Kommentar

Barbarane på Øyafestivalen

KKR, verdas største oppkjøpsfond, vart ein gong kalla barbarar. I år kom dei til Øyafestivalen.

Oslo 20250806. Mens Øyafestivalen fylles med folk, demonstrerer Palestina-aktivister med sterke virkemidler utenfor festivalsområde i Tøyenparken onsdag.Foto: Heiko Junge / NTB
Palestina-aktivistar demonstrerte utanfor Øyafestivalen i sommar.
Publisert Sist oppdatert

Eit selskap dei færraste i Noreg hadde høyrt om, sette sinna i kok denne festivalsommaren. Øyafestivalen var spesielt omstridd. Nokre artistar trekte seg frå programmet, publikum ville selja billettane sine, og andre ville boikotta Øya. Årsaka var enkel: I 2024 vart britiske Superstruct kjøpt opp av investeringsselskapet KKR, Kohlberg Kravis Roberts & Co., som har adresse i New York. Superstruct eigde over 80 festivalar i verda, deriblant Øyafestivalen. 

KKR bidreg òg til å selja bustader til jødiske nybyggjarar i Palestina, mellom anna gjennom verksemda si i Israel.

«Fritt Palestina» var slagordet for heile festivalsommaren, både i Noreg og i utlandet, og folk samla seg i kampen mot KKR – og mot Øya. KKR vart angripne frå fleire kantar, og her til lands var det kommunikasjonsbyrået First House som skulle forsvara interessene deira. Kanskje blir denne artikkelen òg omsett og send til hovudkvarteret?

Gjensyn

Kontroversar er ikkje noko nytt for Kohlberg Kravis Roberts & Co. Dei har stått i frontlinja i alle dei 50 åra dei har eksistert. Boka Barbarians at the Gate – The Fall of RJR Nabisco skildrar den nye brutaliteten i næringslivet på 1980-talet – det vart snakka om krig. Seinare vart kampen om RJR Nabisco filmatisert, truleg fordi dette konsernet var tett knytt til kvardagen til folk. RJR Nabisco laga sigarettane folk røykte – mellom anna Winston, som eg sjølv røykte – og kjeksa som folk åt, som Ritz og Oreo. Mellom mykje anna.

Folk flest opplevde at ein del av kvardagen deira vart kuppa sjølv om leiinga var imot det, og det ikkje tente interessene til dei tilsette. Samstundes stod KKR i spissen for ein ny trend. Aggressive oppkjøparar som T. Boone Pickens, Carl Icahn og Ivan Boeski angreip andre børsgigantar òg, til dømes Philips Petroleum, som dei meinte var underprisa av marknaden. Her var det raske dollar å tena, anten ein «greenmaila» leiinga (utpressing mot utbetaling), eller tok over og stykkja verksemda opp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement