Amazon rykkjer inn i Norden
Etableringa av ei norsk Amazon-avdeling er truleg ikkje langt unna.
Tysdag denne veka sende Amazon ut ei pressemelding om at selskapet er i ferd med å etablere seg i Sverige. Men rykta har gått lenge: Alt i april i år melde Eskilstuna-Kuriren at eit lager truleg er under bygging i Eskilstuna.
Både svenskar og nordmenn har handla i mange år via Amazon-nettstader i USA eller andre land, Amazon Prime Video har vore tilgjengeleg ei god stund, og selskapet etablerte seg med skylagring i Noreg i fjor, men Sverige blir det første nordiske landet med ei eiga Amazon-avdeling og nettside. No spekulerer mange på når det kjem ei etablering også i Noreg. I ei stillingsutlysing søkjer selskapet etter ein svensktalande marknadssjef som skal ha ansvar for heile Norden.
Om eller når Amazon-etableringa skjer i Noreg, får det store følgjer for norsk varehandel, sa professor Peder Inge Furseth til Dagens Næringsliv denne veka. «Amazon står for et enormt utvalg, rask levering og lave priser. På grunn av korona har nordmenn også blitt mer positive til å handle på nett, og pandemien har nok ført til en akselerasjon av den dreiningen i handelsvaner», meinte Furseth.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.