JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Alle lektorar er ikkje like for Lånekassen

Studiestøtta skal aukast. Men det er enno skeivskapar i støtteordningane for ulike utdanningsløp. Somme lærarstudentar får ikkje sletta lån etter enda utdanning.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5984
20221216
5984
20221216

No i desember vart regjeringa samd med SV om neste års statsbudsjett. Studiestøtta skal aukast. Studentane får 5400 kroner meir i året, i tillegg til 3600 kroner som regjeringa alt hadde føreslått.

Eg hugsar min eigen studiekvardag kring tusenårsskiftet. Eg budde på hybel for 2500 kroner i månaden og sparte mykje. Faktisk hadde eg ein liten sum oppspart lån og stipend frå Lånekassen då utdanninga var ferdig. Slik er ikkje studiekvardagen i dag. Berre med lånekasselån og -stipend får ein student i dag ikkje endane til å møtast. Studentane er avhengige av å jobbe ved sida av studia.

Arbeid stel studietid

Ei undersøking frå Statistisk sentralbyrå (SSB) i haust viser at studentar med jobb brukar i snitt tre timar mindre i veka på studium enn dei som ikkje jobbar. Ei anna undersøking frå SSB har andre interessante tal: 43 prosent av studentane som er forseinka i noverande studieløp, seier at årsaka er arbeidet dei har ved sida av.

Norske studentar er faktisk blant dei studentane i Europa som jobbar mest ved sida av studia. Det er ikkje til å stikke under stol at somme studentar har altfor høge krav til husvære og andre materielle gode, men hovudgrunnen er at husleiga har auka kraftig sidan eg var student – utan at lån og stipend har fylgt etter. Heiltidsstudenten som berre jobbar i feriane, slik det var i mi studietid, finst det dessverre ikkje mange av.

Sletting av studielån

Lånekassen har ordningar med sletting av studiegjeld – ein intensjon er å få studentar til å jobbe meir med studia, slik at dei blir ferdige på normert tid. Her vil eg òg kike på korleis det var i mi studietid. Den gongen fanst det berre éin måte å byggje opp ei utdanning på som førte fram til lektorstatus: Ein bygde opp graden med ulike fag – språk, litteratur, mattematikk et cetera – og tok pedagogikk til slutt, «ped.sem.». Det kan ein gjera i dag òg, men no heiter pedagogikken PPU, praktisk-pedagogisk utdanning.

I tillegg til dette løpet har det kome inn eit alternativt utdanningsløp, lektorprogrammet, som er nærare knytt til læraryrket. Det er færre fagval undervegs, og pedagogikk er såkalla «integrert», det vil seia at ein har pedagogisk utdanning og praksis gjennom heile løpet. Dette løpet liknar mykje på den utdanninga dei som no tek master i grunnskulelærarutdanninga, fylgjer.

Fylgjer du eitt av desse faste integrerte løpa – innanfor grunnskulelærar- eller lektorutdanning – og blir ferdig på normert tid, har Lånekassen ei gulrot å gje deg. Du kan få sletta mellom 50.000 (for lektorutdanning og ungdomskulelærarutdanning) og 100.000 (for barneskulelærarutdanning) i studiegjeld. I tillegg må du ha jobba i undervisningsstilling i grunnskulen eller i vidaregåande opplæring minst tre år i løpet av dei seks fyrste åra etter avslutta utdanning.

Realfag mest lukrativt

Lånekassen har endå ei gulrot: Dersom du i lærarutdanninga har spesialisert deg innanfor realfag, framandspråk, kvensk eller samisk, vil du kunne få 50.000 ekstra sletta frå lånet. Denne ordninga gjeld nok fyrst og fremst dei som tek realfag, som matematikk. Dette er kanskje ei ordning som heng att etter den store realfagssatsinga til regjeringa, som mellom anna inneber krav om at studentar må ha minst karakteren fire i matematikk for å koma inn på lærarutdanninga – og då meiner ein alle typar utdanningsløp, også dei som skal bli norsklærar.

Dette karakterkravet har no vorte skrota, men det førte til at det var ekstra stor interesse for matematikk i lærarutdanninga. Ved universitet og høgskular kunne utdanningsløp med vekt på matematikk ha dobbelt så mange studentar som til dømes programmet med vekt på skulefaget norsk. Og slik er det enno mange stader, jamvel om kravet er borte.

Fleire grep må til

Det er mange vegar til Rom, og det er – som det går fram av det eg har skrive her – mange vegar til lærarjobben. I seminar og auditorium ved universitet og høgskular finst det altså to typar lærarstudentar: dei som fylgjer eit lektorprogram, og dei byggjer graden opp på «gamlemåten» ved å ta ulike fagemne og til slutt PPU.

Dersom du tek ei grunnskulelærarutdanning med vekt på matematikk og blir ferdig på normert tid, og attåt jobbar nokre år i skulen rett etter, vil du altså kunne få sletta studiegjelda med opptil 150.000 kroner. Når staten no aukar stipend og lån gjennom Lånekassen, blir den nye summen berre småtteri mot det høge beløpet du kan få sletta.

Dersom du er interessert i språk- og litteraturfag og byggjer opp ein grad med tanke på lærarjobb utan å fylgje eit av dei faste programma, vil du altså ikkje få denne fantastiske bonusen. Det seier seg sjølv at dette er urettvist. Ikkje minst må det kjennast slik for dei som fylgjer utdanning på gamlemåten, for dei tek fleire fag enn lektorstudentane og kjem såleis ut med større fagleg tyngd enn lektorstudentane. Den integrerte utdanninga krev meir plass til pedagogikken.

Det er prisverdig at regjeringa endeleg gjer studiekvardagen til studentar enklare. Men når det gjeld lærarutdanningane, må fleire grep takast. Søkjartala for lærarutdanningane har gått ned. Det er framleis færre som vil bli norsklærar enn mattelærar. Skal vi få gode lærarar, må studentar som utdannar seg til lærarjobben på «gamlemåten», også få ein bonus frå Lånekassen – like fin og feit som den lektor- og grunnskulelærarstudentane får. I tillegg må faget norsk ha like store fordelar som realfag når det gjeld den gulrota eg nemnde på 50.000 kroner.

Det handlar til sjuande og sist om kva type kunnskap samfunnet skal verdsetja i klasserommet: fagleg nyfikne eller effektivitet. Lånekassen må også gje dei som fylgjer interessene sine, og som kan bli inspirerande lærarar, gode sjansar.

Ronny Spaans er fyrsteamanuensis ved Nord universitet og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er mange vegar til Rom – og mange vegar til lærarjobben.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis