Kommentar
Bensinkrise tatt på sparket
Utsikter til nokre hundrelappar i ekstra bensinutgifter kvar månad. Det er definisjonen på «krise» i Noreg.
Er du skeptisk til billegare bensin, seier du? Skjønar du ikkje at det er «krise» for folk flest og næringslivet i landet vårt? Og det skjer akkurat no? Staten har 20.000 milliardar kroner i Oljefondet, og du vil ikkje bruka nokre få av dei i avgiftslette? Skam deg!
Argumenta mot billegare bensin her og no er lange, abstrakte og tekniske. Den som vågar seg på slikt, vil fort verta stempla som kjenslelaus og motstandar av næringslivet, arbeidsplassane og folk flest. Det synest meir hjartelag å argumentera for billegare drivstoff.
Feiar bort Ap
Stortinget vil i alle fall ikkje stå på feil side i møtet med folket. Krigen i Iran har ført til at prisane på drivstoff har stige. Dei la seg på rundt 30 kroner per liter på det høgaste.
Stortinget reagerte momentant. I rekordfart vart regjeringspartiet feia av banen. Fleirtalet vedtok 4,41 kroner per liter i avgiftslette for bensin og 2,85 kroner per liter for diesel, inkludert moms, og gyldig i fem månader frå 1. april.
CO2-avgifta på fiske og fangst i fjerne og nære farvatn vert kutta til null like lenge. Ifylgje finansministeren blir dei samla inntektene til staten reduserte med 6,7 milliardar kroner.
Alt skjedde utan utgreiing og heilt frigjort frå det vedtekne statsbudsjettet for 2026. Senterpartiet var så oppteke av å stå på folkets side at partiet braut budsjettavtalen med Arbeidarpartiet.
I marknaden
Politikk påverkar marknadene ute i økonomien. Men også politikk er ein marknad med tilbod og etterspurnad. Folk og næringsliv etterspør ekstra pengar frå staten. Dei ulike politiske partia er tilbydarane og konkurrerer med skattelette og avgiftskutt. Kven tilbyr mest? Nokon høgare?
I Stortingsvalet kvart fjerde år er konkurransen mellom partia intens. Kvar haust blussar han opp i samband med statsbudsjettet. Avgiftskutt på grunn av krigen i Iran er eit uttrykk for at partia konkurrerer store delar av året.
I tillegg spreier konkurransen seg ut av skatte- og avgiftssystemet. Folk på mange øyer har fått gratis ferje, og ferdig utdanna i tynt befolka delar av landet får kutt i studielånet.
«Vi må lytte til folk», seier Senterpartiets leiar Trygve Slagsvold Vedum til VG.
«Folk» vil nok at mest mogeleg er så billeg som mogeleg. Det partiet som vil hevda seg, må hiva seg på karusellen og tilby meir enn dei andre.
Her er pengane
Den tredelen av bilistane som køyrer elbil treng ikkje bry seg om avgiftskutta. Dei har i staden Norgespris på straumen. Alle får.
For ein bensinbil kan eit grovt anslag vera dette: Med 100 mil køyring i månaden og 0,5–0,7 liter forbruk på mila vil det ferske avgiftsvedtaket kutta rekninga med 1100–1500 kroner i sum over dei fem månadene. Dette er rekna inklusiv moms og gitt at avgiftsletten senkar pumpeprisen like mykje. For dieselbilistane er det tilsvarande anslaget 700–1000 kroner. Altså nokre hundrelappar i månaden sommaren gjennom.
Dette er omfanget av «krise» for bilistar i Norge i 2026.
Kontrast: lønnsoppgjeret
Lønnsoppgjeret starta så smått samstundes som prisane på drivstoff steig. Resultatet kjenner me ikkje no. Men både Statistisk sentralbyrå og Noregs Bank spår om veksten i årslønna og prisveksten. Prognosane deirar peikar i retning av at ein person med gjennomsnittleg løn får 4000–5000 kroner meir å rutta med i år, rekna etter at prisveksten og skatten på lønnstillegget har tatt sitt. Dette kjem på toppen av svært god vekst i kjøpekrafta i åra 2023–2025, rett nok etter nokre magre år.
Alle snakkar om kor dyrt alt er blitt. Ingen snakkar om at lønningane har stige endå meir.
Alle snakkar om kor dyrt alt er blitt. Ingen snakkar om at lønningane har stige endå meir.
Dette betyr ikkje at alle har romsleg økonomi. Lånet kan vera høgt og løna godt under gjennomsnittet. Blant einslege forsørgjarar, hushald med berre éi inntekt og grupper av trygda har mange det trongt.
Då bør ein heller retta tiltaka inn mot desse. I staden vel fleirtalet på Stortinget å styrkja økonomien til alle med fossilbil. Den offentlege forteljinga er at det er «krise» for desse.
Statens ansvar
Vedtaket om avgiftskutt på drivstoff er eit nytt steg i retning av at staten tek meir og meir ansvar for privatøkonomien vår. Kvar går grensa?
Det starta under pandemien. Deretter kom Arbeidarpartiets politiske genistrek Norgespris frå 1. oktober i fjor. Regjeringa gav oss høve til å velja fast (og relativt låg) pris på straum. Straumprisen vart dermed effektivt fjerna som tema i valkampen hausten 2025.
Stortingets reaksjon på råoljeprisar over 100 dollar per fat er det siste steget i denne utviklinga. Staten stiller opp som buffer mot uventa prisendringar.
Folkets pengar
Me veit enno ikkje om avgiftskutta til bilistane vert dekte med meir oljepengar. Den jobben er overlaten til regjeringa og budsjettpartnarane deira i det reviderte statsbudsjettet i mai.
Dette er våre felles pengar, og overføringar frå Oljefondet dekkjer omtrent kvar fjerde utgiftskrone på statsbudsjettet. Oljepengar vert brukte, og slik skal det vera. Samstundes må ein så rik stat som den norske ha ein overordna regel for bruken av pengane. Å vedta alle små og store forslag og summera til slutt vil sprengja alle rammer.
Ramma må fyrst leggjast på overordna nivå. Det skjer mellom anna etter den såkalla handlingsregelen om å bruka 3 prosent av fondet kvart år.
Det lynraske avgiftskuttet på drivstoff er eit vedtak heilt lausrive frå rammene og prioriteringane til statsbudsjettet. Det er pengebruk utan dekning. Slik sett er det eit angrep på handlingsregelen.
Men ingen i marknaden for politikk vil stå tomhendt utan å tilby noko til bilistar og næringsliv. Arbeidarpartiet prøvde seg med ei utsetjing til det reviderte budsjettet i mai, men vart stemt ned i Stortinget.
Staten fiksar
Forfattaren Martin Bech Holte har gjort suksess med kritiske bøker om norsk økonomi. Bodskapen hans er at nordmenn har for lett for å be staten fiksa eit problem. Det er alltid pengar tilgjengeleg i Oljefondet
– Politikarane veit dette, og veljarane veit dette, og politikarane veit at veljarane veit det, har han sagt.
Denne gongen var det fossilbilistane sin tur. Matkundane kan bli neste gruppe ut. Maten har lenge hatt redusert moms, og fleire parti vil gjera satsen endå lågare. Det vil seia avgiftslette til oss alle i samsvar med matforbruket.
Nåde den som ikkje vil ha billegare mat.