JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Byråkratiet som held bassenget tørt

Éin ting er å bygge basseng på dugnad.
Noko heilt anna er det å handtere bassengbyråkratiet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Konstanse Tysse vaks opp med vasskrekk. Det ville ho at nye slekter slepp oppleve. Ho har steikt og selt vaflar for eit par hundre tusen kroner.

Foto: Firda / Aud Elsa Grøneng

9357
20170908

Bakgrunn

Frivillig arbeid i Noreg

To av tre seier dei deltok i frivillig arbeid i 2016. Ein av fem bruker meir enn fem timar i månaden.

Det er størst deltaking blant dei med høgst utdanning (universitet over fire år) og dei med lågast utdanning (grunnskule).

Størst deltaking er det i idrettsorganisasjonar, lokalmiljø og kulturorganisasjonar.

Kjelde:
Frivillighetsbarometeret 2016

REPORTASJE

siri@dagogtid.no

Det skulle vere så enkelt, den gongen for over 60 år sidan: Eit øysamfunn, omgjeve av salt, kaldt, straumfullt vatn, ville bygge eit basseng slik at born kunne lære seg å symje. Dei hadde ikkje forventningar til at storsamfunnet skulle betale alt; dei var derimot fullt innstilte på at dugnad måtte til.

Det dei ikkje var like innstilte på, var mengda søknader og forskrifter og reguleringar og tilbakerapporteringar: Reguleringsregimet som har gjort at det som ein gong skulle vere eit vedlikehaldsfritt basseng til 200.000 kroner, under open himmel, fylt med saltvatn varma opp av spillvarme frå fiskemottaket, no har vorte eit stort fleirbrukshus med kajakkrom, badestamp, klatrevegg og kontorplass til 18 millionar.

No, i 2017, er huset reist, veggar og tak komne på plass. Mange ville nok ha gjeve opp på vegen. Men Bulandet, Noregs vestlegaste fiskevær – eit samfunn med like mange øyer som innbyggjarar (kring 300), held framleis fast på at bassenget skal byggast ferdig.

I utgangspunktet kunne ein tenkje seg at det ikkje var så vanskeleg å bygge eit basseng. Ein får tak i ein tank, grev han ned i bakken og fyller han med vatn varma opp av spillvarme. Eit avløp gjer at ein slepp å ause alt vatnet ut att når det vert for skite.

Noko slikt var det dei tenkte på sekstitalet, altså for over femti år sidan. Historia om bassenget i Bulandet er på mange måtar to historier. `Éi om kvinnene som ville, og ein heil masse vaflar, og éi om byråkratiet som ikkje er laga for å forstå. Vi skal prøve å få plass til dei begge, og gjer det greiast med å byrje med starten.

Klare seg sjølv

Ideen om eit basseng i øysamfunnet vart fyrste gong lansert av Fiskarkvinnelaget: Dei var komne over eit basseng i plast som kosta 30.000 kroner. Gunnlaug Gillesøy vart etter kvart leiar i Fiskarkvinnelaget. Ho såg føre seg at eit flyttbart symjebasseng, som kunne slåast opp i gymsalen i periodar, og så flyttast vidare til andre skular i kommunen slik at dei òg kunne få nytte av det. Gillesøy tok ideen med seg til kommunen på fastlandet, men fekk ikkje gjennomslag.

– I etterkant har eg tenkt at eg ikkje prøvde hardt nok. Vi visste ikkje nok om korleis kommunen fungerte, fortel ho.

Ikkje alle ville vente på kommunen. Mellom andre Konstanse Tysse. Sjølv hadde ho vasskrekk. Som born var ho med tanta si for å bade. Verken ho eller tanta kunne symje, og for å halde seg flytande heldt tanta seg fast i eit par årer, men årene gav godt tak i straumen, og dei heldt på å ikkje kome seg til lands att. Slikt skulle ikkje fleire born oppleve, meinte Konstanse, dei måtte lære å symje i trygge omgjevnader – dei måtte få seg eit basseng.

Tysse, som dreiv butikken i Bulandet, hadde ikkje lang veg frå tanke til handling. Basseng kostar pengar, og éin måte å få slikt på, er å selje vaflar.

Tysse byrja selje vaflar i 1983, og med det må journalisten gjere eit aldri så lite innhogg i historia: Eg kjem nemleg frå same kommunen, om enn noko lenger inne i fjorden. Det må ha vore i siste halvdel av åttitalet at eg kjøpte vaffel på kaffirommet til Konstanse Tysse, og vart mektig imponert over at det kunne gå an å selje nok vaflar til å bygge eit heilt basseng.

Den siste tanken budde nok berre i det vesle barnehovudet mitt. Det var aldri tenkt at vaflane aleine skulle finansiere bassenget; det offentlege måtte òg hjelpe til. Men mange vaflar små vert pengar, det òg: ein stad mellom 180.000 og 200.000 fram til 1997.

Ferdig, men ikkje brukt

I 1997 vart sjølve bassenget bygt. Ein tank i såkalla «sandwichmateriale» – same type glasfiber som vert nytta i fiskebåtar – vart bygd ved ein fabrikk litt lenger nord i fylket, og transportert til og graven ned på Bulandet. Tanken var 8,5 x 12,5 meter stor og kosta 200.000 kroner.

Å få ta han i bruk var derimot ikkje så enkelt. Året før, i 1996, tok «Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu m.v.» over for «Forskrift om bassengbad» frå 1967. Det trengst knappast å peikast på at den nye var lenger enn den gamle. Sidan har forskrifta vorte fornya i 2003, 2007, 2012 og 2015, kvar gong med nye krav. No slår forskrifta mellom anna fast at alle bassengbad skal ha sirkulasjonssystem kor «sirkulasjonsmengde og sirkulasjonstid beregnes i forhold til antall badende pr. time». Vert vatnet reinsa med klor, skal klornivået målast fire gonger per dag, eller kvar tredje time i opningstida. Vasstanden i bassenget skal tilpassast «varierende badebelastning», og så bortetter. Lenge voks forskriftsutgiftene monaleg mykje raskare enn basarinntektene. 12. september 2012 skreiv lokalavisa Firda at bassengdraumen var knust: «Departementet har gitt ei tilsegn på éin million kroner i såkalla programsatsingsmidlar til Bulandet symjehall, men då fylkeskommunen og departementet ikkje fekk ein framdriftsplan for arbeidet innan den varsla fristen 1. juni, vert millionen trekt tilbake.»

Bygd i utvikling

Millionar har likevel synt seg å kome frå fleire stader. Eldsjeler og dugnadstimar har kome og gått. Nokon har likevel heile tida hatt oversikta. No er det attpåtil ein innflyttar som held liv i prosjektet. Frank Hatlø kom til Bulandet frå Telemark for ti år sidan, og skjøna at her var det berre å hive seg på dugnadskarusellen. Til møtet vårt kjem han køyrande i ambulanse – driven på dugnad, sjølvsagt.

– Vi må halde bygda i utvikling. At det skjer noko, at vi syner ungdommen som kjem heim, at vi bygger vidare, er kanskje det viktigaste, meiner Hatlø.

– Men eg trur jo bygget vert eit samlingspunkt. Vi stod føre eit val for nokre år sidan: Skulle vi bygge eit lite hus til berre eit basseng, eller satse større, for å ha fleire bein å stå på?

Det er berre å slå fast at dei gjekk for sistnemnde. Plastbassenget til 30.000 har vorte eit fleirbrukshus til 18 millionar kroner. Det inkluderer kajakkrom, treningssenter, spa og ulike rom som lokale grupper kan bruke. Alle krokar i huset er fylte opp, sjølv om vindauga ikkje er komne på plass enno. 16 av millionane er i boks, dei to siste på lån.

– Mykje landa då vi fekk spelemidlar. No har vi òg både kommunen og fylket med på laget. Sjølv departementet er interesserte i denne måten å bygge basseng på: Sandwichmaterialet skal gje mindre vedlikehald. Ingen har prøvd det før, men alle er samde om at det vert spanande å sjå i drift, seier Hatlø.

– Byråkratiet kring bygget har likevel vore enormt.

88 sider «bestemmelser»

16 millionar i boks tyder nemleg ikkje 16 millionar på konto. Mykje av spelemidlane vert ikkje betalte ut før tiltaket er gjennomført, noko som sjølvsagt kompliserer gjennomføringa. Dei ulike «elementa» i bygget kan ikkje søkast om samla, men krev kvar sine individuelle søknader, og tilbakerapporteringar.

I 2017 er sju av ti søknader om spelemidlar i Askvoll kommune frå Bulandet IL v/bassengnemnda: klubbhusmøterom, klubbhuslager, båthus for kajakk, treningsrom, flytebrygge for kajakk, utvendig klatrevegg og til slutt lyssetting av den same klatreveggen. Kommunen oppmodar organisasjonar om å reise på kurs i spelemiddelsøking. Kurset vert gjennomført årleg i regi av Fylkeskommunen.

«Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet – 2017», gjeven ut av Det Kongelige norske Kulturdepartementet, er på 99 sider – elleve sider meir enn forgjengaren frå 2015. Kapitla har titlar som «Kommunal behandling av idrettsfunksjonell forhåndsgodkjenning» og «Fylkeskommunens innsending av oversikt over tildelinger, utbetalinger og innestående spillemidler».

Dugnadstimar er godkjend arbeidskraft, men verdien av dugnaden må reknast ut av «kvalifisert fagperson»: enten ei kostnadsvurdering eller eit anbod frå kommunen, eller ein entreprenør eller handverkar. Om verdien av dugnaden er større eller mindre enn det som var anslått i søknaden, må verdien hevast eller senkast, sjølv om utbetalingssummen ikkje kan endrast.

Slik kunne vi ha halde på ei stund. Med brannforskrifter, takhøgder og universell utforming, og søknadselement som berre er opne for søknadsinnlevering i seks dagar, og reglar for kor mykje ein entreprenør kan jobbe dugnad før han må byrje å fakturere for å betale moms. Og då har vi ikkje ein gong byrja på kor lenge innvilga midlar faktisk er innvilga, og kor mange gonger ein har måtta svare på spørsmålet om GRIP-rettleiaren, miljøriktig prosjektering og om andre tilsvarande rettleiarar er lagde til grunn for planlegginga («Ved idrettsfunksjonell forhåndsgodkjenning av planer for svømmehaller og idrettshaller skal det leveres redegjørelse vedrørende arkitektur og miljø basert på departementets skriv V-0914 B og V-0915 B». Dette er eitt av 19 spørsmål i V-0915), men vi skal nøye oss med eit lite hjartesukk:

– Hadde berre ikkje styresmaktene endra regelverket heile tida. Det vert ganske håplaust, kjem det frå Frank Hatlø.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Hadde berre ikkje styresmaktene endra

regelverket heile tida. Det vert ganske håplaust.

Frank Hatlø

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis