JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Norsk rulett i Barentshavet

Etter 37 år med oljeleiting har ikkje Barentshavet gjeve ei skattekrone i nettoinntekt til den norske staten. Likevel vil regjeringa satse hardare på boring i nord enn nokon gong.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Goliat-utbygginga til selskapet Eni vart langt dyrare enn planlagt, og feltet er neppe lønsamt med dagens oljepris. Dette er det einaste oljefeltet i produksjon i Barentshavet. Foto: Eni Norge

9093
20170324

Barentshavet

leitebrønnar

Regjeringa vil lyse ut 93 nye blokker i Barentshavet for leiteboring

Det er bora 107 leitebrønnar i dette havet sidan 1980

Ein leitebrønn i Barentshavet kostar truleg kring 800 millionar kroner

Staten dekkjer 78 prosent av utgiftene for oljeselskapa gjennom skattefrådrag eller leiterefusjon

Etter 37 år med petroleumsleiting i Barentshavet er berre to felt i produksjon, gassfeltet Snøhvit og oljefeltet Goliat

ØKONOMI

peranders@dagogtid.no

«No må vi køyre på litt», sa olje- og energiminister Terje Søviknes muntert på pressekonferansen sin førre måndag. Regjeringa køyrer hardt, og ho køyrer mot nord. Søviknes foreslo å lyse ut heile 93 nye blokker i Barentshavet for leiteboring, inkludert område både lenger nord og lenger aust enn nokon gong før. Dei nordlegaste blokkene strekkjer seg heilt inntil den verna 65-kilometerssonen kring Bjørnøya. Den endelege utlysinga skal skje i juni.

Forslaget har vekt sterke protestar frå miljøorganisasjonane. Dei nordlegaste blokkene ligg nær både iskanten og fuglefjella på Bjørnøya, opprydding etter oljesøl i Barentshavet vil vere svært krevjande, og nokre av blokkene overlappar med fleire av dei beste fiskefelta i norsk økonomisk sone.

Men sjølv om ein legg alle miljøomsyn til side, og ser kjølig på dei økonomiske interessene til den norske staten og dermed det norske folket, er det grunn til å vere skeptisk til oljesatsinga i Barentshavet. På grunn av dei særeigne skattereglane for oljenæringa risikerer AS Noreg å gå med tap på dette arktiske eventyret. Staten dekkjer 78 prosent av utgiftene til leiteboring gjennom skattefrådrag eller leiterefusjon. Og til no har petroleumsverksemda i Barentshavet etter alt å døme kosta staten meir gjennom tapte skatteinntekter og andre kostnader enn det har kasta av seg i form av petroleumsskatt.

Magert utbyte

Terje Søviknes har i teorien eit visst grunnlag for entusiasmen sin, for det finst truleg mykje olje og gass der nord. Oljedirektoratet trur at kring halvparten av dei uoppdaga olje- og gassressursane på norsk sokkel ligg under Barentshavet, eit anslag som openbert er svært usikkert. Men å finne olje og gass er ein ting. Å få til ei lønsam utvinning som gjev skatteinntekter, er noko heilt anna. Og historikken til oljeselskapa i Barentshavet er ikkje særleg god.

Barentshavet er rett nok langt mindre utforska av oljeindustrien enn Nordsjøen er, men dette havet er langt frå nokon jomfrueleg oljeprovins. Den første leitebrønnen i Barentshavet vart bora alt i 1980, og det er til no bora 107 leitebrønnar og 24 såkalla avgrensingsbrønnar i Barentshavet. Men på 37 år er berre to felt bygde ut: gassfeltet Snøhvit og oljefeltet Goliat. Og historia til desse to utbyggingane burde mane til varsemd. Det er svært kostbart å utvinne olje og gass i Barentshavet.

Sprekk på Snøhvit

Snøhvit-feltet vart oppdaga alt i 1984, men Statoil starta ikkje gassproduksjonen i landanlegget på Melkøya ved Hammerfest før i 2007. Undervegs sprakk budsjetta for prosjektet så det song. Da Stortinget godkjende utbygginga i 2002, var budsjettet 39,5 milliardar, men sluttsummen vart på 58 milliardar kroner. Alt med den første prislappen var Snøhvit rekna som eit marginalt prosjekt. Da budsjettet i 2002 vart auka til 45 milliardar, sa daverande Statoil-sjef Olav Fjell til NRK: «Hadde vi kjent til disse kostnadene tidligere, hadde ikke Snøhvitutbyggingen blitt startet.»

Snøhvit har likevel vist seg å gå i pluss. Salsinntektene på gassen frå feltet sidan starten er på kring 100 milliardar kroner, fortel mediekontakt Elin A. Isaksen i Statoil. Statoil opplyser ikkje kor mykje dette har generert i skatt, men frådraga for dei store investeringane har openbert avgrensa skattebidraga frå Snøhvit til no. Men dette er eit stort felt, og i løpet av levetida på kring 30 år kjem Snøhvit til å gje store inntekter til staten på sikt, om gassprisen held seg oppe. «Det kan forventes nettoinntekter på 150–200 milliarder 2016-kroner til statskassen i løpet av feltets levetid», skriv Håkon Smith-Isaksen i Olje- og energidepartementet i ein e-post, i så fall minst fem milliardar kroner i året.

Floppen Goliat

Da er det verre med Goliat-utbygginga til Eni Norge. Kostnadene med Goliat vart nær dobla frå det opphavlege budsjettet som Stortinget godkjende i 2009, og enda på 51 milliardar kroner. Oljeanalytikarar i Rystad Energy og Arctic Securities har hevda at Goliat må ha ein oljepris på kring 100 dollar fatet for å vere lønsamt, medan Eni sjølv hevdar at feltet kan bli lønsamt sjølv med dagens oljepris på kring 50 dollar fatet.

Med dei store investeringane og skattefrådraga kan vi i alle fall ta for gjeve at Goliat til no ikkje har generert ei krone i petroleumsskatt. Olje- og energidepartementet har ikkje laga nokon analyse av moglege inntekter til staten frå dette feltet. Men om Eni skulle klare å få Goliat til å gå litt i pluss i løpet av den forventa levetida på 15 år, blir det uansett ikkje store summar til statskassa av det.

Dyre brønnar

Trass i det magre utbytet frå Barentshavet til no, opnar altså regjeringa enorme område for petroleumsaktivitet i nord. Og om leiteaktiviteten blir så stor som Terje Søviknes håpar, kjem det til å koste store pengar for staten. Ein leitebrønn i Barentshavet kostar i snitt kring 800 millionar kroner, meiner analyseselskapet Rystad Energy. Av dette dekkjer staten altså 78 prosent. Oljeselskap som har inntekter på norsk sokkel, trekkjer frå kostnadene på skatten, medan selskap utan inntekter får pengane utbetalt kontant frå staten i såkalla leiterefusjon.

I år reknar Oljedirektoratet med at det blir bora kring ti leitebrønnar i Barentshavet. Det tilseier eit inntektstap for staten på noko over seks milliardar på leiteboringa i nord i år – omtrent det same som den forventa årlege skatteinngangen frå Snøhvit.

Eit vanskeleg hav

Ingen andre oljeland gjev oljeselskapa så gode vilkår for leiteboring som Noreg gjer. Skattesystemet vårt gjer det langt billegare å bore i Barentshavet enn til dømes på sokkelen utanfor Alaska. Vona er sjølvsagt at dette skal betale seg på sikt for Noreg, fordi staten i teorien tek inn 78 prosent av inntektene på olje- og gassutvinninga i skatt.

På grunn av frådrags- og avskrivingsordningane er rett nok den reelle skatten på petroleumsinntektene på under 70 prosent, men i alle fall: Staten tek det mest av både risikoen og inntektene i petroleumsverksemda, og i hovudsak har denne modellen tent oss godt. Olje- og gassutvinninga har gjort Noreg til eit langt rikare land. Og det store Johan Sverdrup-feltet som vart oppdaga i Nordsjøen i 2010, det femte største oljefunnet på norsk sokkel, vil åleine gje skatteinntekter som forsvarer utlegga til mange år med leiteboring.

Men Barentshavet er ei anna soge. Dei svært høge kostnadene ved utvinning i nord, kombinert med fallet i oljeprisen sidan 2014, set problema med den norske skattemodellen på spissen. Staten tek ein stor økonomisk risiko ved å sponse leiteboringa i Barentshavet, der funna må vere langt større enn i Nordsjøen for å vere lønsame. Medan røyrleidningar og andre oljeinstallasjonar ligg tett i tett i Nordsjøen, manglar Barentshavet alt av infrastruktur for oljeverksemd, og avstandane er store.

Castberg på vippen

Dei svært høge kostnadene førte til at russiske Gazprom i 2012 valde å skrinleggje utbygginga av Sjtokman-feltet aust i Barentshavet, eit av dei største gassfunna i verda. Og Statoil har framleis ikkje teke noka avgjerd om ei utbygging av det store oljefeltet Johan Castberg i Barentshavet. Feltet innheld kring 500 millionar fat olje, og vart oppdaga i 2011. Statoil hevda i fjor at Castberg-utbygginga vil vere lønsam med ein oljepris på 50 dollar fatet. Analytikar John A. Olaisen i ABG Sundal Collier hadde derimot inga tru på dette, og sa til Dagens Næringsliv at «alle oljeprosjekter i Barentshavet er bare å begrave» med ein slik oljepris.

Olje- og energidepartementet har derimot trua på Castberg, og viser til utrekningar som tyder på at Castberg skal gje kring 125 milliarder kroner i skattar og avgifter til staten. «Castberg illustrerer at ett vellykket felt kan være nok til å sikre statens lønnsomhet for Barentshavet», skriv statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde i e-post.

I løpet av året vil det vise seg om Statoil vågar å satse på Castberg-utbygginga, slik selskapet har varsla at det vil. Om det blir ja, vil fleire regjeringar kome og gå før vi får vite kva utbygginga faktisk kjem til å koste, og før vi får vite om feltet faktisk kjem til å gje dei skatteinntektene som dagens regjering håpar på.

I mellomtida vel den norske staten å satse over 600 millionar kroner på vegner av den norske fellesskapen per leitebrønn i nord. Terje Søviknes har strødd sjetongar ut over store delar av Barentshavet, i von om å vinne den store vinsten i oljeruletten.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Staten tek ein stor økonomisk risiko ved
å sponse leiteboringa i Barentshavet.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis