JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Å vinna, eller ikkje berre tapa

Skal Ukraina bli sett i stand til å vinna krigen? Eller er det nok at Ukraina ikkje taper? Det spørsmålet har lege under dragkampen i Nato rundt leveringa av vestlege stridsvogner.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ettersom fleire land sender stridsvogner, vil ein spreia risikoen. Russarane vil få mange å vera sinte på, ikkje minst USA.

Foto: Heiko Junge / NTB

6288
20230127
6288
20230127

Denne veka blei det vedteke å senda moderne, avanserte stridsvogner til Ukraina. Spørsmålet har ridd Nato som ei mare denne vinteren. Under striden låg spørsmålet om dei langsiktige måla i Ukraina – og den velkjende tyske frykta for å leggja seg for mykje ut med Russland.

Kunngjeringa om leveringa av stridsvogner kom fyrst onsdag denne veka. Helga før, på den amerikanske Ramstein-basen i Tyskland, hadde eit 50-tal land samla seg for å avgjera spørsmålet. Møtet kom og gjekk utan noka avgjerd. Så kom ein pressekonferanse med Nato-sjef Jens Stoltenberg og den nye tyske forsvarsministeren, Boris Pistorius, sist tysdag. Då var det òg venta at Tyskland ville gje grønt lys for panservognene. Men heller ikkje då kom det til ei avklaring.

Tvil og frykt

Under det heile låg heile tida nølinga til éin mann, nemleg den tyske forbundskanslaren Olaf Scholz. Han er tysk regjeringssjef, og til sjuande og sist er det han som har hatt det avgjerande ordet. Scholz har vore plaga av både tvil og frykt i denne saka, skal ein tru tysk presse. Nyhendemagasinet Der Spiegel oppsummerte tidlegare denne veka kva dette har ført med seg:

For det fyrste har det kome til syne store sprekkar i den tyske regjeringskoalisjonen. Samarbeidsklimaet der skal vera «massivt forstyrra», melder bladet. Utanrikspolitisk har problema ikkje vore mindre: I Washington var ein lenge i ferd med å mista tolmodet med den tyske kanslaren. På møtet på Ramstein-basen kom det rett nok ikkje til nokon skandale mellom tyskarar og amerikanar, men det var det ein på diplomatspråket kallar for ei «intens meiningsutveksling». Tyskarane – eller snarare Olaf Scholz – gjekk amerikanarane på nervane, skreiv Der Spiegel.

Motiveringa til Olaf Scholz såg ut til å handla om to ting: Fyrst og fremst ville han ikkje ha nokon tysk åleinegang. Om ukrainarane skulle få stridsvogner, måtte desse vognene ikkje vera berre tyske Leopard-ar. Også amerikanarane måtte senda sine Abrams-vogner. Ved at fleire land sende stridsvogner, ville ein spreia risikoen. Russarane ville få mange å vera sinte på, ikkje minst USA.

Ei vending

Det andre momentet som har spela inn, er at massive leveransar av avanserte vestlege stridsvogner til Ukraina vil bety ei vending i krigen. Skulle 200–300 stridsvogner av typen Leopard eller tilsvarande dukka opp ved frontlina, vil Ukraina vera i stand til å knusa dei russiske stillingane. Russarane vil sjølvsagt setja inn det dei har av sine vogner, fyrst og fremst den vidgjetne T-72, men dei har kortare skotvidde enn dei vestlege vognene. Mannskapa på ukrainsk side vil kunne sitja trygt i Leopard-ane sine og øydeleggja den eine T-72-en etter den andre.

Med i reknestykket er det at T-72-ane er konstruerte slik at når ein får inn ein fulltreffar på vogna, går både vogna og dei som sit inni ho, opp i flammar. Det har noko å gjera med korleis ammunisjonen i stridsvogna er plassert. Får nokon inn ein fulltreffar på ein Leopard, blir nok vogna øydelagd, men mannskapet har rimeleg sjanse til å overleva. Ettersom mangelen på utdanna personell er like kritisk som mangelen på våpen på ukrainsk side, er dette eit viktig moment i heile rekneskapen.

Om ukrainarane hadde hatt desse stridsvognene no, ville dei alt vinteren 2023 ha vore på god veg til å vinna krigen. I staden har det drege ut, mest på grunn av den tyske nølinga. Ved sida av frykta for den såkalla tyske åleinegangen ligg sjølvsagt òg det dårlege samvitet etter krigen – minnet om det tyske felttoget i aust som kosta millionar på millionar av menneskeliv.

Og på toppen av det heile er det rimeleg å tru at Olaf Scholz har vore plaga av tanken på kva Vladimir Putin kan koma til å gjera den dagen han går på eit nederlag i Ukraina. Om han då gjev ordre om å armera dei russiske atomvåpena, kan det tyske folket bli utsett for ein katastrofe som får minnet om den andre verdskrigen til å bleikna.

Atomprotestane

Olaf Scholz er fødd i året 1958, og han var aktiv ungdomspolitikar på venstresida på 1980-talet. Dette var tida for dei enorme atomprotestane i Tyskland. Ingen som oppheldt seg i Tyskland då, kunne vera i tvil om det ekte engasjementet som prega ikkje minst ungdommen. Overalt støytte ein på argumentet om at dersom det kom til ein ny konfrontasjon mellom aust og vest, ville Tyskland bli forvandla til ein radioaktiv ruinhaug.

Heller ikkje i dag kan ein avfeia dette. Putin, Kim Jong-un eller ein annan leiar som er ute av balanse, har alltid ein opsjon om å bruka atomvåpen. Ingen kan heilt utelukka at det skjer.

Dei fleste vestlege politikarar trur på si side at om Putin lid nederlag i Ukraina, vil atomvåpen neppe koma på dagsordenen. Føresetnaden er at ikkje eksistensen til den russiske staten blir truga. Om dette held stikk eller ikkje, kan ein ha ulike synspunkt på. Olaf Scholz har heilt tydeleg vore på den varsame sida i denne debatten. Difor har han støtta Ukraina slik at landet har vore i stand til å forsvara seg. Men å støtta ukrainarane slik at Russland blir påført eit audmjukande nederlag, har vore ei anna skål.

Eit kompromiss

Slik var det fram til for to dagar sidan, då meldinga kom at Tyskland gav klarsignal om å senda Leopard-stridsvognene til Ukraina. Samstundes gjekk amerikanarane med på å senda ein del Abrams-vogner òg. Eigentleg var amerikanarane skeptiske til dette, ettersom det i Europa ikkje finst noko apparat for å vedlikehalda Abrams. Men det ser ut til å vera kompromisset alle kunne bli samde om.

President Joe Biden freista, då avgjerda endeleg låg på bordet, å seia noko pent om tyskarane. «Tyskland har teke eit steg opp», slo han fast.

Snart dukkar dei vestlege stridsvognene opp ved fronten i Ukraina. Det kjem til å bety færre drepne ukrainske og fleire drepne russiske soldatar. Putin vil truleg måtte bita i seg nye nederlag. Om han overlever det eller ikkje, blir det eine, store spørsmålet i året me no er inne i.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om Putin gjev ordre om å armera dei russiske atomvåpena, kan det tyske folket bli utsett for ein katastrofe som får minnet om den andre verdskrigen til å bleikna.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis