Dei lange armane frå Kina
NEW HAVEN, USA: Kinesiske studentar møter sensur frå eigne styresmakter.
Nathan Law talar til pressa utanfor ein rettsbygning i Hongkong 16. januar i fjor. Han vart dømd til fengsel i sju månader for å ha hatt ei leiande rolle i paraplyrørsla i 2014.
Foto: Vincent Yu / AP / NTB scanpix
Kina er det perfekte diktaturet. Omfanget av overvaking av einskildpersonar er utan sidestykke. Einsretting av media, kontroll med internett og sensur av personleg kommunikasjon gjev samla eit system av statleg kontroll av eit omfang verda ikkje har sett før. Orwells Storebror i 1984 er ein puslete nisse i samanlikning. Tovegsspeglar og spionar overalt, som Orwell skreiv om, er som små borns leik.
Stadige rapportar om «oppfostrings- og opplæringsleirar» for den uighurske minoriteten i den nordvestlege provinsen av det muslimske Kina avdekkjer brot på folkeretten. Folkeretten set forbod mot å bortføra born frå heimen og gje dei ein annan identitet og eit anna språk, og det er det som skjer no. Det er eit kulturelt folkemord Kina lenge har drive i Tibet.
Nathan Law
Her på Yale har det kome opp ei sak som illustrerer Kinas verdsfemnande sensurpolitikk. Hongkong-studenten Nathan Law skal no ta til med studiar i kinesisk historie ved Graduate School her. I 2014 var han ein av leiarane for «paraplyrørsla» i Hongkong, og i 2016 vart han den yngste medlemen av Hongkongs lovgjevande forsamling, men vart fjerna av kinesiske sentralmakter etter berre ni månader.
No er kampanjen mot han alt i gang. Kinesiske studentar i USA får nyhende frå eit organ som heiter College Daily, som The New Yorker kallar eit «post-sanning»-organ. Der er det no artiklar som skuldar Nathan for å springa vekk frå heimlandet og lata venene i rørsla i stikken.
Nathan vart sett i fengsel i fleire månader og veit kva opposisjon kostar. Han får no dødstrugsmål på internett. Organisasjonen for kinesiske studentar ved Yale har bede medlemene sine «stilna» Nathan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.