Dei som ropar ulv
Kan inflasjonshaukane få rett denne gongen?
Gjennom fire tiår med låg inflasjon har det vore økonomar som spådde at den ville prisveksten frå gamle dagar var like rundt hjørnet. Men sjølv om inflasjonshaukane har teke feil i mange år, er det ikkje prov på at det alltid vil vere slik. No åtvarar somme økonomar om at pengeflaumen frå sentralbankane, den rause budsjettpolitikken og den låge renta kan føre til sterk auke i inflasjonen så snart pandemien er over.
Ikkje berre kjem folk til å auke forbruket monaleg, noko som kan presse opp prisane på både tenester og varer. Somme av faktorane som har halde inflasjonen nede, er òg i ferd med å bli svekte, hevdar økonomane Charles Goodhart og Manoj Pradhan i boka The Great Demographic Reversal. Det kjem ikkje noko nytt Kina som fører mange hundre millionar menneske inn i ein global arbeidsmarknad og presser ned løner og prisar. Aldringa i både Kina og Vesten vil dessutan krympe arbeidsstyrken og presse opp lønene. Og den veksande skepsisen til globaliseringa kan føre til meir proteksjonisme og høgare kostnader og prisar, hevdar forfattarane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.