JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

35 år med datasatsing på usikker grunn

Sidan 1984 har skulepolitikarane håpa at datamaskiner skal lette læringa. Dokumentasjonen manglar enno.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I dag tek ei rekkje norske barneskular i bruk nettbrett som Ipad. Somme skular gjev brett til elevane også i første trinnet.  Illustrasjonsf

Foto: Morten Holm / NTB / Scanpix

10790
20191206
10790
20191206

Skule

peranders@dagogtid.no

På tysdag kom resultata frå den siste Pisa-undersøkinga av nivået til skuleelevar i OECD-landa. Tala for 2018 var ikkje oppløftande for Noregs del: Norske 15-åringar gjorde det litt dårlegare i lesing og naturfag enn i 2015. Ein av fire norske gutar slit med å lese sjølv enkle tekstar, og over 50 prosent av 15-åringane les ikkje på fritida, mot 40 prosent i 2009. Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) var uroa og peika på at digitaliseringa av samfunnet har endra lesevanane. «Vi må få mer kunnskap om hva økt digitalisering gjør med elevenes leseferdigheter og utholdenhet», sa Sanner til NRK.

Samtidig står kunnskapsministeren i spissen for digitaliseringa av skulen. Som Dag og Tid skreiv sist veke, har truleg kring halvparten av norske grunnskule­elevar eige skulenettbrett eller -PC, og andelen aukar raskt. I august spurde A-Magasinet Sanner om det var forsvarleg å innføre nettbrett og laptop i så stort omfang utan å vite effekten på læringa. «Dette er noe elevene selv etterspør», svarte Sanner, og viste til at elevane «forventer at skolen skal utvikle seg i takt med samfunnet».

Les også: «Nettbrettpilotane i Bærum»

Lettare læring

Det er ikkje grunnlag for å slå fast at digitaliseringa av skulen svekkjer leseevna til norske elevar. Problemet er at det finst så lite sikker kunnskap om korleis digitalisering påverkar læringa i det heile. Gjennom 35 år har norske skulepolitikarar gått ut frå at datamaskiner gjer læring lettare, men framleis manglar det solid vitskapleg dekning for trua.

«Formålet med bruk av datateknologi som hjelpemiddel må være at elevene kan få en lettere innlæringssituasjon», heiter det i stortingsmeldinga Datateknologi i skolen frå 1984. Vona var at datamaskiner i skulen skulle gje «effektivisering av innlæring av konkrete kunnskaper», «mer tid til å utvikle forståelse», «mer tilpassede utfordringer for den enkelte elev» og «frigjøre lærertid til omsorg for elever som trenger mer hjelp».

Teknologien skulle ikkje berre førebu elevane på arbeidslivet, dei skulle gjere læringa lettare i nesten alle fag. Men for å lukkast måtte lærarane få «nødvendig kompetanse på området», og det trongst nye læremiddel: «Utviklingen av gode programmer har hittil vært en meget viktig bremse og vil i flere år være en av de største pedagogiske utfordringene til skolens folk», heitte det – i 1984.

Kva står det så om kompetanse og læremiddel i Digi­taliseringsstrategi for grunnopplæringen 2017–2021 frå Kunnskapsdepartementet? Jau, dette: «Mangelfull profesjonsfaglig digital kompetanse hos lærerne er kanskje det største hinderet for pedagogisk bruk av IKT.» Og dette: «Mange av dagens digitale læremidler er i stor grad basert på innhold som opprinnelig er utviklet for analoge formater. Disse læremidlene utnytter ikke godt nok potensialet i det digitale mediet.»

Tru og håp

Trass i store satsingar på etterutdanning og utvikling av programvare er altså nokre av hindera for å få dei vona vinstane frå datateknologi i skulen dei same som i 1984. Verre er det at det framleis er så liten kunnskap om effekten bruken av IKT – altså informasjons- og kommunikasjonsteknologi – har på læringa til elevane. «På sikt er det avgjørende at alle grupper av lærere og beslutningstakere i skolen har et velfundert grunnlag for å vurdere skolens forhold til ny teknologi», heitte det i 1984. Men når det gjeld verknaden på læringa, er det vitskaplege grunnlaget så godt som fråverande i plandokumenta om digitalisering i skulen sidan da.

– Det verkar som planane for digitaliseringa av skulen er bygde mest på tru og von, seier Gunvald Skeiseid.

Han er førsteamanuensis i engelsk ved Høgskulen på Vestlandet, med fagdidaktikk som spesialfelt. Han har sjølv forska på læringsresultat ved bruk av IKT og papir i engelskfaget.

– Politikarane har heile vegen hatt trua på at datateknologien skal styrkje læringa. I tillegg har sentrale forskingsmiljø i Noreg vore svært positive til IKT i skulen, seier Skeiseid, og viser til forskarnettverket IT i utdanningen, som vart skipa i 1997, og Senter for IKT i utdanninga, som vart etablert i 2008 og fusjonerte med Utdanningsdirektoratet i 2018.

– Desse fagmiljøa har vore pådrivarar for meir bruk av datateknologi. Og politikarane har lytta til dei, meiner Skeiseid.

Høgre og venstre

Det har vore forbløffande lite politisk usemje om digitaliseringa av norsk skule. Høgre- og venstresida har vore ganske samstemde. Medan Kristin Clemet (H) var utdannings- og forskingsminister (2001–2005), vart «digital kompetanse» opphøgd til ein grunnleggjande dugleik på line med lesing, skriving og rekning. Og Kristin Halvorsen (SV), som var kunnskapsminister frå 2009 til 2013, oppfordra i VG den norske skulen til å «bruke nett og sosiale medier så mye som mulig».

Men sjølv om både høgre- og venstresida ville ha meir IKT-bruk i skulen, har grunngjevingane vore ulike, meiner Gro Elisabeth Paulsen, leiar i Norsk Lektorlag frå 2003 til 2015. I boka Skolert eller spolert knyter ho trua på IKT i skulen til ideen om den autonome eleven.

– Dette såkalla progressive synet på kunnskap, der eleven skal ha ansvar for eiga læring, har vore utbreidd på venstresida. Men det synet har òg likskap med den liberalistiske kundeideologien til høgresida. Når Jan Tore Sanner seier at elevane «etterspør datateknologi» i skulen, er det eit godt døme på dette. Sjølvsagt etterspør elevane alt som er morosamt, seier Paulsen.

– Dokumentasjonen av lærings-
effekten er framleis uhandgripeleg eller fråverande. Politikarane og Utdanningsdirektoratet unndreg seg ansvar og viser til at det er kommunane sitt ansvar å velje læremiddel – etter at dei sjølve har promotert datateknologi i skulen 30 år.

Skepsis

Eit unnatak blant norske skulepolitikarar var Torbjørn Røe Isaksen frå Høgre, kunnskapsminister frå 2013 til 2018. Her i avisa tok han i 2015 eit oppgjer med det han kalla ein «stor og litt naiv politisk entusiasme» for IKT i norsk skule. «Lærer vi meir matematikk eller norsk med digitale verktøy? Det er ikkje eintydig forsking som tyder på at det er veldig vellukka», sa Isaksen til Dag og Tid. Som statsråd understreka Isaksen at Senter for IKT i utdanninga skulle formidle både positive og negative forskingsfunn om IKT i skulen.

Men i praksis skreid digitaliseringa i skulen fram også under Isaksen. Og det har framleis ikkje vore gjort store studiar i Noreg som samanliknar læringsutbyte med IKT med læringsutbyte gjennom papirbaserte læringsmiddel. Monitor-rapportane om bruken av IKT i norsk skule ser ikkje på læringseffekt, men på tilgangen på datautstyr, kor mykje det blir brukt og korleis elevar og lærarar opplever IKT-bruken. I tillegg finst det mange einskildstudiar av digitale læremiddel, der somme finn god effekt, somme negativ effekt og somme ingen skilnad frå papirbasert læring.

Lite samsvar

Men det finst òg større, internasjonale studiar å ty til. Som Dag og Tid skreiv sist veke, syner leseforskinga at lesing på skjerm gjev dårlegare læring enn lesing på papir. Og i 2015 synte den store OECD-rapporten Students, Computers and Learning lite samsvar mellom målt læringsutbyte og IKT-bruk i skulen. Det var ingen samanheng mellom investeringar i datateknologi i skulane i ulike OECD-land og resultata på Pisa-testane. Effekten av meir bruk av IKT var «i beste fall blanda», heitte det. Elevar med moderat databruk i skulen gjorde det i snitt litt betre enn dei som brukte datamaskiner svært lite. Men dei elevane som brukte datamaskiner svært mykje i skulen, fekk langt dårlegare læringsresultat enn dei moderate brukarane.

Snever forsking

Likevel: Ingenting av dette gjev klare svar på korleis eller kor mykje IKT bør brukast i den norske skulen. Å forske på læringsutbytet med datamaskiner versus papirbøker er krevjande, seier Øystein Gilje, som er førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved Universitetet i Oslo.

– Ein kan setje ein del elevar til å jobbe med skjerm og papir under kontrollerte forhold, men det liknar ikkje på det verkelege klasserommet. Om vi skal finne ut kva som verkar best, må vi prøve det ut i praksis utan å vite svaret på førehand. Vi kunne jo ha gjort slike studiar mykje tidlegare, men det har aldri vore løyvd midlar til slik forsking.

Forskinga som er gjord på IKT i skulen, har hatt ei altfor snever tilnærming, meiner Gilje.

– Det har anten vore temperaturmålingar som Monitor-undersøkingane, eller ei form for hallelujatilnærming som skulle vise korleis IKT skulle revolusjonere skulen. Og dei skulane som har brukt IKT mest innovativt, har blitt løfta fram som førebilete.

Makta flyttar

Dei digitale visjonane for norsk skule var lenge ein slags papirtiger. Inntil nyleg har den praktiske IKT-bruken i norsk grunnskule vore ganske moderat. Så seint som i 2013 rapporterte berre 8 prosent av elevane at dei brukte datamaskiner dagleg på skulen. Øystein Gilje har sjølv forska på læremiddelbruk i norsk grunnskule og Vg1 i prosjektet ARK&APP frå 2013 til 2016. Han fann ut at lærebøkene framleis var dominerande, medan digitale læremiddel var meir av eit supplement.

Men dette er i endring. Den store digitaliseringa av skulen i Noreg ser ut til å skje først no, med ein rask auke i tilgangen på nettbrett og PC-ar. Stadig fleire kommunar vil ha full dekning med datamaskiner til elevane. Og sjølv om skulane i teorien skal ha fridom til å velje læremiddel, kan valfridomen raskt bli innsnevra av økonomien. «En klok lærer vil bruke Ipad der det er konstruktivt, og bøker der det er mest hensiktsmessig», sa kunnskapsminister Jan Tore Sanner til Aftenposten denne veka. Men om kvart nettbrett kostar kring 3000 kroner, og lisensane til dei digitale læremidla også kostar ein god del per brukar, er det ikkje gjeve at det blir rom for innkjøp av dyre lærebøker i tillegg.

– Når læremidla blir digitaliserte, flyttar avgjerdsmakta frå skulen til skuleeigaren. Når til dømes Bærum avgjer på politisk nivå at skulane i kommunen skal bli heildigitale, kan det bli mindre rom for lærarane til å velje andre læremiddel, seier Gilje.

Dei nye læreplanane som skal i bruk neste år, fortel òg om eit hamskifte: «Digitale ferdigheiter» er oppførte som «grunnleggjande» i alle fag, inkludert musikk og kroppsøving.

Når den digitale omveltinga no blir realisert, kan vi kanskje endeleg få svar på korleis det påverkar læringa. Inntil vidare kan vi slå fast at stortingsmeldinga Datateknologi i skolen trefte blink i 1984: «Man står her overfor et pedagogisk utviklingsarbeid som vil måtte strekke seg over forholdsvis mange år.»

Dag og Tid bad om eit intervju med politisk leiing i Kunnskapsdepartementet til denne saka, men ingen hadde høve til å stille.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Cecilie Hellestveit

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Karina (Berda Larsen) lèt seg ikkje tulle med av den sjølvmedlidande dansken Jan (Emil Johnsen).

Foto: Mer Film

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Kalak: «Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med stundom sår framtoning som naiv innflyttar.»

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis