JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

CAPS LOCK

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1894
20230602
1894
20230602

Eg har ei venninne som alltid brukte store bokstavar i SMS-ane sine den gong SMS var noko nytt og spennande. Ho sa sjølv at det var fordi ho likte dei jamne, fine VERSALANE, men eg har henne mistenkt for å meine at ho fekk meir for pengane når ho brukte store bokstavar. På den tida betalte vi per SMS, og ein SMS kunne vere på maks 160 teikn. Ho er sunnmøring.

Sjølv har eg heile livet halde meg lydig til regelverket og brukt smålåtne små bokstavar i all skriftleg framstilling. Det hender ikkje så reint sjeldan at eg gøymer setningane mine mellom parentesteikn, og somme gonger tyr eg til fotnotar for å skåne travle lesarar for uønskte saksopplysningar.

Men her om dagen hadde eg ei e-postutveksling med ein samarbeidspartnar, og for å gjere ordskiftet oversiktleg la eg inn mine kommentarar med store bokstavar under kvart av hans avsnitt. Eg trur det er ein vanleg framgangsmåte – det går greitt i første runde, men ikkje dersom ein må gå fleire oppklaringsrundar etterpå.

Eg syntest dette fungerte godt, og tenkte ikkje meir over det, før eg i ettertid fekk høyre at eg verka irritabel og aggressiv når eg svarte på den måten med stor skrift.

Sjølvsagt blei eg forskrekka. Det hadde slett ikkje vore meininga å verke påståeleg, eg ville berre vere klar og tydeleg.

Etter kvart som eg fekk tenkt over det, kjendest det ikkje så verst å ha brukt store ord likevel. Rett nok var det eit sakleg og poengtert svar (meiner eg sjølv), men eg hadde i lengre tid irritert meg over at denne mannen – la oss no kalle han antagonisten – alltid veik unna og aldri svarte skikkeleg på innvendingane mine. Kanskje var det heilt på sin plass å verke litt passiv-aggressiv denne gongen.

Eg fekk ikkje noko svar på kommentarane mine i versalar. Det kan vere fordi han godtok alt eg skreiv, fordi han blei sur, eller (som eg trur) fordi han veik unna – igjen. I alle høve er det heilt greitt.

obo

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis