Covid-19 gjer skilnad på folk

Visse innvandrargrupper er særs overrepresenterte med koronasmitte, viser ein rapport frå FHI. Kvifor det er slik, seier rapporten lite om.

Søstrene Inika og June Flaa behandlar ein pasient som er innlagd på intensivavdelinga på Rikshospitalet.
Søstrene Inika og June Flaa behandlar ein pasient som er innlagd på intensivavdelinga på Rikshospitalet.
Publisert

USA har eit eige direktorat for helsestatistikk. Dei oppdaterer heile tida tala for covid-19-døde. I førre veke kom dei med nye tal for dødsårsak for dei som hadde døydd i 2019 og samstundes hadde koronaviruset i kroppen. Ei setning har tiltrekt seg ein del merksemd: «For vel 5 prosent av dødsfalla var covid-19 den einaste grunnen nemnd i dødsattesten.» Den neste setninga er òg interessant: «Når det kjem til tilstandar eller årsaker til død i tillegg til covid-19, var det i gjennomsnitt fire slike tilstandar eller årsaker.»

No er dette i og for seg ikkje overraskande. Vi har alle visst at koronaviruset er særleg farleg for eldre. Ein gjennomsnittleg norsk 75-åring vert medisinert for litt under tre tilstandar, og diagnosane stig i takt med at du vert eldre. Sagt i klartekst: Held du deg slank og trenar mykje, og dimed har lågt blodtrykk og god hjartehelse, er risikoen for å døy av covid-19 særs låg.

Hovudårsaka til at vi i Noreg i ein internasjonal samanheng har hatt så låge dødstal på grunn av viruset, er at dei eldre har verna seg sjølve og at vi i det store og heile har makta å halda koronaviruset borte frå sjukehus og aldersheimar. Hovudårsaka til at så frykteleg mange døydde i Nord-Italia i fjor, var at smitten kom inn i alle sjukehus, og sjukehuspasientar er som vi veit, stort sett eldre.

Ein av grunnane til at New York fekk såpass høge dødstal, var at guvernøren, Andrew Cuomo, gav ordre om at aldersheimar skulle takast i bruk som karantenestadar, ei avgjerd som har ført til at nesten heile delstatsforsamlinga har mista tillit til han.

Også andre grunnar

Men nei, sjølv om alder er sjølve hovudårsaka til død og alvorleg sjukdom, er ikkje alder den einaste. Covid-19 kan vera farleg for yngre folk òg, men då altså under føresetnad av at dei har ein eller annan sjukdom. Lista til den amerikanske helsestatistikketaten (CDC) over såkalla komorbiditet er lang som eit vondt år. Der finn vi kreft, blodtrykk, overvekt, astma… Lista berre går og går. Men éi dødsårsak peikar seg delvis ut og berre aukar på for personar etter fylte 45 år, og det er sukkersjuke, eller såkalla diabetes 2, som igjen ofte heng saman med overvekt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement