JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Covid-19 gjer
skilnad på folk

Visse innvandrargrupper er særs overrepresenterte med koronasmitte, viser ein rapport frå FHI. Kvifor det er slik, seier rapporten lite om.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Søstrene Inika og June Flaa behandlar ein pasient som er innlagd på intensivavdelinga på Rikshospitalet.

Foto: Jil Yngland / NTB

14439
20210423

Bakgrunn

FHI har publisert tal for smitte mellom nordmenn og innvandrarar.

Pakistanarar hadde ni gonger så høg smitte som nordmenn i perioden juni 2020 til mars 2021.

Relativt til nordmenn har pakistanarar hamna 24 gonger så ofte på sjukehus under pandemien.

Korona

jon@dagogtid.no

USA har eit eige direktorat for helsestatistikk. Dei oppdaterer heile tida tala for covid-19-døde. I førre veke kom dei med nye tal for dødsårsak for dei som hadde døydd i 2019 og samstundes hadde koronaviruset i kroppen. Ei setning har tiltrekt seg ein del merksemd: «For vel 5 prosent av dødsfalla var covid-19 den einaste grunnen nemnd i dødsattesten.» Den neste setninga er òg interessant: «Når det kjem til tilstandar eller årsaker til død i tillegg til covid-19, var det i gjennomsnitt fire slike tilstandar eller årsaker.»

No er dette i og for seg ikkje overraskande. Vi har alle visst at koronaviruset er særleg farleg for eldre. Ein gjennomsnittleg norsk 75-åring vert medisinert for litt under tre tilstandar, og diagnosane stig i takt med at du vert eldre. Sagt i klartekst: Held du deg slank og trenar mykje, og dimed har lågt blodtrykk og god hjartehelse, er risikoen for å døy av covid-19 særs låg.

Hovudårsaka til at vi i Noreg i ein internasjonal samanheng har hatt så låge dødstal på grunn av viruset, er at dei eldre har verna seg sjølve og at vi i det store og heile har makta å halda koronaviruset borte frå sjukehus og aldersheimar. Hovudårsaka til at så frykteleg mange døydde i Nord-Italia i fjor, var at smitten kom inn i alle sjukehus, og sjukehuspasientar er som vi veit, stort sett eldre.

Ein av grunnane til at New York fekk såpass høge dødstal, var at guvernøren, Andrew Cuomo, gav ordre om at aldersheimar skulle takast i bruk som karantenestadar, ei avgjerd som har ført til at nesten heile delstatsforsamlinga har mista tillit til han.

Også andre grunnar

Men nei, sjølv om alder er sjølve hovudårsaka til død og alvorleg sjukdom, er ikkje alder den einaste. Covid-19 kan vera farleg for yngre folk òg, men då altså under føresetnad av at dei har ein eller annan sjukdom. Lista til den amerikanske helsestatistikketaten (CDC) over såkalla komorbiditet er lang som eit vondt år. Der finn vi kreft, blodtrykk, overvekt, astma… Lista berre går og går. Men éi dødsårsak peikar seg delvis ut og berre aukar på for personar etter fylte 45 år, og det er sukkersjuke, eller såkalla diabetes 2, som igjen ofte heng saman med overvekt.

Kven er det så som i Noreg vert mest råka av diabetes? Jau, det er innvandrarar. Går du inn på ei dialyseavdeling i osloregionen og ser på pasientgruppene der, er sjansen svært stor for at du vil sjå pasientar frå Asia, og særleg personar med bakgrunn frå Pakistan. Diabetes kan føra til ei rekkje tilleggslidingar og er noko ein ikkje bør få. Men diverre er det slik at folk frå Asia, og særleg det indiske subkontinentet, har mykje større risiko for å få diabetes enn nordmenn. Det høyrest brutalt ut, men svært mange innvandrar bør ikkje eta ein typisk norsk diett, og særleg bør dei halda seg unna raske karbohydrat og sukker.

Som Mette Engebretsen i Roche Diagnostics Norge AS, Diabetes Care-gruppa, skriv i Dagens Medisin: «At mennesker fra Sør-Asia er overrepresentert blant dem med diabetes og hjerteproblemer, setter dem i risikogruppen for å bli smittet av koronaviruset. En undersøkelse fra 2003 viste at innvandrere har fem ganger så mye diabetes som resten av befolkningen. En undersøkelse i bydelene Romsås og Furuset i Oslo viste at 20 prosent av mennene og 24 prosent av kvinnene i aldersgruppen 30–59 år fra Pakistan og Sri Lanka hadde kjent eller nyoppdaget diabetes, mot 6 og 3 prosent i den øvrige befolkningen.»

Her må det leggjast til at Engebretsen formulerer seg litt dårleg. Ein vert ikkje lettare smitta av di ein har diabetes eller hjarteproblem. Ein har berre større risiko. 

Mykje dårlegare helse

Den leie sanninga er at innvandrarar frå den tredje verda og etterkomarane deira har langt dårlegare helse enn etniske nordmenn. Dei har høgre blodtrykk, er meir overvektige og har ei rekkje fylgjesjukdomar baserte på genetikk og livsstil, som ikkje er tilpassa eit vestleg kosthald og billige kaloriar. Innvandrarar frå Asia og Nord-Afrika er altså dei siste som burde få covid-19.

Men det har dei fått i ei utruleg mykje høgre grad enn nordmenn. Førre torsdag la Folkehelseinstituttet (FHI) fram ei gransking om innvandrarar og nordmenn og covid-19-smitte. Der prøver dei å finna ut kvifor innvandrarar frå Nord-Afrika og store delar av Asia har hatt så mykje meir covid-19 enn etniske nordmenn og vestlege innvandrarar. Rapporten heiter: «Covid-19 blant personer født utenfor Norge, justert for yrke, trangboddhet, medisinsk risikogruppe, utdanning og inntekt».

Dei la også fram statistikk over kor mange som har vore innlagde på sjukehus. Desse tala er baserte på empiri, altså reelle innleggingstal. Men FHI presenterer tala målt mot 100.000. Her må ein ikkje verta forvirra. 100.000 er ein teoretisk storleik for dei fleste innvandrargruppene. Om det til dømes er ti innvandrarar frå eitt land i Noreg, og éin av desse vert lagt inn på sjukehus, vert den innvandringsgruppa vedkomande representerer, målt som 10.000 av 100.000 i sjukehusinnleggingar. FHI gjer det på denne måten av di dei måler nordmenn i 100.000. Dei presenterer altså tal som kan samanliknast.

Det er òg viktig å hugsa at nordmenn i gjennomsnitt er mykje eldre enn innvandringsfolkesetnaden. Den fyrste innvandringsgruppa frå den tredje verda som kom i særleg store tal til Noreg, var personar frå Pakistan. Stort sett alle desse er fødde etter 1945, og majoriteten av dei som har pakistansk bakgrunn, er etterkomarar etter dei fyrste innvandrarane eller har kome hit via giftemål. Det er svært få innvandrarar over 70 år i Noreg.

Sånn: Då kan vi presentera tala for smitte etter kva land personar er fødde i, og i kva grad dei har vorte innlagde på sjukehus. FHI har sett på perioden frå 15. juni i fjor til 31. mars i år. 

USA

Lægst av alle ligg amerikanarar. Der har berre 14 per 100.000 vore innlagde. Men her må vi hugsa at dette er ei ung og svært ressursrik gruppe. Dei fleste amerikanarar i Noreg arbeider i akademia, olje og finans. Under nordmenn i sjukehusstatistikken ligg også folk frå Litauen, Latvia, Sverige og Kina. Men igjen må det altså understrekast at dette er unge folk. Så kjem det verkeleg uventa talet, for atter ein gong må vi hugsa at nordmenn i gjennomsnitt er mykje eldre enn alle innvandrargrupper. Mellom nordmenn er det berre 37 sjukehusinnleggingar per 100.000.

Dette vitnar om at hjå etniske nordmenn har det vore ein særs stor vilje til å verna seg mot smitte. Dei i faresona, særleg dei eldre, har med andre ord lagt ned ein stor innsats. Om vi ser vekk frå sjukehusinnleggingar og berre ser på smittetala per 100.000, ligg nordmenn under alle innvandrargrupper, sett vekk frå éi, kinesarar. Hjå nordmenn er det stadfesta smitte på 1011 per 100.000. Hjå kinesarar er det same talet 855.

Så til den andre enden av skalaen av sjukehusinnleggingar. Den innvandringsgruppa som har vore lengst i Noreg frå den tredje verda, er som nemnt pakistanarar. Dei er, som vi har sett over, også mellom dei som har størst helserisiko om dei vert smitta av covid-19. Diverre har det gjeve seg store utslag i talet på innleggingar: 898 personar fødde i Pakistan per 100.000 har vore innlagde på sjukehus. Dei fleste pakistanarar har A-hus som lokalsjukehus. Det er i praksis det einaste sjukehuset i Noreg som konsekvent har måtte senda pasientar vidare på grunn av kapasitetsmangel.

Høg generell smitte

Men diverre er det ikkje berre helserisiko som har gjort at så mange med pakistansk bakgrunn har hamna på sjukehus, det generelle smittenivået mellom dei har vore svært høgt. 1 prosent av etniske nordmenn per 100.000 i perioden FHI har sett på, er eller har vore stadfesta smitta av koronaviruset. Det same talet mellom pakistanarar er vel 9 prosent. Personar frå Pakistan har altså vorte smitta ni gonger så mykje som nordmenn, og det i ein avgrensa periode. Dei reelle tala er heilt sikkert høgre.  

Men den høge smitten hjå pakistanarar kan ikkje åleine forklara den enorme skilnaden i talet på innleggingar på sjukehus mellom dei og etniske nordmenn. At pakistanarar relativt sett har hamna 24 gonger så ofte på sjukehus som nordmenn, sjølv om dei «berre» er ni gonger så mykje smitta, kan nesten berre dårlegare helse i utgangspunktet forklara.

Dei gruppene som kjem etter pakistanarar i smitte, er personar fødde i Somalia, Irak, Afghanistan og Eritrea. Dei ligg også over nordmenn i innleggingar i absolutte tal, sjølv om dei er langt yngre. Men her høyrer det med å nemna at desse landgruppene ikkje har vore så mykje innlagde på sjukehus på grunn av smitte som pakistanarar, som ser ut til å ha vore særs uheldige med bakgrunnshelse.

Det er heller ikkje slik at dei som er fødde i Noreg, men som har utlandske foreldre, har sloppe unna smitten. Der er smittetala nesten fem gonger så høge som mellom etniske nordmenn fødde av etniske nordmenn. Men gledeleg nok er talet på innleggingar av dei med utlandsfødde foreldre berre 47 per 100.000. Men igjen må vi nemna at dette er ei særs ung gruppe. Dei eldste i den gruppa har knapt passert 50, langt dei fleste er under 25. Difor er dei sjølvsagt relativt til smitte i sjukehusopphald klart under gjennomsnittet for etniske nordmenn, som altså er svært mykje eldre i gjennomsnitt. 

Aust-Europa

Ein annan interessant observasjon basert på tala er at alle oppslaga i pressa om importsmitte frå utanlandske arbeidarar frå Aust-Europa, ikkje heilt står seg i møte med statistikken om ein måler per 100.000. Dei fleste austeuropearane i Noreg kjem frå Baltikum og Polen. Folk frå Baltikum har omtrent det same smittenivået som nordmenn, polakkar ligg om lag tre gonger så høgt. Men dei ligg langt etter personar som er fødde i det vi kan kalla det utvida Midtausten.

Aftenposten har gått gjennom importsmitten på Gardermoen frå 1. januar til 25 mars. Fly frå Istanbul og Dubai var sterkt overrepresenterte med smitte. Ei anonym kjelde som jobbar på flyplassen, informerte om at det særleg var personar frå Pakistan, Somalia, Irak, Iran og Afghanistan som var smitta av passasjerane i desse flya. Dubai og Istanbul er transittflyplassar for folk frå det utvida Midtausten.

Måler vi derimot i absolutte tal, kjem diverre polakkar dårleg ut. Dei er eit svært stor innvandrargruppe i Noreg sidan etterspurnaden etter polakkar er stor i industrien og på byggjeplassar. På mindre stadar langs kysten har nok det meste av importsmitten kome via Polen. Vel 3000 polakkar er registrert smitta, og det sjølv om dei skal ha vorte testa på flyplassen og sette i karantenehotell.

Forklaringa?

Kvifor er det vorte slik? Kvifor har dei gruppene som har størst risiko – sett vekk frå dei aller eldste – for å døy og verta innlagde på sjukehus, hatt så høg smitte? Kvifor har dei teke ein slik risiko? Den vanlege forklaringa i pressa før rapporten har vore at visse innvandrargrupper bur trongt.

FHI avviser denne forklaringsmodellen: «Overrepresentasjonen reduseres noe, men forblir høy etter at vi justerer for alder, kjønn og bostedskommune. Overrepresentasjonen forblir i hovedsak uendret også når vi deretter justerer for yrke, trangboddhet, medisinske risikogrupper, utdanning eller husholdningsinntekt. (…) Dette indikerer at de målene vi har tilgjengelig for sosioøkonomiske forhold, trangboddhet og medisinske risikogrupper i begrenset grad forklarer de forskjellene vi observerer i påvist smitte.»

FHI diskuterer i liten grad kvifor smitten er så høg i visse innvandrargrupper, og nemner til dømes ikkje religion og lagnadstru ein einaste gong. Det er til dømes interessant at indarar som har den same helserisikoen og genetikken som pakistanarar, sjølv om dei har hatt nokså høg smitte, likevel er mykje mindre smitta enn pakistanarar. Personar frå Sri Lanka hadde det òg vore interessant å sett på, sidan også dei deler genetikk med pakistanarar, men dei vert ikkje nemnde i rapporten i det heile.

Ikkje antropologar

Men FHI er ikkje antropologar, og det er sjølvsagt eit minefelt å gå inn i ein diskusjon om kvifor nokre innvandrargrupper har så høg smitte og andre så låg. FHI nøyer seg stort sett med formuleringar som dette når dei seier noko: «At trangboddhet nesten ikke gir utslag i overrepresentasjonen i smitte, verken nasjonalt eller i Oslo, understreker at også andre forhold – som ikke er korrelert med trangboddhet – kan være av stor betydning for den forhøyede smitten i mange innvandrergrupper.»

Men smitten fordeler seg nokså tydeleg etter internasjonale statistikkar for såkalla high trust og low trust-land, eller høg- og lågtillitssamfunn. Kjem du får eit lågtillitssamfunn med ein svak stat og høg grad av organisering etter klan- og slektsliner, har du som regel mykje større sosial kontakt. Til dømes viser undersøkingar for heile Europa mellom menn at tyrkiske menn, som er fem gonger så mykje smitta som nordmenn i FHI-statistikken, bruker nesten heile fritida si på å vedlikehalda og knyta sosiale band.

Forklaringa på dette er truleg at sidan dei ikkje lit på staten, må dei skapa personlege band for å få hjelp til ulike problem, som til dømes byggjesøknader eller helseproblem. Norske menn er den gruppa i Europa som bruker minst av fritida på sosial kontakt og knyting av band utanfor familien. Norske menn lit på staten, og det gjer sjølvsagt også norske kvinner.

Det er også ei forklaring som FHI er litt inne på: «Fra tidligere forskning på migrasjon og innvandring vet vi at det i mange innvandrergrupper er tette sosiale bånd både gjennom slektskap, ekteskap, vennskap og felles sosiale møtearenaer.» I tillegg nemner FHI at familierelasjonar er sterkt vektlagde i ein del innvandrargrupper: «Innvandrerne som var med i en SSB-undersøkelse fra 2016 oppga også at de hadde hyppigere kontakt med voksne barn og egne søsken enn det som er vanlig i befolkningen for øvrig.»

Vi får rekna med at det kjem meir forsking i ei eller anna framtid. I alle høve: Hadde vi visst det vi veit no, for eitt år sidan, hadde nok koronatiltaka vorte utforma på eit anna vis enn dei vart. 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

At pakistanarar relativt sett har hamna 24 gonger så ofte på sjukehus som nordmenn, kan berre langt dårlegare helse i utgangspunktet forklara.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis