Den gode

Plast og bos har vorte eit svært problem, kan ein få inntrykk av. Men plast er i hovudsak noko positivt her i Noreg.

Kva vil skje om Stortinget og nordmenn generelt nyttar mindre plast? Då må Klemetsrud i Oslo og andre fjernvarmeanlegg erstatta den manglande plasten med noko. Og dette noko er olje.
Kva vil skje om Stortinget og nordmenn generelt nyttar mindre plast? Då må Klemetsrud i Oslo og andre fjernvarmeanlegg erstatta den manglande plasten med noko. Og dette noko er olje.
Publisert

Ein del av oss som voks opp i 1970-åra, har hatt ting å undra seg over i det siste. Når var det plast vart eit så stort problem? Seinast denne veka heldt Audun Lysbakken ein stor pressekonferanse, der fortalde han at «plastprodusentane må haldast ansvarlege for det dei gjer». Men Lysbakken er på ingen måte åleine, stort sett alle som kan krabbe og gå i Høgre, til dømes, har vore rundt på strender og elvekantar for å rydda plast. Den som likevel har snakka mest om plast, er Stefan Heggelund. Han har nytta mykje av vårsesjonen på å krangla med Miljøpartiet Dei Grøne om kven som vil gjera mest for å få bort plast frå stortingskantina. Plast har vorte hovudfienden til Høgre.

Og ja, plast i havet er eit problem, det er det ingen tvil om. Men eit generelt åtak på plast i butikkar, på kafear og i arbeidslivet er ikkje ein god idé. Så underleg det enn kan høyrast ut, er ikkje plast i stortingskantina ei ulempe. Stort sett alt av plast i Noreg har ein nyttefunksjon. Fyrst som isolasjon, så som energi. Plast har ein verdi, og verdiar er vi svært gode til å nytta i Noreg.

Dei som hugsar 1970-talet, hugsar òg kor vonlaust mykje bos det var overalt i naturen. Det var bilvrak, boksar og plast overalt. Men så tok politikarane grep. Dei byrja å samla inn det meste av boset. Tok du ein biltur i 1970-åra, såg du søppel etter alle vegkantar, no er så godt som alt borte. Men kvifor snakkar vi no så mykje om plast og bos? Jau, mellom anna av di bos er laga av noko, plast er til dømes laga av olje, og oljebruk genererer CO2-utslepp. Men kor store mengder CO2 snakkar vi om? Det har Statistisk sentralbyrå (SSB) rekna ut. Bos i seg sjølv genererer 1 – éin – prosent av dei samla norske utsleppa av skadelege gifter og klimagassar. Tak til dømes papir: Alt det papiret norske hushald nyttar i dag – aviser, skrivarpapir, bøker – utgjer berre 0,1 prosent av dei totale CO2-utsleppa til norske hushald. Dette skreiv elles underskrivne om i 2011, og dei som har godt minne, kan altså ignorera denne teksta.

Ikkje samla oversyn

Ingen i Noreg har eit samla oversyn over kor mykje vi nyttar på resirkulering, på sorteringsmaskiner, på å byggja metangassgeneratorar, på å frakta søppel til Europa og Kina – men vi kan trygt gå ut frå at det er mange milliardar. Om vi i ei perfekt verd fekk resirkulert alt som var mogeleg å resirkulera, altså nytta avfallet til å laga nye ting, omdana mat og organisk materiale til gjødsel og metangass, ja, så ville dei samla CO2-utsleppa truleg berre gå ned med nokre få promille. Det er elles ikkje mogeleg å resirkulera alt.

Hovudprinsippet bak all regulering og skattlegging er at ulike tiltak og ulike typar skatte- og avgiftspålegg bør gjennomførast slik at dei skader den samla økonomien minst mogeleg. For miljøpolitikken tyder det til dømes at forbruk bør skattast høgt og arbeid lågt. Reguleringstiltak bør fyrst setjast inn der dei kostar minst og har størst positiv effekt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement