Alvorlege skuldingar mot diktar

Den avdøde diktaren Hans Hyldbakk vert skulda for overgrep mot fleire mindreårige. Det kan få følgjer for den kunstnariske arven etter han.

Hans Hyldbakk (1898–2001) ved skrivebordet på Kleiva i unge år.
Publisert Sist oppdatert

Surnadal kommune på Nordmøre har etablert ein hjelpetelefon for overgrepsoffer. Festivalen Vårsøghelga endrar namn og tek arrangementet Kleivakvelden av programmet, og kommunepolitikarar har teke til orde for å diskutere kva som skal skje med Kleivaprisen, kulturprisen som kvart år vert delt ut i samband med Kleivakvelden.

Dette er nokre av følgjene etter at det førre veke vart offentleggjort at det har kome fleire overgrepsskuldingar mot den avdøde diktaren Hans Hyldbakk, som hadde heimen sin på Kleiva, i lia over Surnadal sentrum.

Hyldbakk vart særleg kjend for dikta «Vårsøg» og «E slåttatæja», som Henning Sommerro har sett musikk til, men han gav ut i alt ti diktsamlingar, den siste kom ut det året han fylte 100, i 1998. Han er også kjend som lokalhistorikar, bygdebokforfattar og prosaforfattar. I lokalavisa Driva skreiv han frå 1972 også «Brev frå Kleiva», som Hyldbakk-forfattar Svein Sæter omtalar som den mest lesne avisspalta på Nordmøre gjennom tidene.

Følgjer

Det var ordførar Hugo Pedersen (Sp) i Surnadal som førre veke orienterte om overgrepsskuldingane etter å ha vorte kontakta av nokre av offera og snakka med fleire av dei det siste halvtanna året.

Bernt Venås, som er tidlegare prest og lokalpolitikar i Surnadal, har støtta opp om handteringa til ordføraren og seier til Tidens Krav at han dei siste åra også har fått kunnskap om overgrep Hyldbakk skal ha gjennomført mot mindreårige surndalingar av begge kjønn. Overgrepa skal ha skjedd på 1950-, 60- og 70-talet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement