratiske regjeringa selskapet til Goldman Sachs. Ørsted har selt seg heilt ut av fossile kjelder og satsar no på vind og biomasse. Dei brenn ved i staden for olje, kol og gass. Ved slepper ut meir CO2 enn fossile kjelder, men ved tel ikkje med i klimarekneskapen. Selskapet tener mykje mindre enn før, men marknaden liker grøne aksjar. Etter å ha tent mykje pengar har Goldman Sachs selt seg ut av Ørsted. Marknaden liker også norske Tomra. Dei har laga panteautomatar. Panteautomatar er den nye oljen. Der har aksjen gått frå 10 til 40 kroner på fire år.
Røkke
Ein som har vore lur her, er Kjell Inge Røkke. Han har skilt ut den klimavenlege biten av Aker i eige selskap, Aker Horizons, som vart børsnotert den 1. februar. I skrivande stund har selskapet gått opp med 25 prosent sidan noteringa. Røkke har òg vore med på å få staten til å finansiera lagringa av halvparten av CO2-en til Norcem. Det er Aker som skal skilja ut CO2-en før han vert lagra på sokkelen.
Langskip, som satsinga heiter, kostar staten 17 milliardar kroner, og det utan at staten krev ein einaste aksje. Den dagen regjeringa offentleggjorde statsstøtta, gjekk Aker Carbon Capture opp med 11 prosent. At staten tapte 14 milliardar på lagringsfreistnaden ved Mongstad, var gløymt.
Men Røkke gjev seg ikkje der. Klima har skapt nye sengekameratar. Den venstreorienterte tenkjetanken Manifest har fått støtte frå Aker Solutions, som ynskjer meir havvind. Røkke er òg storeigar i Aker BP, som ekspanderer på den norske sokkelen og produserer stadig meir olje. Sokkelen og Aker BP skal elektrifiserast. Over 90 prosent av elektrifiseringa vert dekt av norske skattebetalarar gjennom skattesetelen. Sokkelen er, som vi veit, ikkje ein del av handlingsregelen. Difor kan regjeringa nytta så mykje pengar der ute som ho vil. Oljeselskapa vil ha havvind til elektrifisering.
To typar havvind
Det finst to typar havvind, ein som står fast på havbotnen i grunne farvatn. Den typen vind har etter kvart vorte nokså billig å føra opp. Men Noreg har få område som eignar seg for fast havvind og lite nær norske oljeplattformer. Den andre typen havvind er flytande. Han er dyr og ulønsam. Eit døme er Hywind Tampen, som skal elektrifisera Snorre A og B og Gullfaks A, B og C. Prosjektet kostar nesten 5 milliardar kroner.
Staten via Enova går inn med 2,3 milliardar, og i tillegg går NOX-fondet inn med 566 millionar. NOX-fondet er statlege avgifter som næringslivet sjølv får styra. I praksis tek staten så godt som heile rekninga gjennom skatte- og utbytesystemet for oljenæringa og gjennom direkte subsidiar.
Staten tek i dag 78 prosent av overskotet på sokkelen i skatt. I tillegg kjem utbyte frå Equinor. Men mest pengar gjev Petoro som er statens oljeselskap og kontrollerer ein tredjedel av oljen og gassen på sokkelen. Alle inntektene til Petoro går rett inn i Oljefondet. I praksis går nesten alt av pengar frå olje og gass rett inn statskassa. I dag betaler oljeselskapa store avgifter på CO2-utslepp, og i tillegg må dei betala for klimakvotar. Norsk olje og gass betaler langt høgre klimaavgifter enn alle andre næringar i verda. I praksis legg staten desse avgiftene på seg sjølv, sidan avgiftene reduserer overskota som staten i alle høve hadde fått det meste av.
Olje er lik havvind
Manifest har no i eit notat kome med eit framlegg om at det skal koma ei direkte produksjonsavgift på alle fat med oljeekvivalentar. I utgangspunktet er det ikkje mykje annleis enn ei CO2-avgift, men Manifest har ein ny vri. Dei vil nytta denne produksjonsavgifta direkte til flytande havvind. Dimed vert pengane sirkulerte ute på sokkelen og går utanom handlingsregelen, og dimed treng ikkje Stortinget løyva pengar via statsbudsjettet og Enova. I staden kan slike som Aker og Røkke få pengar direkte frå oljeselskapa.
At ei slik avgift vil redusera inntektene til staten, er visst berre positivt, om vi skal tru Jon Algers i Manifest. Då unngår vi at det vert nytta for mykje pengar på land: «Hvis man bare pumper penger inn i ny, grønn industri er det en risiko for at økonomien overopphetes», seier han til E24.
Men er ikkje alle desse subsidiane som gjer at dygdsindeksen stig og stig og gjer aksjeeigarar rikare og rikare, ulovlege? Jau, i utgangspunktet. EU har eit strengt regime der. Men EU har laga eit unnatak for alt dei meiner er klimavenleg. ESA kunne difor seia ja til at staten gjekk inn med nesten tre milliardar i Hywind Tampen. Etter skattereduksjonen betaler oljeselskapa 0,15 milliardar av den samla investeringa på fem milliardar kroner. Faktisk er EU ei av hovudårsakene til at dygdsindeksen stig så sterkt. EU har ikkje eit stort budsjett, og dessutan er økonomien i stort sett alle medlemslanda tyngd ned av offentleg gjeld. Etter covid-19 har situasjonen forverra seg dramatisk. Det EU og dei ulike medlemslanda ikkje har råd til å finansiera, vil dei ha kapitalmarknaden til å betala for.
EU har laga noko dei kallar ein taksonomi, som vart innført i fjor sumar, og som gradvis vert fasa meir inn i år. Taksonomien er eit system som pålegg ei rekkje aktørar å rapportera inn om kva dei produserer og korleis, slik at investorar kan vita kor grønt det dei kjøper, er. Men kanskje viktigast: Bankane og obligasjonsmarknaden skal med dette gje billigare lån og meir kapital til klimavenleg produksjon enn annan produksjon.
Sagt i klartekst: Aksje- og rentemarknaden skal gje billig og vid finansiering til dei som driv med slikt som havvind, og dyr og avgrensa finansiering til dei som driv med olje- og gassproduksjon. «For å nå EUs klima- og energimål for 2030 (…) er det heilt avgjerande å leia investeringar mot berekraftige prosjekt og aktivitetar», skriv EU-kommisjonen. Og måla er smale, i det minste framlegga til dei. Den konkrete utforminga av regelverket skal stå klar i slutten av året. I framlegget til EU-kommisjonen er vasskraft ikkje rubrisert som berekraftig.
Macron
Denne enorme veksten i dygdsindeksen er mykje eit svar på EUs taksonomi. Når investorane veit at grøne selskap skal få meir og billigare kapital, går aksjekursen opp. I tillegg veit dei same investorane at skal Noreg og EU nå måla om å få bort 55 prosent av klimagassutsleppa innan 2030, vil det på vegen måtte koma store subsidiar.
Det er få om nokon som trur at politikarane har mage til å setja opp avgiftene på fossile kjelder så mykje at det verkeleg monar. Då Macron prøvde å auka drivstoffavgiftene i Frankrike, kom det til kraftige protestar. Sp og Frp her heime er garantistar for at framlegget til regjeringa om sterkt auka diesel- og bensinavgifter ikkje går gjennom.
Men er det sunt at Røkke og andre kapitalistar får så mykje pengar? Så langt ser det ikkje ut til at aksjemarknaden tenkjer i slike baner. Stort sett heile det kapitalistiske systemet i Vesten er retta inn mot å investera i det grøne. Nesten alle i privat sektor i Noreg har no innskotspensjon. Det er nær umogleg å investera i «synd» gjennom pensjonspengane.
Ja, Hermanrud har laga ein dygdsindeks som er verd 904 prosent av det han var verd i februar 2017. Men han har òg laga ein nordisk syndindeks, som inneheld kol, alkohol, gambling og tobakk. Han står no i 134 prosent. Om vi ser på den amerikanske energiindeksen, som inneheld slikt som olje, kol, atomkraft og liknande, står han no på 68 prosent av det han gjorde for fire år sidan.
Black Rock
Dette er ikkje uventa. Verdas største kapitalforvaltar er amerikanske Black Rock. I januar hadde dei 8,7 billionar dollar under forvalting. Black Rock har vedteke at dei ikkje lenger skal investera i kol, og snart står nok andre fossile kjelder for tur. Det same har nesten alle dei store amerikanske pensjonsfonda vedteke, og altså ei rekkje europeiske. EUs taksonomi gjer at alle fond må leggja fram ein indeks som viser kor grøne dei er. Og det fungerer. Nordmenn investerte massivt i aksjefond i fjor. Ni av ti kroner gjekk som nemnt inn i ESG-investeringar.
Kan dette vare? Nei. Ingen veit kor lenge den grøne bobla kjem til å stiga. Men det seier seg sjølv at når bankar via EU nærast vert tvinga til å stilla opp med billige pengar til alt som vert oppfatta som klimavenleg, trugar det den finansielle stabiliteten. For svært mange av dei selskapa som det vert investert i, tener framleis ikkje pengar, og mange av dei kjem til å gå under i framtida. Nei, Aker kjem neppe til å tapa pengar på Langskip, men ein eller annan gong må Aker få til teknologien på eiga hand. Statoil måtte til slutt leggja ned satsinga på Mongstad, i prosessen tapte dei fleire milliardar.
Jau, EUs taksonomi har gjort det svært lønsamt å investera i grøne ting. Denne utviklinga har vorte forsterka av alle pengane som har vorte trekte ut av fossile kjelder. Ut av dotcom-bylgja kom det nokre fantastiske selskap, og på vegen vart mange rike menneske endå mykje rikare. Men den dagen Apple og dei andre store selskapa vi kjenner i dag, stod att som vinnarar, hadde dei aller fleste av pengane som vart investerte i dotcom-selskap, forsvunne.
Dei japanske bankane var verdas største i 1990. Dei er i dag lite verde og framleis fylte av rotne lån. Japan har aldri heilt kome seg etter bankkrisa, og den japanske staten er verdas mest forgjelda. Men Røkke kjem nok til å klara seg. Han er i alle høve tungt inne i olje òg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det EU og dei ulike medlemslanda ikkje har råd til å finansiera, vil dei ha kapitalmarknaden til å betala for.
Fleire artiklar
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.
«Moren» utanfor Munchmuseet.
Foto: Heiko Junge / NTB
«Kva slags motiv hadde Emin for å støype ein salbar skulptur i bronse i tre utgåver under konkurransen?»
Hans Rotmo var ein flåkjefta rabulist og provokatør, skriv Audun Skjervøy.
Hans Rotmo (1948–2024)
«Det er eit før og eit etter Vømmøl Spellmannslag.»