JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Då vi ikkje var
vikingar likevel

Vikingar var ikkje noko særmerkt for Norden. Overalt i Europa var vikingar synonymt med piratar, og også i Noreg gjorde dei fleste det dei kunne for å kjempa ned vikingplaga. Det meste vi har lært om vikingtida, er mytologi, syner ein dansk forskar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
8599
20170825
8599
20170825

Vikingmytar

jon@dagogtid.no

Vikingar gjennomsyrer norsk og internasjonal popkultur i ei grad vi aldri har sett før. Vi hugsar vel alle sunnmøringen Karsten Warholm som sprang æresrunden i London iført ein vikinghjelm med svære horn. Men som ein del av oss har fått med oss, hadde ikkje vikingane horn på hjelmane. Det var det ein rekvisitør ved Metropolitan-operaen i New York som fann ut at karakterane i ein Wagner-opera skulle ha desse horna. Det stoggar diverre ikkje med operaar og horn. Faktum er at det meste av det vi har lært om vikingane, er feil. Grundig feil.

Det påviser den no pensjonerte danske mellomalderforskaren John H. Lind i ein stor artikkel frå mai i år. Artikkelen stod på trykk i det fagfellevurderte danske tidsskriftet Arkæologisk Forum nr. 36. Han fortel til Dag og Tid at det heile inngår i eit større arbeid:

– Det som står i denne artikkelen, spring ut av eit stort arbeid, populært med tittelen «Vikingerne – Fup og Fidus? Tivoliseringen af dansk historie og forskning». (Fup og Fidus er eit dansk komikarpar, red. merk.) Og meir fagleg: «The invention of the Viking as Scandinavian». Der prøver eg å finne ut om det er mogleg å slå fast kven det var som byrja å oppfatta vikingar som noko eksklusivt skandinavisk, når og kvifor.

Fantasihistorie

Det som har fått Lind til å hissa seg opp, er den danske fjernsynsserien Historien om Danmark, der dei nyttar ordet viking som synonymt med danske. Det meiner Lind ikkje berre er feil, men direkte lygnaktig, sidan det er fagpersonar som står attom serien. Anten er filmskaparane ignorantar, eller så har dei ofra sanninga mot drama, meiner Lind.

Del tre av serien byrjar med at munken Pappa er på veg til å møta «den vidgjetne vikingkongen Harald Blåtann», som teknologien Bluetooth no har gjort kjend. Men i si samtid var han ikkje vidgjeten, og han var heller ingen vikingkonge. Det vesle vi truleg veit om Blåtann, er mellom anna frå eit utsnitt av sagaen om Egil Skallagrimsson, som fortel at Blåtann hyrte inn ein landevernmann for å verja området sitt mot nett vikingar. Straks etter vert Godfred introdusert, av samtidskjeldene vart han kalla normannarkonge, men også han vert brått omtalt som vikingkonge.

Kva med åtaket på Lindisfarne i 793, som vi alle har lært på skulen er starten på vikingtida? Også der har vi eit kjeldeproblem, for det finst ikkje ei einaste kjelde som nemner omgrepet viking i samband med åtaket. Dessutan er det ikkje fyrste gong vi har kjelder på at normannar og skandinavar gjennomfører åtak på dei britiske øyene. Alt i 787 omtaler den angelsaksiske krønika overfall frå normannarar. Ja, det vert til og med skrive at dette var fyrste gongen danskar oppsøkte England.

«Opptrinnet manglar rett nok den dramatikken som gjer overfallet på Lindisfarne så scenisk eigna», skriv Lind lakonisk.

Ja, det går faktisk nesten 100 år før vikingomgrepet vert nytta om danskar i den angelsaksiske krønike. I 885–886 vert Wessex-kongen, Alfred den store, overraska av ein «vikingflåte». Slaget enda med at «danskane fekk sigeren». Men elles er det danskar krønika talar om heile vegen dei 50 åra det tok for danskekongane å få innført Danelagen i 880. Soldatane til danskekongane vart kalla «Den danske hær», «Den heidenske hær, «Den store hær» eller berre «hæren». Grunnen til at krønikene i 886 omtaler dette åtaket som eit åtak av vikingar, var at det var eit piratåtak, og ikkje vart sett på som dansk storpolitikk.

Vikingfaren til
Alexander den store

Ordet viking har etter alt å døma vore nytta i germanske språk i heile tidsrekninga vår, men det dukkar fyrst opp i skriftlege kjelder omkring år 700, i latinsk-angelsaksiske ordbøker. Desse kjeldene omtalar angelsaksiske wicing som motsvaret til det latinske ordet pirata (sjørøvar), korkje meir eller mindre. Heretter vert ordet vikingar omtalt ein rekkje stadar, som til dømes i den angelsaksiske parafrasen over Andre Mosebok, der passasjen gjennom Raudehavet vert gjennomført av «havvikingar».

Det var kong Alfred som tok initiativ til den angelsaksiske krønika. Den same kongen fekk òg laga ein forkorta versjon av verdshistoria til den seinromerske historikaren Paulus Orosius. Orosius skriv stadig vekk om piratar. Og dette ordet vert omsett med viking. Her dukkar også den fyrste omtalte vikingen opp i europeisk historie, nemleg Alexander den stores far, Filip II av Makedonia. Filip hadde ikkje råd til å løna eit mannskap i 339 f.Kr. I staden sa han at dei kunne driva med piratverksemd. Flåten hans vert i den angelsaksiske versjonen kalla vikingflåte. I 123 f.Kr., altså 200 år seinare, kan vi òg lesa om ein romersk konsul som sigrar over ein vikingflåte ved den spanske øygruppa Balearane.

«Vi kan konkludera med», skriv Lind, «at i litterære og kulturelle miljø der utrykket viking for fyrste gong vert nytta om danskar, skjer det ikkje av di dei er skandinavar, men av di dei samsvarte med det som i dei eldre ordlistene vart oppfatta som piratar, nett som kong Filip vart det.»

Heller ikkje Snorre
snakka om vikingtida

Ein liknande tendens ser vi i dei norrøne kjeldene, som alle er frå lenge etter at «vikingtida» er over. Språkbruken er nett som i dei angelsaksiske kjeldene. Det vert snakka om skotske og irske vikingar, vendiske vikingar, estiske vikingar og så vidare. Kjeldene er særs mange. Stakkars Sigurd Jorsalfar måtte til og med på vegen til Det heilage landet slåst med muslimske (mauriske) vikingar, men makta å erobra «åtte av galeiane til vikingane» (Heimskringla 1911, side 534–36.)

Eit viktig tilleggsmoment er at kjeldene syner at overalt der det er snakk om vikingar, var det langt fleire som kjempa mot vikingane enn som var vikingar. Det er eit faktum at også her i Skandinavia var kampen mot vikingane hard. I Heimskringla får til dømes Harald Berrføtt ros for å ha reinska Noreg for fredlause og vikingar.

«Det herskar ingen tvil korkje i det angelsaksiske eller i det skandinaviske språkområdet om at uttrykket viking ikkje hadde noko med det å vera skandinav å gjera. Ordet tydde sjørøvar», skriv Lind.

Konklusjonen

Linds konklusjon om Historien om Danmark er òg ein konklusjon som kan nyttast om mange populære framstillingar i Noreg.

«Framstillinga av ’vikingtida’ er i Historien om Danmark gjennomgåande populistisk, og svarar betre til behova som turistindustrien har enn til metodiske krav i historievitskapen: Danskane var til liks med dei andre skandinavane ikkje vikingar, og dei oppfatta seg ikkje som vikingar, men dei kunne på lik line med ikkje-skandinavar, når dei hadde trong til det, velja vikingvervet og fara på plyndringstokt, som menneske alltid har gjort og stadig gjer», skriv Lind.

Men kvar kjem så Linds interesse for feltet frå?

– Det eigentlege forskingsområdet mitt har fyrst og fremst vore retta mot skandinavisk aktivitet i Aust-Europa, som førte til skipinga av det russiske riket i om lag 900. I den tida nemner ingen vikingar. Dei skandinavane som var involverte der borte, gjekk under namnet rus, som på slutten av 900-talet vart erstatta med væringar.

Så, i 2005, vart Lind beden om vera med i ei bok om vikingar, som diverre ikkje vart noko av.

– Prosjektet førte rett nok til at eg måtte setja meg inn i korleis vikingomgrepet vart oppfatta i samtida, og då fann eg snøgt ut at ordet viking den gongen, korkje det angelsaksiske wicking eller det norrøne viking, hadde noko spesifikt med Skandinavia å gjera, men altså var det dåtidige ordet for sjørøvar, og at det kunne nyttast om kven som helst som oppførte seg såleis, også muslimar.

Sensasjon

– Men funna dine er nokså sensasjonelle, kvifor har ikkje dette vore kjent før?

– Granskingane eg gjorde, burde alle som skriv om dei såkalla «vikingane», ha gjennomført. Alle har i staden berre sitert dei næraste føregjengarane, truleg av di dei trudde at nokon lenger bak i rekkja hadde avklart det grunnleggjande. Men det har ingen gjort sidan tidleg på 1800-talet, då poetiske skjønånder prega av Romantikkens idear, byrja å oppfatta vikingar som skandinavar utan å kjenna det samla kjeldematerialet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Granskingane eg gjorde, burde alle som skriv om

dei såkalla «vikingane», ha gjennomført. Alle har

i staden berre sitert dei næraste føregjengarane.

John H. Lind, dansk mellomalderforskar

Danskane var til liks

med dei andre

skandinavane ikkje

vikingar, og dei

oppfatta seg

ikkje som vikingar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis