Bonden som vart oskeladd
ISLAND: Då vulkanen Eyjafjallajökull spydde oske utover halve verda, såg det svart ut for alle på garden Torvaldseyri på det sørlege Island.
Inga Julia Ólafsdottir har hatt jobb i turistbransjen i Oslo, men no har ho reist heim for mellom anna å selja oske frå vulkanutbrotet til dei mange tusen turistane som kjem til garden.
Det var om natta laurdag 20. mars i 2010 det byrja. Raudglødande lava stod ende til vers frå Fimmvörduháls, som ligg litt unna Torvaldseyri. Mange måtte flytta frå gardane sine, men berre for kort tid. Det spektakulære fyrverkeriet vekte stor merksemd både på Island og i utlandet, og mange kom for å sjå. Turistselskap byrja å arrangera turar til området, og det vart skapt «vulkanturisme».
Den 14. april auka dramatikken. Eyjafjallajökul fekk eit utbrot og sende ei oskesky som kunne merkast over store deler av Europa. Dagane etterpå vart kring 100.000 flyavgangar kansellerte. SAS åleine hadde eit tap på 700 millionar kroner.
– Kvar dag kjem det folk hit til Torvaldseyri som fortel at dei vart sitjande oskefaste i 2010. Dei kom seg ikkje i bryllaup eller gravferd til slektningar. Mange vart sitjande fleire dagar i ein eller annan europeisk by. Eit par fortalde at dei møtte kvarandre på ein flyplass av di dei vart sitjande oskefaste, fortel bonden på Torvaldseyri, Ólafur Eggertsson.
TURISTATTRAKSJON
Torvaldseyri har for lengst vorte ein turistattraksjon, og hundrevis av bilistar stoggar kvar dag i vegkanten for å fotografera den vakre garden med det vidgjetne vulkanfjellet i bakgrunnen. Hit kjem folk frå både Kina, Japan, Australia og Europa, men dei fleste er frå England og USA. Blant dei er det mange skuleklassar. I fjor var 8000 skuleelevar på vitjing, og ein stor del kom frå England.
I vegkanten har bonden Ólafur Eggertson gjort om ein liten bygning til kino og suvenirbutikk for turistane. Der kan dei møta Ólafur, kona, dottera eller andre som hjelper til. Dei kan lesa om det som skjedde og kjøpa oske frå vulkanen på både små og digre glas. Like etter vulkanutbrotet byrja det å koma turistar til staden, og som suvenir tok dei med seg oske heim att i plastposar. Det inspirerte bonden til å gjera oska til salsvare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.