Dei som varmar verda

Norsk oljepolitikk spelar lita rolle. Framtida til klimaet blir avgjord andre stader på kloten.

Kinesiske arbeidarar strevar med å mata stadig fleire kolkraftverk.
Kinesiske arbeidarar strevar med å mata stadig fleire kolkraftverk.
Publisert

I det dette vert skrive, tikkar det inn ei melding frå It’s learning, som mange norske skular nyttar når dei sender ut meldingar, ikkje på engelsk, men på norsk, til føresette. Meldinga denne gongen fortel at elevane i Asker kommune har planlagt streik den 22. mars. Det er i og for seg ikkje noko nytt, skuleelevar over heile Skandinavia har streika fleire fredagar på rad. Streiken er ikkje mot ein hard skulekvardag eller for betre stipend, streiken er mot klimaendringar, dei menneskeskapte, og streiken vert gjennomførd av ei gruppe som kanskje noko paradoksalt høyrer til den grupperinga i verdssoga som reiser på flest utanlandsreiser med fly.

I denne streiken har borna våre stor støtte. Førre veke skreiv til dømes 25 kulturpersonar og akademikarar eit større opprop mot klimaendringar i Aftenposten: «Vi nekter å la fremtidige generasjoner arve en døende planet fordi vi unnlot å handle nå.» Mellom dei som skreiv, var Karl Ove Knausgård, Ingvar Ambjørnsen, men òg nokre professorar. «I dag streiker skoleelever (…) De ber de voksne ta ansvar. Vi kan ikke la dem kjempe alene.» Desse 25 hevda at politikarane hadde sagt opp samfunnskontrakten. «Det er ikke bare vår rett, men vår plikt å gjøre opprør.» Korleis dette opprøret skulle manifestere seg, vart ikkje skildra utover at Noreg måtte halda opp med olje- og gassproduksjon.

Vi er så få her til lands

Så kor stor del av verdas klimautslepp frå fossile kjelder står Noreg for? Den oversikta har BP, som kvart år gjev ut statistikk over verdas energibruk og utslepp. Noreg står for 1,1 promille, ein tusendel av verdas utslepp frå fossile kjelder. Delen er raskt fallande, Noreg, saman med heile OECD, utgjer ein stadig minkande del, både relativt og absolutt av verdas globale utslepp. Om Noreg hadde fått høve til å taka med skog i klimarekneskapen slik landa rundt ekvator og til dømes Kina får gjera, ville utsleppa våre vorte halverte og kome ned mot ein halv promille. Vi er for få her til lands til å visa att.

Men både borna og dei 25 viser til at Noreg eksporterer olje og gass. Ja, dei 25 skriv at Noreg er verdas sjuande største eksportør av CO2-utslepp. Dei forklarer ikkje korleis dei har kome fram til dette, men påstanden må basera seg på eit reknestykke som ikkje tek med eksport av produkt laga ved hjelp av kol eller andre innanlands utslepp som vert nytta til å laga eksportvarer.

Kina med sine snart 1,4 milliardar innbyggjarar går anten i år eller dei komande to åra forbi Noreg i utslepp per innbyggjar. Mykje av grunnen til at Kina har så høge utslepp, er eksport. Kommunistpartiet ynskjer store eksportoverskot, som igjen fører til høgt forbruk av fossile kjelder heime. Denne artikkelen vert til dømes skriven på ein PC som er laga i Kina, etter det meste å døma på ein fabrikk som vert driven av kolkraft. Kina har forplikta seg til å gjennomføra Parisavtalen. Det er kan henda naturleg sidan avtalen knapt har nye krav til Kina. Men likevel er det per dags dato ikkje mykje som tyder på Kina vil halda seg til avtalen i røynda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement