Dei som har mykje, skal framleis få mest

Dei som tener mest, får stadig meir etter at skatten er betalt. Innvandring gjer at det vert fleire relativt fattige i Noreg. Og det skjer uavhengig av kven som sit i regjering.

Finansminister Siv Jensen la førre veke fram stortingsmeldinga «Muligheter for alle. Fordeling og sosial bærekraft» på Løkenåsen skule i Lørenskog.
Finansminister Siv Jensen la førre veke fram stortingsmeldinga «Muligheter for alle. Fordeling og sosial bærekraft» på Løkenåsen skule i Lørenskog.
Publisert

Norsk politikk plar ha to hovudelement med nyansar, avhengig av kven som er opposisjon: Når Høgre før var i opposisjon, pla klaginga frå den kanten å gå på for høge skattar og for høge utgifter, Erna Solberg endra rett nok retorikken litt og klaga i staden over feil bruk av oljepengane. Når Ap er i opposisjon, er kritikken alltid at regjeringa gjev for store skattelettar, og at dette fører til meir ulikskap. Den siste veka har handla om ulikskap og stortingsmelding nr. 13 (2018–2019) Muligheter for alle. Fordeling og sosial bærekraft. Men sidan sist Høgre sat i regjering, har vi fått ein ny aktør, nemleg Frp og Siv Jensen. Ho opna ballet med å seia at det meste av eventuell ny ulikskap handla om innvandring. Ap sa på si side at dette var «stempling» og dessutan feil, for ulikskapen kunne berre forklarast med «usosiale skattelettelser».

Her skal vi prøva å heva oss litt over den partipolitiske debatten og i staden lesa grunnlagsdokumentet, for så langt er vi ikkje komne her til lands at vi ikkje kan lita på tala som byråkratane i Finansdepartementet med hjelp frå Statistisk sentralbyrå legg fram. Og for å seia det slik: Stoda og tala er noko meir nyanserte enn partileiarane vil ha det til.

Noreg framleis best

Det mest gledelege i eit samanliknande perspektiv er at Bjørnar Moxnes, som i si tid hevda at Noreg i eit internasjonalt perspektiv var det beste landet å leva i, etter det meste å døma framleis har rett: Noreg er framleis eit land som er prega av likskap, få fattige og fordeling frå dei som har, til dei som ikkje har. Henry Kissinger sa i si tid at akademia er prega av så store konfliktar av di så lite står på spel. Han kunne sikkert ha sagt det same om norske partileiarar.

Men dette er kanskje ei urettvis samanlikning. For mykje står på spel i den forstand at dei fleste er så glade i den norske modellen at dei ikkje vil mista han. Vi treng berre kasta eit blikk over riksgrensa, på den stadig aukande fattigdomen der mellom særleg innvandrarar og eldre, for å sjå kvar vi ikkje vil. Men hjå svenskane er ikkje Noreg enno. Og dit er det ingen norske parti som vil.

Det store internasjonale biletet mellom dei rike landa, også Noreg, er at sidan nyglobaliseringa byrja i 1980-åra, har det vore aukande ulikskap, i sterk kontrast til dei fyrste 30 åra etter krigen. Auka handel, auka utdanning og fri flyt av kapital fører til spesialisering og satsing på det som gjev høgst avkasting i marknaden. Og kompetanse og spesialisering gjer at dei utan kompetanse relativt sett tapar, sjølv om dei får absolutt meir. Dette er ikkje noko nytt under kapitalismen, men i åra etter krigen vart utviklinga hindra og til og med reversert gjennom kredittreguleringar og fastlåsing av kapital i kombinasjon med høge marginalskattar. Men dette er vanskeleg å få til under eit system der både kapitalen, varene og arbeidskrafta flyt fritt. Skattlegg du dronefabrikken i Kongsberg hardt, flyttar eigaren både realkapitalen og dei flinkaste arbeidarane til eit anna land.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement