JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

IntervjuSamfunn

– Eit godt hybrid angrep gjer at folk flest sår tvil om dei offisielle forklaringane

Cecilie Hellestveit intervjuar seg sjølv om kvifor Russland angrip seg sjølv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Cecilie Hellestveit spør kven som sprengde gassrøyrleidningen – og svarar.

Cecilie Hellestveit spør kven som sprengde gassrøyrleidningen – og svarar.

Foto: Erik Hannemann

Cecilie Hellestveit spør kven som sprengde gassrøyrleidningen – og svarar.

Cecilie Hellestveit spør kven som sprengde gassrøyrleidningen – og svarar.

Foto: Erik Hannemann

11191
20230217
11191
20230217

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Den 26. september i 2022 eksploderte det i Austersjøen. To store gassinfrastrukturprosjekt mellom Russland og Europa – North Stream 1 og North Stream 2 – vart øydelagde i eit koordinert sabotasjeangrep, det vi gjerne kallar eit hybrid angrep.

– Du, Hellestveit, skriv på ei bok om hybride verktøy i internasjonal rett og politikk. Kva er eit hybrid verktøy?

– Det hybride rettar seg mot synlege eller symbolske mål, men har gjerne ei anna hensikt som er mindre oppe i dagen. Sjølv om eit angrep øydelegg noko, ligg det viktigare motiv bak, som å signalisere evne eller spele inn i ein forhandlingsprosess. At eit verkemiddel er hybrid, tyder at hovudformålet er noko anna enn det ein trur ved fyrste augekast. I Noreg kallar vi det gjerne for samansette verkemiddel. Det får fram at dei verkar på fleire flater. Omgrepet hybrid kan òg tyde at noko er midt imellom krig og fred – eit verkemiddel frå krig (angrep mot infrastruktur) nytta «under terskel for væpna konflikt», som vi folkerettsjuristar seier. Angrepet mot gassrøyra i Austersjøen 26. september var hybrid i begge desse tydingane.

– Nato omtala angrepa som «reckless acts of sabotage». Meiner du at det var «uforsvarleg»?

– Angrepet var retta mot sentral infrastruktur. Røyrleidningane som vart øydelagde, har kosta rundt 200 milliardar og teke 15 år å bygge. Dei bind russisk og tysk økonomi saman. Etter planen skulle North Stream 2 kvart år levere ca 50 prosent av Tysklands gassforbruk, og gje Russland 150 milliardar dollar i årlege inntekter. Angrepa er knytte til Russlands krig mot Ukraina, men fann stad utanfor krigsteateret. Det kunne ha resultert i at krigen eskalerte. Til dømes om nokon hadde trekt eit videobevis ut av ermet og «teke dei skuldige på fersken». Då kunne Russland eller Tyskland ha sett på dette som eit angrep mot seg, og situasjonen i Europa kunne raskt ha endra karakter. Slik sett var angrepet «uforsvarleg». Men som eit hybridangrep er det godt innanfor. Sprengladningane var plasserte på førehand og på djupna. Avsløringar «flagrante delictio» (på fersken) er ikkje avgjerande i desse sakene. Hugs den amerikanske utanriksministeren Colin Powell i 2003 med sin rykande pistol i tryggingsrådet før invasjonen i Irak, som viste seg å vere reint oppspinn. Det lar seg fint gjere å tilbakevise slike påstandar, dersom det er tale om ein vellukka hybrid operasjon. Og dette angrepet kjem truleg til å gå hen i historia som ein klassikar.

– Kva er det som gjer dette hybride angrepet så vellukka?

– Stikkordet er tidspunkt. Det fann stad medan ukrainarane hadde stor framgang på slagmarka, russarane var svært pressa, tyskarane nøla, og polakkane, britane og amerikanarane var i ferd med å miste tolmodet. Mykje hende samstundes. Uansett kva som var hovudmålsetninga, får angrepet konsekvensar på fleire flater, noko som gjev den skuldige staten høg grad av kamuflasje. Utan klare bevis vert det nærast umogeleg å «resonnere seg fram til den skuldige», fordi du ender opp med for mange på lista over mistenkte. Tyskland, Danmark og Sverige har alle etterforska angrepet, men har valt å ikkje konkludere. Ikkje-konklusjon vert ein del av plottet. Er det fordi dei ikkje veit, eller fordi dei ikkje vil seie det dei veit? Spekulasjonane florerer, og det kan nektast på (plausible deniability).

– Men kven trur du står bak angrepa mot gassrøyrleidningane i Austersjøen?

– På mi liste er det mange mistenkte. Det er meir eller mindre plausible forklaringar på kvifor kvar av dei kan stå bak, korleis dei har klart å utføre eit slikt angrep, kvifor dei har valt dette tidspunktet, og kvifor dei har gjort det slik.

– Som eit plot frå Agatha Christie?

– Eit av dei fremste kjennemerka til hybride angrep er at mange kan framstå som mogelege skuldige. Men det sentrale er kva som festar seg hjå publikum. Når kvarmannsen etter angrepet i september tok tastaturet fatt og googla «North Stream 2», var det første som kom opp, to amerikanske presidentar, Trump og Biden, som begge har truga med å «sørge for at North Stream 2 aldri skal fungere». Då skjøner jo folk kva som må ha gått føre seg her. Den amerikanske legendariske gravejournalisten Seymour Hersh peikar no på Biden-administrasjonen som den skuldige, men bekreftar berre det mange allereie har funne ut på eiga hand.

– Men kvifor skal USA ha angripe gassrøyrleidningar til Tyskland, som jo er ein alliert?

– Russland har peika på USA og hevdar at USA saboterer handel mellom Tyskland og Russland for å rive ned alt som kan «truge det amerikanske hegemoniet». Hersh hevdar på si side at amerikanarane er på jakt etter Russlands del av gassmarknaden – dei ynskjer å selje gass til Europa sjølve. USA vart verdas største eksportør av flytande gass i 2021. Likevel er det verken Russland eller Hersh som er kjelda til denne teorien – det er folk flest. Hausten 2021 sa Biden at «om Russland angrip Ukraina, vil vi gjere slutt på NS 2». Her trengst ikkje fleire bevis.

– Men du trur fortsatt at Russland står bak?

– Ja. Pressehistoria er ein god kamuflasje for Moskva, og det vert ein kostnad å peike på andre. Er vi som likevel held ein knapp på Russland, «russofobar»? Det er jo ein annan som står høgare oppe på lista over mistenkte, med motiv, evne og høve, og med annonserte planar! Eit godt hybrid angrep gjer at folk flest sår tvil om dei offisielle forklaringane. Alle som peikar på Russland, som til dømes eg, må tole skuldingar om å vere «i lomma på Nato».

Nord Stream 2-gassrøyrleidningen mellom Russland og Tyskland vart sprengd i september i fjor, det er alle samde om.

Nord Stream 2-gassrøyrleidningen mellom Russland og Tyskland vart sprengd i september i fjor, det er alle samde om.

Foto: Svensk kystvakt / AP / NTB

– Du trur altså at Russland har angripe seg sjølv. Kvifor?

– Angrepet fall saman med at Putin og Kreml endra strategi i Ukraina. Mykje skjedde raskt. Folkeavstemningar vart avhaldne i fire okkuperte ukrainske provinsar, frå 20. september. Den 26. september kom angrepa mot russiske gassrøyrleidningar i Austersjøen, og 30. september flytta Putin Russlands grenser vestover. Samstundes mobiliserte Putin. Mobilisering syner at krigen går dårleg, det er politisk risikabelt og det må grunngjevast godt. Russiske gutar skulle ikkje sendast til eit anna land, men til ei ny russisk grense. Annektering og mobilisering kom som følgje av «trugsmålet frå vest», no godt illustrert ved angrep mot ein russisk-tysk rørleidning. Det er anglosaksarane som sørger for at vestlege land ikkje kan samarbeide med Russland lenger – dei same som pumpar våpen inn i Ukraina. Faren, som Putin gjentar støtt, kjem frå vest.

– Når Russland valde å flytte grensa vestover gjennom å tilrane seg ukrainsk territorium, kom Tyskland ikkje til å vilje kjøpe russisk gass. Russisk anneksjon gjorde at utsikta til handel med Tyskland allereie var gravlagd då sprengladningane gjekk av i Austersjøen.

– Men sjølv om det russiske publikum kjøpte historia med faren frå vest, gjorde vel ikkje resten av verda det?

– Det er riktig. Men det gav Russland ein prosessuell fordel. Når røyrleidningar mellom to statar vert angripne, kan dei bestemme kven dei trur stod bak, og avgjere kva slags reaksjonar angrepet skal få. Russland kalla inn til eit ekstraordinært møte i FNs tryggingsråd om «angrepet mot Russland». Då andre statar fire dagar seinare ville kalle inn til møte for å diskutere Russland si annektering, kunne Russland parere med at «dette møtet er allereie kalla inn til. Det handlar om angrep på Russland. Russisk anneksjon for å beskytte seg vert agendapunkt 2». Angrepet på røyrleidningane var med på å rettferdiggjere Russland si ulovlege annektering av Ukraina, både heime og ute.

– Kva er forskjellen på dette og konspirasjonsteoriar ?

– Konspirasjonsteoriar tek gjerne utgangspunkt i kven som tener mest på eit angrep («cuo bono»). Og gjerne heilt bokstaveleg, i dollar eller gull. I dette tilfellet er den staten som truleg tener mest pengar på angrepa, oss sjølve. Altså Noreg.

– Men er det ikkje nettopp det den amerikanske pulitzerprisvinnaren og journalistlegenda Seymour Hersh, mannen bak avsløringane om My Lai-massakren og Abu Graib-torturskandalen, hevda i ei sak denne veka? Hersh avslører at Biden stod bak angrepet, og at norske soldatar skal ha vore med i front. Kva seier du no, Hellestveit?

– Hersh har grave fram viktige saker om det amerikanske militæret før. Men Hersh har berre éi kjelde for historia si, og alle «indisia» hans let seg lett forklare på anna vis. Hersh ser ingen grunnar til at Russland skulle «skyte seg sjølv i foten», men registrerer tvert om at Noreg vil tene gode pengar, ikkje minst fordi ein norsk røyrleidning til Baltikum opna samstundes. Hersh har ingen rykande pistol, men tykkjer at Noreg er den mest plausible medsamansvorne til USA. Men her har nok Hersh rota med partituret. At amerikanarane kan ha ein finger med i spelet, er no så. At nordmennene skulle vere med på dette, er utenkjeleg.

– Ja vel, Hellestveit? Er du ikkje litt vel skinheilag på våre eigne vegner no?

–?Nei. Zoomar du litt ut, ser du biletet klarare. Noreg har vorte Europa sitt viktigaste batteri. Det er ikkje NS 1 og 2 som er årsaka til det, men Russlands krig mot Ukraina. Russarane stansa sjølve NS 1, og NS 2 vart aldri operativ, fordi Tyskland stansa sertifiseringa 23. februar. Russland har ikkje lenger noka interesse av ein fungerande gassmarknad i Europa, altså den økonomien der sokkelen til Noreg er nøkkelkomponent. Kan Russland tenkjast å vilje spolere dette gjennom angrep på den norske sokkelen på eit tidspunkt? Sjølvsagt. Og i denne situasjonen ser altså Seymour Hersh føre seg at norske soldatar skal ha kome Russland i forkjøpet. Norske soldatar skal ha gått til eit offensivt militært angrep på russiske gassrøyrleidningar til Tyskland. Sjølve har vi 8500 kilometer med nær ubeskytta gassrøyrleidningar på eigen sokkel, som mellom anna fraktar gass til Tyskland. Ein slik operasjon frå det norske forsvaret ville føre med seg ei spektakulær eksponering av kritisk norsk infrastruktur.

Journalist Seymour Hersh har denne gongen rota med partituret, trur Hellestveit.

Journalist Seymour Hersh har denne gongen rota med partituret, trur Hellestveit.

Foto: Paul Sakuma / NTB

– Men kva er det Seymour Hersh held på med, då?

– Det som særleg burde bekymre oss, er måten Hersh set opp ein analogi mellom Vietnam og Noreg på, som slagmark for stormakter. Hersh gjev oss eit lite flatterande stempel som døgeniktar som går til militært angrep på russisk infrastruktur for eiga og amerikansk økonomisk vinning, let andre europearar betale (endå) dyrare straum, og prøver å gje Russland skulda. Om det seinare skulle kome eit angrep mot norske gassrøyrleidningar som fører gass til Tyskland, vil folk flest sporenstreks fange opp at Noreg jo alt sjølv har vore implisert i eit militært angrep mot russiske gassrøyrleidningar som fører gass til Tyskland. Korleis vil det gå?

– Men Hellestveit, kan vi vite sikkert at Russland stod bak?

– Nei. Poenget med hybride angrep av denne typen er at det skal vi aldri få vite. Men to ting veit vi. Vi veit at norske styrkar ikkje har delteke i angrepet i Austersjøen. Vi veit òg at eit googlesøk vil fortelje folk det motsette – at Noreg har delteke i eit militært angrep på to russiske røyrleidningar som leverer gass til Tyskland. Dermed er eit viktig forarbeid for russisk sabotasje mot norsk sokkel allereie lagt.

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett og fast skribent i Dag og Tid

Fleire artiklar

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Per Anders Todal
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Per Anders Todal
Tore Pryser har skrive boka "Samarbeid, tilpasning og motstand. Mer svik og gråsoner". Delar av innhaldet vekkjer debatt.

Tore Pryser har skrive boka "Samarbeid, tilpasning og motstand. Mer svik og gråsoner". Delar av innhaldet vekkjer debatt.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Bjørn Skåret

Tore Pryser og Reidar Hedemann

Tore Pryser gjev nytt liv til ei «ikkje-sak» i boka Samarbeid, tilpasning og motstand.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

BokMeldingar
Kjetil Berthelsen

Med lånt lyre

Erlend Skjetne går i nærsynt dialog med Olav Nygard i Liv, eg har drukke.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo
Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis