Kommentar

Bondeinntektsauke – men til kven?

Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum lovar å gje bønder meir pengar, men dei seier lite om kva retning politikken skal ta.

Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet har fått gjennomslag for at bøndene skal få meir pengar. Men Hurdals-plattforma seier lite om kva regjeringa elles vil med landbruket i Noreg.
Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet har fått gjennomslag for at bøndene skal få meir pengar. Men Hurdals-plattforma seier lite om kva regjeringa elles vil med landbruket i Noreg.
Publisert

Noko har skjedd med Senterpartiet. 62 år etter at partiet trong to landsmøte og åtte røystingar for å endre namn frå Bondepartiet til Senterpartiet, stod Trygve Slagsvold Vedum onsdag i Hurdal og la fram den nye regjeringsplattforma utan å bruke orda «bonde» eller «jordbruk» éin einaste gong.

Derimot sa dei begge to, altså både Støre og Vedum, «ta heile Norge i bruk» fleire gonger, og kapitla om næring og kommunal- og distriktspolitikk er dei to lengste i Hurdals-plattforma, med sine sju og åtte sider.

Landbruk har fått fire sider, og det er ikkje tvil om at eg kunne ynskje meg meir direkte tale på dei sidene for å kunne seie noko konkret om korleis landbrukspolitikken kjem til å sjå ut dei neste fire åra. Lat oss likevel gjere eit forsøk.

Kor skal gapet tettast?

Plattforma byrjar med å slå fast at inntektsgapet mellom bønder og andre næringar skal tettast – og at det inkluderer eit nytt inntektsgrunnlag basert på nivå og ikkje berre inntektsutvikling – noko som vil seie at bønder kan få større inntektsauke enn andre grupper dei komande åra. Etter det massive og tungtvegande bondeopprøret frå i vår, er ikkje det meir enn minimum av kva ein måtte forvente.

Minst like interessant som kor mykje meir pengar som skal puttast inn i jordbruket, er det i kva for ein del av jordbruket kronene vert putta. Eller sagt på ein annan og betre måte: «I opptrappingsplanen må det også vere ei retningsendring. Det ser vi ikkje at det står noko om der», som leiaren i Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS), Kjersti Hoff, sa til Nationen rett etter plattformpresentasjonen onsdag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement