Økonomi
Avviser kritikken
– Vi driv godt. Då får vi gode resultat, seier Sigurd Aase.
Sigurd Aase eig 50 prosent av Trygge Barnehager AS. Han meiner det er underleg at Hagen-utvalet og dei som kritiserer dei private, ikkje er opptekne av kor billig dei private barnehagane driv.
– Eg ser at det ikkje vert ein debatt om at dei private barnehagane vert drivne 2 milliardar billigare enn dei kommunale. Den debatten er fråverande. No har vi private halvparten av marknaden. Og vi driv altså 2 milliardar billigare. Burde ikkje røntgenblikket vorte vendt mot dei kommunale som driv så mykje dyrare og kostar skattebetalarane mykje?
– Men utvalet peiker på at mange private selskap har fått billige eller gratis eigedomar, som dei så har selt vidare med svært høg profitt. Det må du vera samd i er uheldig?
– Dette har eg ikkje god kjennskap til. Det dreier seg ikkje om våre barnehagar. No har vi rett nok 180 eigedomar, og eg har ikkje full oversikt. Men vi har kjøpt ei rekkje private tomtar til marknadspris. Andre får svara for det dei har gjort.
– Men de har hatt driftsmarginar på mellom 9 og 12 prosent dei siste åra. Det meiner utvalet er uvanleg høgt.
– I 2019 har vi ein driftsmargin på 4,3 prosent. Tidlegare år er eigedom inkludert, så tala i NOU-en gjev ikkje eit rett bilete. Men ja, når vi har så lågt sjukefråvær som vi har, og dei tilsette trivst godt, får vi lægre personalkostnader. Typisk er personalkostnaden 80 prosent. Vi treng i mykje mindre grad enn andre å nytta vikarar. Det er no eingong slik at om ein driv godt, får ein gode resultat. Dersom ein leverer betre bilar enn andre, fortener ein ikkje å få halda på den gode verdiskapinga ein då har?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.