Kommentar
Baksida av medaljen
Forsvaret og forsvarssjefen har måla seg inn i eit hjørne. Dei nekta for at dei visste at feil mann blei tatt. Så påstår dei at mannen dei tok, uansett må ha vore ein Taliban-leiar.
Kong Harald tok i audiens imot Eirik Kristoffersen på Slottet for å tildela han Krigskorset i 2011.
Foto: Lise Åserud / NTB
Sist veke fortalde Dag og Tid historia om da norske spesialsoldatar aksjonerte mot ein «sentral Taliban-leiar» i Afghanistan i 2007, og ikkje minst om etterspelet («Lygekorset med sverd og eikelauv?»).
Slik VG har vist i ei rekke artiklar gjennom snart to år: Mange andre visste dette, nesten frå første stund. Feil mann blei arrestert – og sleppt fri etter kort tid.
Problemet
Enkelte lurer kanskje på kva som eigentleg er problemet i denne saka. Ho dreier seg til dømes ikkje om at dei norske spesialsoldatane, inkludert Eirik Kristoffersen, gjorde ein god jobb eller ikkje. Under den omtalte operasjonen blei Mohammed Naseem feilaktig peikt ut som Taliban-leiar Qari Nejat og arrestert. Men det var ikkje nordmennene sin feil. Dei måtte tru på informasjonen frå andre etterretningskjelder, som ikkje var på bakken under operasjonen. Slike feil var vanlege i Afghanistan.
Saka handlar om korleis Kristoffersen har hevda at han heile tida har trudd dei tok Nejat, når «alle» andre visste at det ikkje var tilfelle.
Amerikanarane melde (på ISAF SECRET-nettverket, som Forsvaret delte) alt dagen etter operasjonen (kl. 13.12) at det ikkje var Nejat som var tatt til fange, men Mohammed Naseem. Amerikanarane stadfesta den første meldinga kl. 19 dagen etter. Da var datamaskinane i den norske basen framleis skrudd på, ifølgje VGs opplysningar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.