Økonomi

Balladen om Entra

Ei soge om korleis staten kvitta seg med husa sine for å kunne betale leige til investorar inn i æva.

Nasjonalbiblioteket i Oslo, reist i 1914, er utleigd av Entra til staten.
Nasjonalbiblioteket i Oslo, reist i 1914, er utleigd av Entra til staten.
Publisert

Eigedomsselskapet Entra er i spel. Den svenske eigedomsgiganten Samhällsbyggnadsbolaget (SBB) har bydd kring 30 milliardar kroner for heile selskapet. Men styret i Entra har så langt takka nei, og prisen kan stige, for ein annan mogleg kjøpar luskar visstnok i kulissane, skriv Dagens Næringsliv denne veka.

I stor grad handlar denne bodkampen om kven som skal hauste årlege milliardutbyte frå å leige ut lokale til den norske staten. Svært mange av desse bygga vart i si tid reiste for skattepengar, men har via Entra hamna på hendene til private investorar – for prisar svært langt under dagens marknadsverdi.

Spørsmålet om det blir svenske SBB eller andre storinvestorar som endar opp med denne pålitelege pengemaskina, er ikkje prinsipielt viktig. Men soga om Entra fortel mykje om korleis Noreg har endra seg dei siste 20 åra. Det er ei soge frå gråsonene i grenselandet mellom offentleg og privat sektor, om milliardverdiar som har gått frå staten til private investorar, om leiarar som fekk millionbonus for å ta imot faste leigeinntekter, om statsråd etter statsråd som hyttar avmektig med neven mot lønsfesten, om forsøk på å lure Riksrevisjonen og toppsjefar som har gått i vanære (med solid etterløn).

Siste kapittel spelar seg ut no. Staten har i dag berre 8 prosent av aksjane i Entra og er truleg heilt ute snart. Og vinnaren av bodrunden om Entra kan tene seg enda rikare på husleige frå Nasjonalbiblioteket, Oljedirektoratet, Politihuset i Bergen og andre offentleg finansierte bygg rundt i landet, heilt til Dovre fell. Men korleis kom vi hit?

Leigde av seg sjølv

Soga om Entra tok til i slutten av 1990-åra, under sentrumsregjeringa til Kjell Magne Bondevik (KrF) og arbeids- og administrasjonsminister Eldbjørg Løwer frå Venstre. Løwer ønskte å omorganisere Statsbygg, som da hadde ansvaret for å forvalte den statlege eigedomsmassen. Ordninga med såkalla rammestyring var alt innført – det vil seie at statlege verksemder skulle betale husleige også for bruken av statens eigne lokale.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement