Dei unge skottane vil ut
Valet i Skottland endra ikkje den parlamentariske situasjonen, men sidan dei unge er så sterkt for lausriving, går det mot oppløysing av den britiske unionen, trur Kathrine Jebsen Moore.
Nicola Sturgeon kjem til Bute House, den offisielle residensen til Skottlands fyrsteminister, etter å ha vunne endå eit val.
Foto: Russell Cheyne / Reuters / NTB
Det har vore val i Skottland. Det skotske nasjonalistpartiet (SNP) fekk ikkje reint fleirtal, men nesten. Dei som vil lausriva seg, har no like mange sete som dei fekk i 2011, før den førre folkerøystinga om lausriving, nemleg 74. Toryane fekk like mange sete som ved valet i 2016, 31. Likevel meiner mange at det snart kjem ei ny folkerøysting om lausriving, ei folkerøysting som statsminister Boris Johnson i London seier han ikkje vil gjeva skottane.
Kathrine Jebsen Moore har arbeidd for økonominettstaden Bloomberg, men er no frilansar. Ho bur i Edinburgh.
– Var valet ein siger for SNP og fyrsteminister Nicola Sturgeon?
– Nei, det vil eg nok ikkje seia. Ja, vi som bur her, visste at det kom til å gå godt for SNP; dei står veldig sterkt. Men dei vona på reint fleirtal. Dimed fekk dei ikkje eit klart og tydeleg signal om å gå vidare og presse på for sjølvstende. Når det er sagt, ber korkje partiet eller Sturgeon preg av dei ikkje fekk reint fleirtal. Dei er like tydelege som før på at dei vil ha folkerøysting.
– Men når den parlamentariske situasjonen er som før, kvifor skal dei då få ei ny folkerøysting?
– Dei har støtte frå dei grøne, som fylgjer SNP i tjukt og tynt, så det er fleirtal i det skotske parlamentet for lausriving, men det har det vore før òg, så på det viset er det ikkje noko nytt. Ved den førre folkerøystinga var då også SNP heilt klar på at slike folkerøystingar berre skulle kunne skje «ein gong per generasjon». Dessutan har meiningsmålingane byrja å endra seg. Det klare fleirtalet for å gå ut ser ut til å vera borte. Eg såg nett ein større reportasje på BBC der folk vart intervjua i områda der SNP står sterkt. Veljarane der gav uttrykk for at lausriving ikkje var det viktige no. Innsatsen burde heller rettast mot å få økonomien på fote att etter covid-19. Men SNP vil ha ei folkerøysting, og slik saka ser ut no, kan dei heile enda i den høgste domstolen her borte. Prosessen fram mot ei eventuell avgjerd vert nok ikkje pen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.