Krig
Iran, Israel og småbedrifter i Ukraina
Med den nye krigen er verda mindre opptatt av Ukraina, der fuglane bygger skinande reir og folk røyker heimedyrka tobakk under dronane.
Overlevande ser heimen sin stå i flammar etter russiske droneåtak mot bustadblokker i Kyiv i Ukraina 17. juni 2025.
Foto: Thomas Peter / Reuters / NTB
Dei seinaste døgna har den militære informasjonen i Ukraina vendt seg meir mot Midtausten. Medan dei har sete i gangar og bomberom, har mange ukrainarar følgt med på nyhenda om dei iranske og israelske missilåtaka og diskutert om den nye krigen er bra eller skadeleg for Ukraina.
Somme hevdar at ettersom Iran er på Russlands side i krigen mot Ukraina, er Iran fienden til Ukraina. Andre er uroa over at auken i oljeprisen på grunn av bombinga av Iran vil gje Russland større inntekter, som vil bli brukte på krigen mot Ukraina.
Desse diskusjonane held fram, medan eit anna faktum knytt til den israelsk-iranske konflikten har etterlate seg ein bitter ettersmak hos ukrainarane: Konflikten i Midtausten syner klart at det ikkje finst noko luftvernsystem som er fullt ut i stand til å verne eit territorium mot fiendtlege missil, særleg om talet på missil som blir skotne ut samstundes, blir talde i hundretal.
Same kva utfallet av enkeltståande diskusjonar blir, får Israel støtte frå det overveldande fleirtalet av politisk aktive ukrainarar – dei ser på konfrontasjonen mellom Israel og Iran som samanliknbar med konfrontasjonen mellom Ukraina og Russland.
I samanlikninga reiser det seg straks spørsmål om rolla til USA og president Trump, som no støttar Israel fullt ut og har distansert seg frå den russisk-ukrainske krigen. Dessutan var det ein nøgd og nesten stolt Trump som melde på sosiale medium om at Putin hadde ringt han og gitt uttrykk for varme gratulasjonar på åremålsdagen til den amerikanske kollegaen.
Krigen i Iran
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.