Historie

– Alvorlege feil i Michelets bok om Heimefronten

Tre historikarar har gått grundig gjennom dei oppsiktsvekkjande påstandane Marte Michelet sette fram i boka Hva visste hjemmefronten? frå 2018. Rapporten deira er svært kritisk.

Elise B. Berggren er masterstudent og har skrive om antijødiske haldningar blant dei som hjelpte jødar med å flykte.
Elise B. Berggren er masterstudent og har skrive om antijødiske haldningar blant dei som hjelpte jødar med å flykte.
Publisert

I boka Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten?, som kom i går, plukkar dei tre forfattarane frå kvarandre faktagrunnlag, argumentasjon, tolkingar og konklusjonar i det Michelet i undertittelen på boka si kallar Holocaust i Norge: varslene, unnvikelsene, hemmeligholdet. Dei peiker på direkte feil, mistydingar, feillesingar, skeivframstillingar, manglande forståing, sitatfeil, sitatkutt, graverande påstandar utan hald, selektivt kjeldeval, selektiv kjeldebruk og grunnlause konklusjonar. Dei meiner at framstillinga ikkje framstår «sanningssøkjande», og at det gjennom heile boka hennar finst «ein konspiratorisk undertekst».

Likevel vil ikkje Elise B. Berggren, ein av dei tre forfattarane, bruke ord som «tendensiøs» om framstillinga i Michelets bok.

– Vi har presentert våre funn. Så får andre avgjere kva det inneber, det skal ikkje vi ha noka meining om. Men eg trur ikkje det vil gagne debatten at vi nyttar slike karakteristikkar.

– Alvorleg

Forutan Berggren står Bjarte Bruland og Mats Tangestuen bak rapporten, som er skriven etter initiativ frå ansvarleg redaktør Svein Gjerdåker i Dag og Tid. Berggren er masterstudent og har skrive om antijødiske haldningar blant dei som hjelpte norske jødar med å flykte. Bruland er statsstipendiat og står bak det store verket om Holocaust i Norge. Tangestuen har forska på jødane som flykta til Sverige, og er fagleg leiar ved Jødisk Museum i Oslo.

I arbeidet sitt har dei konsentrert seg om nokre sentrale påstandar i Michelets bok: Var tre tyskarar ansvarlege for å gi tidlege, konkrete varsel om arrestasjonen av fleire hundre norskjødiske menn 26. oktober 1942? Blei flyktningrutene til Sverige stengde for jødar berre fordi dei var jødar? Blei jødar på flukt utsette for pengeutpressing av profittdrivne menneskesmuglarar? Og har historikarar og sentrale aktørar prøvd å skjule sanninga?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement