JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

¡Adios!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1873
20230310
1873
20230310

«Du køyrer godt nok. Bestått», konkluderte den bilsakkyndige etter praktisk prøve. 40 år etter den førre førarprøven og etter eit drygt år utan førarkort.

Bilen hans hadde stått i ro sidan i fjor, framleis på sommardekk, no under ei snøfonn og med flatt batteri. Berre i seta var det liv, for der hadde svartsoppen slege seg ned og opp og fram som i ei scene frå den nye serien The Last of Us.

Saknet av den materielle bilen, den som kan køyra vatn, ved og kjerringa på WC, hadde vore lett å bera her i byen. Verre var det med ideen, draumen, om bilen: Mange (med førarkort) av hans generasjon finn trøyst i å vita, i svevnlause netter, etter dagar og år med trøysteslaus jobb, nebbete sjefar, kjærleikslause ekteskap og bortskjemde born at det trass i alt står ein fluktbil med full tank og ventar utanfor. Om han ein dag skulle få nok, og haugen på nok, av å bli trakka i hel av gjæser, som Ibsen sa før han fór.

Det var nett han og ikkje Ibsen som sat på andre sida bordet den tida då ein viss kollega på jobben dreiv og pønska ut karakterane og plottet i romanen som skulle gjera henne til bestseljar og kioskveltar på heiltid. Romanheltinna Ingrid reiste som kjent i bubilen sin frå familien og heile småborgarlivet til ein fridom utan ansvar på iberiske parkeringsplassar. Forfattaren kan ha vore tankelesar.

Utan lappen hadde han i mellomtida leikt med tanken om å røma til havs med seglbåten. Men havet er stort, vilt og vått, og ein båt er ein bil utan bremser, i kupert landskap. Å rømma slik er eit mareritt og ingen dagdraum, kom han til.

Med nytt førarkort i hand kom fluktbilfantasien attende, men vraket på parkeringsplassen vil ikkje lenger vera med på leiken. Batteriet står til lading, dekket som lek, kan pumpast, og tekstilvaskemaskin kan setjast inn mot soppen i seta. Men på måndag er det EU-kontroll i den røynlege verda, der gjæsene rår.

Jox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis