Årets nyord er her

Har du sportsvaska deg i det siste? Nei, det handlar ikkje dusjing etter trening. Men det er årets nyord.

Fifa kan å sportsvaska. Neste år går fotball-VM av stabelen i Qatar. Biletet er frå al Thumama-stadionet i Doha, der den fyrste VM-kampen skal spelast.
Fifa kan å sportsvaska. Neste år går fotball-VM av stabelen i Qatar. Biletet er frå al Thumama-stadionet i Doha, der den fyrste VM-kampen skal spelast.
Publisert

Språkrådet har kåra årets nyord. Nyord er eit fenomen underskrivne har ei nært tilhøve til. I 2004 hevda Sissel Benneche Osvold i Dagbladet at eg hadde laga ei nytt ord, «venninnesamfunnet». Eg sende ei venleg påpeiking til henne om at eg ikkje hadde høyrt om ordet, men takka for æra. Osvold takka for opplysinga. Men tok ordet av? Nei. Den dag i dag har ordet berre eitt treff på Google. Eg er litt skuffa over det.

Sjefen for kåringa av årets nyord er direktøren i Språkrådet, Åse Wetås.

Sportsvaska? Kvifor det? Er det eit heilt nytt ord?

– Dette ordet er ikkje heilt nytt og ukjent, vi har lånt det som substantiv frå engelsk der dei seier sportswashing. Det er eit ord som vert nytta til å skildra sportsarrangement som vert lagde til statar og regime der det er kjende problem med brot på menneskerettane. Sportsvasking har parallellar i ord som kvitvasking og grønvasking, som vert nytta høvesvis for å skildra det å dekkja over økonomisk svindel, og for å framstilla noko som meir miljøvenleg enn det faktisk er.

– Eg må vedgå at eg av ein eller annan grunn liker dette nyordet. Det har ein god klang.

– Det handlar kanskje om at verbforma syner korleis eit innlånt substantiv vert omforma i norsk og hamnar i ei anna ordklasse. Det har altså gått frå eit substantiv, sportsvasking, til verbet sportsvaska. I tillegg viser sportsvaska og sportsvasking ei artig utvikling på den måten at dei har eit substantiv, sport, som fyrste samansetjingsledd, medan dei parallelle lagingane kvitvasking og grønvasking har adjektiva kvit og grøn som førsteledd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement