JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Årets nyord er her

Har du sportsvaska deg i det siste? Nei, det handlar ikkje dusjing etter trening. Men det er årets nyord.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fifa kan å sportsvaska. Neste år går fotball-VM av stabelen i Qatar. Biletet er frå al Thumama-stadionet i Doha, der den fyrste VM-kampen skal spelast.

Foto: Suhaib Salem / Reuters / NTB

5295
20211217

Samtalen

Åse Wetås

direktør i Språkrådet

Aktuell

Kåring av årets nyord

5295
20211217

Samtalen

Åse Wetås

direktør i Språkrådet

Aktuell

Kåring av årets nyord

jon@dagogtid.no

Språkrådet har kåra årets nyord. Nyord er eit fenomen underskrivne har ei nært tilhøve til. I 2004 hevda Sissel Benneche Osvold i Dagbladet at eg hadde laga ei nytt ord, «venninnesamfunnet». Eg sende ei venleg påpeiking til henne om at eg ikkje hadde høyrt om ordet, men takka for æra. Osvold takka for opplysinga. Men tok ordet av? Nei. Den dag i dag har ordet berre eitt treff på Google. Eg er litt skuffa over det.

Sjefen for kåringa av årets nyord er direktøren i Språkrådet, Åse Wetås.

Sportsvaska? Kvifor det? Er det eit heilt nytt ord?

– Dette ordet er ikkje heilt nytt og ukjent, vi har lånt det som substantiv frå engelsk der dei seier sportswashing. Det er eit ord som vert nytta til å skildra sportsarrangement som vert lagde til statar og regime der det er kjende problem med brot på menneskerettane. Sportsvasking har parallellar i ord som kvitvasking og grønvasking, som vert nytta høvesvis for å skildra det å dekkja over økonomisk svindel, og for å framstilla noko som meir miljøvenleg enn det faktisk er.

– Eg må vedgå at eg av ein eller annan grunn liker dette nyordet. Det har ein god klang.

– Det handlar kanskje om at verbforma syner korleis eit innlånt substantiv vert omforma i norsk og hamnar i ei anna ordklasse. Det har altså gått frå eit substantiv, sportsvasking, til verbet sportsvaska. I tillegg viser sportsvaska og sportsvasking ei artig utvikling på den måten at dei har eit substantiv, sport, som fyrste samansetjingsledd, medan dei parallelle lagingane kvitvasking og grønvasking har adjektiva kvit og grøn som førsteledd.

– Kva er kriteria? Korleis plukkar de ut nyordet?

– Vi kårar nyord for å syna at språket endrar seg. Vi sit ikkje og føler oss fram. Vi tek utgangspunkt i store databasar over det som har stått på trykk i aviser og tidsskrift, og som er publisert i året som gjekk. Denne tekstmassen samanliknar vi med tidlegare år. Det som vert vaska ut datamaskinelt, er ord som er heilt nye, eller ord som har vore lite i brukte tidlegare, men mykje meir dette året.

– Då sit de med mykje.

– Ja, vi sit med ei råliste der det til og med kan vera ord som tilsynelatande er nyord, men som berre er skrivefeil. Dei orda er vi ikkje interesserte i, naturleg nok. Det vi ser etter, er ord som har ein god språkleg kvalitet, som gjerne representerer noko nytt, men som òg gjerne er karakteristisk for året som har gått. Orda bør òg ha kvalitetar som vi trur vil kunna verta med vidare i språket vårt. Det vil alltid vera ein del flyktige samansetjingar som knyter seg til einskildhendingar, men dei er vi ikkje så interesserte i til nyordlistene våre heller. Til slutt sit vi att med eit utval ord, ei ti på topp-liste, som vi har valt ut på basis av språkfagleg skjønn og språklege vurderingar.

– Gode nyord seier gjerne noko om noko viktig i året som har gått, til dømes tsunami og korona. Sportsvaska seier kanskje at året i år ikkje har vore så viktig?

– Absolutt ikkje, sportsvasking er ei stor og viktig sak. Men sportsvaska er ikkje det einaste ordet vi har valt ut. Vi har òg denne «ti på topp»-lista. Der har vi i år ord som knyter seg til pandemi, klima og altså dette som gjeld internasjonal politikk, menneskerettar og sport. Ti på topp-lista skal til saman visa viktige tendensar i året som gjekk, men det skal òg vera ord som har språkleg interessante trekk ved seg. Vi har tidlegare hatt ord som ikkje knyter seg til dei største tinga på den internasjonale arenaen. Vi har tidlegare kåra ordet sakte-TV som årets ord, altså slikt som Bergensbanen minutt for minutt.

– Kva er ditt favorittord gjennom dei åra du har vore med på kåringa?

– Det er slik at nokre ord er meir språkleg interessante enn andre. For nokre år sidan stod verbet å nava på topp på nyordlistene våre. Det er laga av ei norsk forkorting, som fyrst vart til substantiv og så til verb. Mange liker ikkje substantivet navar og det tilhøyrande verbet nava, men nettopp denne typen nyordlaging er verkeleg interessant for ein språkvitar. Det har samanheng med at dei fleste danningar av nyord er samansetjingar, substantiv pluss substantiv, adjektiv pluss substantiv. Men her kjem det altså eit heilt nytt verb som ikkje er ei samansetjing. Det bit vi som observerer og normerer språket, oss merke i.

– Men dei fleste nyorda er vel stort sett ord vi har lånt frå engelsk?

– Det oppstår nye ord heile tida, og mange er sette saman av ord og ordelement som har vore i ordforrådet vårt lenge. Men ja, vi låner mykje òg. Slik har språket vore til alle tider. Somme av orda våre er gamle arveord, nokre har vi importert for lenge sidan, men det kjem òg heilt nye ord. Det er ikkje grunn til å seia at alt er innlån frå engelsk. Ti på topp-lista vår viser at det ikkje er rett.

– Og dette held de på med av di ...?

– For meg er det viktig å understreka at vi ikkje gjer dette som ein rein PR-jippo, som eit reint publikumsfrieri. Vi nyttar årets nyord som eit høve til å syna at språket vårt endrar seg heile tida, som alle levande språk gjer.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi har tidlegare kåra ordet «sakte-TV» som årets ord, altså slikt som Bergensbanen minutt for minutt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis