Dei som vart rike på barnehagar
Ja, det finst superprofitt innanfor barnehagesektoren, og den vil Velferdstenesteutvalet ha bort. Barnehagereforma har vore ein stor suksess, men det gjekk nok for fort i svingane då ho vart vedteken.
Det meste byrja, som Hagen-utvalet skriv, med «barnehageforliket i Stortinget i 2003», som gjorde det «nødvendig å bygge ut kapasiteten i sektoren raskt».
Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Lytt til artikkelen:
Debatten om profitt i velferd er ofte vanskeleg å forstå. Få parti krev til dømes at fastlækjarar, som stort sett er private, ikkje skal tena gode pengar. Det mest grunnleggjande velferdsbehovet vi har, mat og varme hus, er i dag nesten 100 prosent privat. Det same er apoteka. Kva som er kommersiell velferd og ikkje, er altså vanskeleg å definera. Men no har det offentlege Velferdstenesteutvalet, under leiing av Kåre Hagen, kome med ei offentleg utgreiing (NOU) med tittelen Private aktører i velferdsstaten. I hovudsak har dei sett på område der private aktørar leverer omsorg, oppseding og undervising og får det meste betalt via offentlege budsjett. Hagen-utvalet, som vi heretter kallar utvalet, har arbeidd i to år og levert nesten 600 sider til Næringsdepartementet.
Utvalet skulle sjå på om det fanst såkalla «superprofitt», altså uvanleg høg profitt hjå ulike aktørar som leverer tenester til det offentlege. Svaret er at nokre aktørar tener lite eller ingenting, andre tener særs mykje, og det gjer dei delvis av di pengar frå det offentlege er garanterte. Har du fyrst fått ein langsiktig kontrakt, er nesten all risiko borte.
Men som vi veit: Det er risiko som driv kapitalismen, og risikoen kjem av di inntektsstraumen i ein velfungerande marknad varierer i nær ekstrem grad. Det er faren for konkurs som driv innovasjon og pressar prisar ned. Slik er det ikkje hjå dei som har langsiktige kontraktar med det offentlege. Dei veit at pengane kjem, år etter år. Det er noko anna å satsa på oljeutvinning, der prisen på eit fat olje kan varierer frå 10 dollar til over 100 dollar i løpet av berre nokre få år, versus det å ha ein langsiktig kontrakt med ein kommune over mange år.
Eit rikt par
Det er barnehagesektoren vi skal sjå nærare på her, ein sektor som utvalet kjem til har høg profitt, i det minste hjå dei som driv stort. Eitt døme av fleire er det tidlegare ekteparet Eli Sævareid og Sigurd Aase, som driv konsernet Trygge Barnehager AS. Opplysningane som her kjem fram, er delvis kjende via oppslag i Aftenposten, Dagens Næringsliv og andre medium. Men vi har sett på dei siste tilgjengeleg tala. Sævareid er i dag den som er mest involvert i drifta. Ho er dagleg leiar, styreleiar i barnehagekonsernet og einestyre i sjølve barnehagane. For styrearbeidet fekk ho 7,5 millionar i 2017.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.