Politikk
Barnevern bak lukka dører
Kvifor går dei aller fleste barnevernssaker i Noreg for lukka rett, når lova seier at dei skal vere opne? Er det fordi open rett stort sett gir eit anna resultat enn lukka?
Hovudgrunngjevinga for å halde dørene lukka er at barn skal vernast, forklarer Anita Skippervik og Yngve Nedrebø.
Illustrasjonsfoto: Thomas Johannessen
I Noreg er det lovfesta at alle rettsmøte i utgangspunktet skal vere offentlege, frå 2014 står det også i Grunnlova. Innsyn skal sikre offentleg kontroll og avmystifisere rettssaker. Men dette hindrar ikkje at så godt som alle barnevernssaker her i landet går for lukka dørar, også om privat part har eit sterkt ønske om open rett. Til overmål er mange av desse sakene dårleg dokumenterte, eller dokumentasjonen er halden unna det offentlege.
Når Noregs Høgsterett nett har hatt oppe tre barnevernssaker til behandling, skjedde det i open rett. Kanskje kan det sende eit signal til alle dei som vil operere i det skjulte.
Statsarkivar Yngve Nedrebø og jurist Anita Skippervik har engasjert seg i denne problematikken. Dei har især arbeidd med barnevernssaker og har hjelpt ei rad foreldre i møte med barnevern, politi og rettsvesen. Dette har gitt dei god innsikt i systemet og korleis arbeidet med omsorgsovertaking skjer.
– Hovudgrunngivinga for å halde dørene lukka er at barna skal vernast, forklarar dei to.
Det omsynet er det ingen som vil setje seg mot. Men når sjølv privat part ønskjer opne dører – og ikkje får det – må det vere andre «vitale» interesser som krev vern. At desse litt uklare interessene stadig vinn fram, kan vere ein del av forklaringa på at Noreg gong på gong blir felt i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) i Strasbourg i slike saker. For det som skjer bak stengde dører, får sjeldan eit korrigerande blikk på seg.
Dei to syner til utvalet Stortinget i 2009 sette ned for å greie ut og lage framlegg til revisjon av Grunnlova for å styrkje stillinga menneskerettane har i norsk rett. Der står det: «Bare gjennom offentlighet kan det oppnås sikkerhet om at den enkelte har fått en rettferdig rettergang slik hun eller han har krav på.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.