JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Dei lange armane frå Kina

NEW HAVEN, USA: Kinesiske studentar møter sensur frå eigne styresmakter.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nathan Law talar til pressa utanfor ein rettsbygning i Hongkong 16. januar i fjor. Han vart dømd til fengsel i sju månader for å ha hatt ei leiande rolle i paraplyrørsla i 2014.

Foto: Vincent Yu / AP / NTB scanpix

3393
20190920
3393
20190920

KOMMENTAR

Kina er det perfekte diktaturet. Omfanget av overvaking av einskildpersonar er utan sidestykke. Einsretting av media, kontroll med internett og sensur av personleg kommunikasjon gjev samla eit system av statleg kontroll av eit omfang verda ikkje har sett før. Orwells Storebror i 1984 er ein puslete nisse i samanlikning. Tovegsspeglar og spionar overalt, som Orwell skreiv om, er som små borns leik.

Stadige rapportar om «oppfostrings- og opplæringsleirar» for den uighurske minoriteten i den nordvestlege provinsen av det muslimske Kina avdekkjer brot på folkeretten. Folkeretten set forbod mot å bortføra born frå heimen og gje dei ein annan identitet og eit anna språk, og det er det som skjer no. Det er eit kulturelt folkemord Kina lenge har drive i Tibet.

Nathan Law

Her på Yale har det kome opp ei sak som illustrerer Kinas verdsfemnande sensurpolitikk. Hongkong-studenten Nathan Law skal no ta til med studiar i kinesisk historie ved Graduate School her. I 2014 var han ein av leiarane for «paraplyrørsla» i Hongkong, og i 2016 vart han den yngste medlemen av Hongkongs lovgjevande forsamling, men vart fjerna av kinesiske sentralmakter etter berre ni månader.

No er kampanjen mot han alt i gang. Kinesiske studentar i USA får nyhende frå eit organ som heiter College Daily, som The New Yorker kallar eit «post-sanning»-organ. Der er det no artiklar som skuldar Nathan for å springa vekk frå heimlandet og lata venene i rørsla i stikken.

Nathan vart sett i fengsel i fleire månader og veit kva opposisjon kostar. Han får no dødstrugsmål på internett. Organisasjonen for kinesiske studentar ved Yale har bede medlemene sine «stilna» Nathan.

Dømet Nathan Law går inn i eit større mønster. Kinesiske pengar vil vestlege universitet gjerne ha, men dei kjem med vilkår. Tidlegare i år rapportere New York Times at ein Yale-professor hadde vore med på å samla inn genetisk materiale frå uighurar, og at dette sidan var beslaglagt av kinesiske styresmakter.

Eit nytt mønster?

Då rektor ved Yale University, Peter Salovey, var på vitjing i Beijing like etter, rekna mange med at han skulle ta dette opp med kinesarane. Men det gjorde han ikkje.

Heile tida gjeld det å balansera omsynet til akademisk fridom mot sensurlina frå diktaturet. Dette har Yale gjort i lang tid: Den fyrste studenten som kom hit, var Yung Wing, minner Yale Times om. Han kom i 1854. Med den nye maktstillinga til Kina vert denne balansegangen endå meir krevjande.

Undertrykking av ytringsfridom skjer ikkje berre i USA. Ved University of Queensland i Australia har kinesiske studentar banka opp studentar frå Hongkong. Det kinesiske konsulatet i Brisbane lovprisa åtaket som «ei patriotisk handling».

Kina er no blitt det fremste dømet på kor feil samfunnsforskarar kan ta: Lenge var det konvensjonell visdom at med høgare levestandard ville det følgje liberalisering av politikk og kultur.

Det er det motsette som har skjedd. Under Xi Jinping er den totalitære skruen dregen hardt til. Han er mannen som no sit som einerådande leiar i Beijing og sender ut fangarmane sine.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og Bjørknes Høyskole og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ved University of Queensland i Australia har kinesiske studentar banka opp studentar frå Hongkong.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis