JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Austersjømysteriet

Energisamarbeidet mellom Tyskland og Russland i Austersjøen var ein del av avspenningspolitikken mellom aust og vest: Sprenginga av Nord Stream 1 og 2 symboliserer eit nederlag for fredssaka.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nord Stream 2 har ikkje nett halde det reklamen lovde i november 2021. Kven som sprengde røyra i Austersjøen, er framleis uvisst.

Foto: Stefan Sauer / AP / NTB

13500
20230317
13500
20230317

Nord Stream 1 og 2 var verdas største undersjøiske gassrøyrleidningar. Dei knytte Russland og Tyskland saman reint fysisk. Røyra gjekk frå den russiske byen Vyborg inst i Finskebukta, forbi Finland og Sverige, dei tre baltiske landa, Polen og Danmark, fram til badebyen Lubmin nordaust i Tyskland.

Anlegget var 1224 kilometer langt, kvart røyr over meteren i diameter, støypt i stål og betong, til saman nær ti millionar tonn i vekt, robust nok til å skulle halda seg uskadd i femti år. Sabotasjen på botnen av Austersjøen 26. september i fjor nytta ei sprengladning på mange hundre kilo og vart registrert som jordskjelv på Richter-skalaen.

Austpolitikken

Bygginga av gassrøyra frå Sibir i Sovjetsamveldet til Vest-Europa og Vest-Tyskland tok til i slutten av 1960-åra som ein lekk i avspenninga mellom aust og vest under den kalde krigen og var ein del av Ostpolitik, den vesttyske kanslaren Willy Brandts omlegging av tilhøvet til dei austlege naboane for å oppnå fred og eit samla Tyskland.

Russarane sikra seg ein stor europeisk marknad for naturgassen sin, og tyskarane fekk dekt energibehovet sitt så billeg at dei kjøpte meir enn dei trong, og selde vidare til andre land. Men like mykje var gasshandelen eit politisk prosjekt som alle amerikanske presidentar frå Kennedy til Trump har kjempa imot.

Etter Sovjetunionens samanbrot i 1991 ynskte Russland å fri gasseksporten frå transitten gjennom Ukraina og Polen, som skapte stadige konfliktar. Bygginga av Nord Stream 1 gjennom Austersjøen vart starta året etter den ukrainske oransjerevolusjonen i 2004, og avtalen om bygging av Nord Stream 2 kom rett etter Maidan-opprøret i 2014. Såleis har Austersjøprosjektet bakgrunn i den kalde krigen og den tyske austpolitikken og pådriv i Russlands trong for å sikra gasseksporten mot den politiske utviklinga i Ukraina.

Bygginga av mammutprosjektet tok til i 2005, etter at den tyske forbundskanslaren Gerhard Schröder og den russiske presidenten Vladimir Putin underteikna avtalen om gassleidninga i ei tid då Putin framleis såg Russland som ein del av vestverda. Nord Stream vert òg kalla «babyen» til den personlege venskapen mellom desse to statsleiarane og kan sjåast som eit konkret symbol på draumen om europeisk einskap frå Ural til Bretagne.

Fridomsgassen

Ikkje alle såg det slik. Avtalen om den undersjøiske gasslina utløyste sterke protestar frå Ukraina og Polen som frykta å mista inntektene sine frå linene gjennom landa, som for Ukrainas del var opp til tre milliardar euro årleg. Den polske forsvarsministeren Radoslav Sikorski samanlikna i 2006 Nord Stream-avtalen mellom Tyskland og Russland med Hitler-Stalin-pakta frå 1939.

Frå tidleg i 1960-åra hadde amerikanarane vilja stansa gasshandelen mellom kommunistane i aust og sine allierte i Vest-Europa. Reagan-administrasjonen sanksjonerte i 1982 vestlege selskap som medverka til bygginga av gassrøyra. I Washington meinte dei at gasshandelen styrkte Sovjetsamveldet og svekte Vest-Europa, og dette synspunktet har halde seg heilt fram til i dag. I 2019 gjekk USAs viseenergiminister Mark W. Menezes inn for at europearane skulle gje avkall på den autoritære gassen frå Sibir og i staden kjøpa «fridomsgass», som han kalla den amerikanske skifergassen.

Bak dei amerikanske argumenta om tryggleiksrisiko med ein energihandel som tyskarane såg på som fredsskapande, låg kjensgjerninga at Russland og USA rådde over dei største naturgassførekomstane i verda og konkurrerte om den viktigaste gassmarknaden i verda, nemleg Europa. Då forretningsmannen Donald Trump vart amerikansk president i 2016, vurderte han å trekkja USA ut av Nato om ikkje Tyskland skrota avtalen om Nord Stream 2 med Russland.

Mot denne bakgrunnen er det ikkje merkeleg at sabotasjen i Austersjøen vekte spontane gledesreaksjonar i enkelte krinsar. Den nemnde polske utanriksministeren Sikorski sende ut ein tweet med bilete av gasslekkasjane utanfor Bornholm med teksten: «Thank you, USA.» Den amerikanske diplomaten Victoria Nuland, som spela ein sentral rolle i det ukrainske presidentskiftet i 2014, erklærte seg «svært nøgd med at Nord Stream 2 no er (...) ein skraphaug på botnen av havet».

Gass boblar opp ved Bornholm 27. september 2022.

Foto: Dansk forsvarskommando / Reuters / NTB

Kriminalgåta

Men denne gleda over sabotasjen på Nord Stream-gassrøyra 26. september 2022 seier i seg sjølv ikkje noko om kven som stod bak han. Til no er det peika på fire mistenkte: fyrst Russland, seinare USA saman med Noreg, og nyleg Ukraina. Det ligg førebels ikkje føre fellande prov, og det kan dukka opp informasjon som gjer om på det vi skriv her.

Den historiske bakgrunnen for Nord Stream-prosjektet og mogelege motiv for sabotasjen svekkjer mistanken mot Russland. Både før, under og etter krigen i Ukraina representerer Nord Stream-gassleidningene store økonomiske, politiske og strategiske fordelar for russarane, men òg for tyskarane.

Sjølv om gassleveransane no under krigen var stogga, ville eit intakt Nord Stream vore eit konstant press mot Tyskland om ikkje å gå for tungt inn med støtte til Ukraina, og bevara tilhøvet austover. At Russland skulle øydeleggja røyrleidninga i Austersjøen etter sjølv å ha planlagt, bygd og investert milliardar gjennom 25 år, ville ha vore sjølvskading.

Ein lengre reportasje i Washington Post 21. desember i fjor fortel korleis den opphavlege trua på at Russland hadde øydelagt sine eigne gassrøyr, er vorten svekt etter som tida har gått utan eit einaste spor etter russarar. I eit intervju i den britiske nettavisa UnHerd 22. februar seier Fiona Hill, tidlegare medlem av det amerikanske tryggingsrådet med ansvar for tilhøvet til Russland, at ho fyrst trudde Russland var ansvarleg for sabotasjen, men at ho no heller meir mot Ukraina; ho trur ikkje USA står bak. Men nærleiken hennar til amerikanske styresmakter kan reisa spørsmålet om kor openhjartig ho er.

It seems that you don't have a PDF plugin for this browser. Click here to download the PDF file.

Nord Stream 1 og 2 var verdas største undersjøiske gassrøyrleidningar. Dei gjekk frå den russiske byen Vyborg til Lubmin nordaust i Tyskland.

USA og Noreg

Mistanken mot USA og Noreg stør seg på den kjende journalisten Seymour Hershs reportasje «How America Took Out The Nord Stream Pipeline» på den amerikanske nettplattforma Substrack 8. februar. Her vert det vist til ei anonym kjelde som skal ha stått nær planlegginga av aksjonen. Hershs journalistiske ry skriv seg frå avsløringa av My Lai-massakren og den hemmelege bombinga av Kambodsja under Vietnamkrigen, dekkinga av Watergate-skandalen i New York Times og New Yorker-serien om torturen av fangar i Abu Ghraib-fengselet i Irak.

To seinare reportasjar der han frikjende Assad-regimet for gassåtaket i Syria i 2013 og hevda at det amerikanske raidet mot Osama bin Laden var ein regissert versjon av hendinga, svekte tiltrua til Hersh og fekk fleire til å meina at han trur for lett på kjeldene sine. Likevel lyt ein sjå på det han skriv, og ikkje berre forkasta bodskapen ut frå tvilen på bodbringaren.

Hersh seier at amerikanske militære dykkarar plasserte sprengladningar med fjernutløysing på Nord Stream-gassrøyra utanfor Bornholm under dekke av Nato-øvinga i Austersjøen sist sommar. Leiarane av sabotasjegruppa flaug til Noreg i mars 2022 og møtte representantar for dei norske hemmelege tenestene og den norske marinen, som fann den beste staden for sabotasjen.

Sjølve operasjonen vart utført av dei amerikanske dykkarane, men frå eit norsk minejaktfarty. Eksplosjonane vart utløyste av eit norsk maritimt patruljefly som kryssa over Nord Stream-linene nokre få timar før eksplosjonane.

Hersh skriv om konspirasjonen bak lukka dører i Washington med ein rikdom av detaljar og nemner mange namn på deltakarar på eit vis som gjer at lesaren ikkje utan vidare kan avvisa den delen som handlar om planlegginga av sabotasjen, som utenkjeleg. Men forteljinga om Noregs rolle framstår som upåliteleg. Til dømes seier Hersh at nordmennene «hatar russarane», og at Jens Stoltenberg er ein «lidenskapeleg antikommunist» som sidan ungdomen «har samarbeidd med amerikansk etterretning».

I ein artikkel på Faktisk.no denne veka vert det hevda at det norske marinejaktfartyet KNM «Hinnøy» som tok del i Nato-øvinga i Austersjøen i 2022, var for langt unna eksplosjonsstadene til at det kunne vore base for sabotasjen, og at det ikkje var noko norsk fly over desse stadene rett før eksplosjonane.

Til forsvar for Hersh kunne ein seia at kjelda hans kanskje hadde nærare kjennskap til det som hende i USA, enn til det som hende i Europa. Det er òg dette Hersh sjølv indirekte seier: Kjelda hans hadde «direkte kunnskap til planlegginga». Men dei beint fram feilaktige innslaga i omtalen av Noregs tilhøve til Russland, antydinga om at Stoltenberg skulle ha vore CIA-agent, og problema med å finna dei norske fartya som vert nemnde, svekkjer heile reportasjen og ikkje berre delen om Noreg.

Ukraina 1

Mistanken mot Ukraina byggjer på artiklar i New York Times og Die Zeit frå 7. mars som syner til anonyme kjelder innanfor amerikansk og tysk etterretning.

Ifølgje New York Times-reportasjen vart sabotasjen utført av ei «pro-ukrainsk gruppe» av ukrainarar og russarar som var «motstandarar av Putin». Det skulle dreia seg om «erfarne dykkarar som ikkje lét til å arbeida for militære eller etterretningsmessige tenester». Mykje meir substans enn dette ligg ikkje i reportasjen.

Avisa syner til «USA-tenestefolk» i fleirtal som kjelde, og ein får inntrykk av at amerikanske etterretningsfolk har møtt opp hos New York Times i flokkevis for å levera nyhendet sitt.

Trass i det store oppbodet av kjelder svekkjer avisa saka si med å seia at opplysingane berre antyder at spora går til Ukraina. Kjeldene understrekar at «det er mykje dei ikkje veit om aktørane og kontaktane deira», og vil ikkje eingong vurdera kor haldbare «prova» deira er, men veit likevel at ingen som tok del i sabotasjen, var amerikanske eller britiske borgarar.

Reportasjen står fram som ei polemisk frikjenning av USA for Hershs klage om å stå bak sabotasjen. Medan Hersh har for få kjelder, berre éi, har New York Times for mange, og dei veit etter eigne utsegner eigenleg ikkje noko.

Ukraina 2

Medan New York Times viser til amerikanske tenestefolk som kjelder, viser Die Zeit til tyske, og skriv at reportasjen er resultatet av undersøkingar avisa har gjort saman med to andre tyske medium.

Gjennom opplysingar dei tyske presseorgana kunne gje den tyske etterretninga, vart båten som vart nytta til den hemmelege operasjonen i Austersjøen, identifisert. Det skal handla om ein yacht leigd ut av eit firma eigd av to ukrainarar. Mannskapet, som sette til havs frå Rostock i Tyskland, var for­utan kapteinen to mannlege dykkarar, to mannlege dykkarassistentar og ein kvinneleg lege, alle med falskt pass og uklår nasjonalitet. Som mellomstasjonar nytta dei den tyske øya Rügen og danske Christiansø eit par mil nordaust for Bornholm. Båten vart levert attende til utleigaren i uvaska stand, slik at etterforskarane kunne finna spor etter sprengstoff på bordet i kabinen.

Det einaste som her peikar mot Ukraina, er eigarane av båten. Men sett saman med etterretninga som New York Times refererte til same dagen, vert det til at «spora fører til Ukraina», som det heitte i tittelen. Men ikkje før har Die Zeit sagt dette, før avisa slår seg på munnen med å seia at «internasjonale tryggingskrinsar» ikkje ser bort frå at heile båthistoria kan vera ein «false flag-operasjon».

I tillegg melde det tyske Tagesschau 8. mars at dei to ukrainarane som eigde båtfirmaet, ikkje var mistenkte for å ha hatt noko med sabotasjen å gjera. Såleis oppheva den tyske pressa den mistanken mot Ukraina som deira eigne reportasjar hadde skapt.

Den omvende muren

Berre spesialiserte dykkarar med militær trening, og med tilgang på sprengstoff berre militærvesen rår over, kan ha utført sabotasjen, skriv Die Zeit 9. mars. Ein militærekspert seier derimot at to dykkarar lett kunne ha utført operasjonen på 80 meters djup. I same reportasje heiter det at dei «berre ville ha ti minutt på seg» til å plassera sprengladningane.

I ein annan artikkel i Die Zeit 10. mars vert det referert til Konstantin von Notz, leiar av det parlamentariske kontrollutvalet til ettersyn av dei hemmelege tenestene – at det er «høgst sannsynleg at vi har å gjera med ein statleg eller halvstatleg aktør», særleg med tanke på den mengda sprengstoff det er snakk om.

Dermed snakkar vi om ein aksjon planlagd og utført av ressurssterke hemmelege tenester. Men sjølv om historikk og motiv peikar mot land i vest, står vi førebels utan prov. Om sabotørane har vore dyktige med å sletta spora sine, kan øydelegginga verta ei uløyst gåte lenge.

Andlet til andlet med slike gåter oppstår forteljingar som vil forklara kva som er skjedd. I valet mellom desse ulike løysingane vel vi ofte den som passar best til verdsbiletet vårt. I denne saka gjeld dette for alle dei forslaga vi har vore innom. Også denne kommentaren kan vera råka av det.

Hendinga vil uansett verte ståande som ein metafor for nederlaga til fredssaka. Inga hending illustrerer betre at forsoninga mellom aust og vest mislukkast. Berlinmurens fall, som vi feira i 1989 som eit mirakel, er både symbolsk og praktisk oppheva i sabotasjen på botnen av Austersjøen. Sprenginga av Nord Stream reiv over dei fysiske banda mellom Russland og Tyskland: Muren vart eit krater.

Medan Berlinmurens fall opna opp for samlinga av Europa, tyder sprenginga av gassrøyra på at vona om Europa som kulturell og økonomisk eining er sløkt for fleire generasjonar.

Kaj Skagen

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis