Delar av folket i arbeid
Stadig fleire arbeider i grannelanda våre, stadig færre her heime. No prøver Steinar Holden å gjera noko med det.
Gruppa nordmenn mellom 20 og 29 som korkje er i utdanning eller i arbeid, har auka med 10 prosentpoeng frå 2008 til 2017.
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Når staten meiner alvor, hentar han økonomiprofessor Steinar Holden til å laga ein NOU. No har Holden laga det som må vera av dei mest empiritunge og omfemnande av Noregs offentlege utgreiingar nokon gong, NOU 2019:7 Arbeid og inntektssikring. I EØS var det før berre islendingane som hadde høgare arbeidsdeltaking enn vi nordmenn. Men den tida er for lengst over. For menn mellom 25 og 54 år ligg arbeidsdeltakinga 4 prosentpoeng lægre enn i Sverige og Tyskland, ja, faktisk lægre enn i gjennomsnittet for EU. Kvinnene på si side har 4 prosentpoeng lægre deltaking enn i Sverige. Heile 17 prosent av folkesetnaden mellom 18 og 66 år får ei helserelatert yting frå staten. 20 prosent av dei i arbeidsfør alder får til kvar tid inntektssikring frå staten. Ingen andre er i nærleiken av å vera så sjuke og uføre som nordmenn.
Grunnane til at stadig færre arbeider, er fleire: høgare gjennomsnittsalder mellom dei som er i arbeidsfør alder, ein auke i helseproblem mellom unge – og innvandring. Innvandrarane har så langt drege ned den helserelaterte delen, sidan dei er så unge og er på andre typar stønader, men sidan dei er mykje meir helsetrygda enn nordmenn i si aldersgruppe, kjem prosentdelen på helserelaterte ytingar til å stiga framover. Meir positivt er det at eldre nordmenn etter pensjonsreforma har auka sin arbeidsinnsats, og den innsatsen aukar i takt med auka utdanning. «Den samlede bruken av arbeidsavklaringspenger og uføretrygd har falt betydelig for den eldste aldersgruppen, mens den har steget kraftig for yngre aldersgrupper.»
Innvandring
Det har vore skrive mykje i desse spaltene før om konsekvensane av innvandring, men her er ein kort repetisjon på basis av det Holden og kompani skriv. Noreg har auka folketalet med 18 prosent sidan tusenårsskiftet, noko som er mykje meir enn alle andre vestlege land. Dei aller fleste som har kome, er relativt unge og i arbeidsfør alder. Ein så stor auke i tilbodet av arbeidskraft er det vanskeleg å absorbera. Innvandrarane har i tillegg trengt ut norsk ufaglært arbeidskraft, særleg unge. Gruppa nordmenn mellom 20 og 29 som korkje er i utdanning eller i arbeid, har auka med heile 10 prosentpoeng frå 2008 til 2017. Ein studie «finner at innvandring fra land med betydelig lavere inntekter enn i Norge gir lavere relativ sysselsetting for folk som er vokst opp i familier med lav inntekt, og bidrar dermed også til lavere sosial mobilitet».
Alle innvandringsgrupper har lægre arbeidsdeltaking enn nordmenn i si aldergruppe, men særleg gale er det mellom innvandrarar frå den tredje verda. Og verre skal det altså truleg verta: Fleire studiar «finner at sysselsettingsandelen fra lavinntektsland generelt (…) øker de første årene etter ankomst til Norge for så å falle fem til ti år etter ankomst. Det kan påvirke sysselsettingsandelen negativt i årene framover».
Reformer!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.