Den gamle mannen og økonomien

Joe Biden har gått ut på dato, men etter dei fleste målestokkar har den økonomiske politikken hans vore ein suksess.

President Biden på besøk hos vindkraft- selskapet CS Wind i Colorado 29. november i fjor. Fornybar energi har vore eit viktig satsingsfelt i industripolitikken til Biden.
President Biden på besøk hos vindkraft- selskapet CS Wind i Colorado 29. november i fjor. Fornybar energi har vore eit viktig satsingsfelt i industripolitikken til Biden.
Publisert

I sommar har dekninga av president Biden handla om alder, helse og kognitiv svekking, og dei politiske resultata har kome i skuggen. Men om vi ser på økonomi i staden for geriatri, har Biden-epoken på mange måtar vore svært vellukka. Veksten i USA har vore langt sterkare enn i Europa. Arbeidsløysa har vore den lågaste på 50 år, og lågtlønte i USA har hatt den beste lønsutviklinga på mange tiår.

For dette har den sittande presidenten fått fint lite utteljing i opinionen: Eit klart fleirtal av amerikanarane seier at dei mistrur den økonomiske politikken til Biden. Korleis kan det ha seg?

Ein triumf

Ei gjengs oppfatning er at økonomien er det som tel for veljarar flest, ofte oppsummert med slagordet «It’s the economy, stupid». Uttrykket stammar frå Jim Carville, som var valkampstrateg for Bill Clinton i 1992. Sjølv om president Bush hadde vore svært populær rett etter sigeren i Golfkrigen året før, tapte han likevel valet fordi amerikansk økonomi gjekk dårleg.

Men kvifor har Biden vorte så upopulær når han kan vise til gode resultat på ei rekke felt sidan han vart innsett som president i januar 2021? Utviklinga til amerikanske økonomi dei siste åra har vore «ein triumf», skreiv kommentator Martin Wolf i Financial Times i mai. BNP i USA ligg an til meir enn 8 prosent auke frå 2019 til 2024, ifølge Det internasjonale pengefondet. Det er den sterkaste veksten av alle rike land i denne perioden. I Japan har veksten vore under 4 prosent, og i Storbritannia har BNP krympa med 0,2 prosent i same periode.

Rekordlågt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement