Kommentar
2025 eit merkeår i historia
Sjølv om det ikkje skulle skje noko meir dei neste seks månadene, har det året me no er inne i, vore særmerkt av ei rekkje med brå endringar. Kanskje vil 2025 gå inn i historiebøkene på line med 1945 og 1989.

Det viktigaste året i moderne tid var utan tvil 1945. Med samanbrotet til Nazi-Tyskland blei grunnen lagt for ei todelt verd der USA og Sovjetunionen tevla om makt og om allierte rundt om på jordkloten.
Denne todelinga varte ved til 1989. Det året såg ein samanbrotet av imperiet som Josef Stalin hadde skapt i Aust-Europa. To år etter, i 1991, var soga til Sovjetunionen slutt. Så fylgde tre tiår med den såkalla unipolare verdsordninga; ei verd der USA var mektigare enn dei aller fleste tenkjelege konkurrentar til saman.
Unipolare verdsordninga
Kva tid braut denne unipolare verdsordninga eigentleg saman? Korleis kjem historikarane i framtida til å sjå på dette? Var det i 2022, året då Russland – etter kvart med massiv økonomisk støtte frå Kina – gjekk til åtak på grannelandet Ukraina? Mykje kan tala for å setja opp dette som eit viktig tidsskilje. For fyrste gongen etter 1989 forsøkte taparen i den kalde krigen – Russland – å erobra eit anna land. USA saman med resten av den vestlege verda klarte på si side ikkje å stansa Russland.
Den mest konkrete hjelpa USA gav då invasjonen var eit faktum, var eit tilbod til den ukrainske statsleiaren Volodymyr Zelenskyj om ein flybillett ut av landet. Takk vera heroisk ukrainsk motstand klarte ikkje den russiske invasjonshæren å erobra Ukraina gjennom seinvinteren og våren 2022. Men sjølv om krigen har halde på for fullt gjennom åra som fylgde, klarte eller torde ikkje USA å gje ukrainarane så mykje hjelp at den russiske invasjonshæren måtte trekkja seg tilbake.

Gong på gong erklærte president Joe Biden at USA og Vesten stod ved Ukrainas side «as long as it takes», det vil seia heilt til Russland hadde lide nederlag. Då ein kom fram til 19. januar 2025, Joe Bidens siste heile dag som president, var dei russiske styrkane på offensiven og la under seg litt nytt ukrainsk land kvar dag.
2022 vil altså helt sikkert vera eit år som historikarane i framtida kjem til å merka seg. Tjue år tidlegare, i 2002, ville ein russisk makthavar aldri ha gått til åtak på eit naboland på den måten. Russland ville ikkje hatt den militære styrken som skulle til. Kina hadde heller ikkje kome Russland til hjelp med auka handel og tettare statleg samarbeid. Dessutan, om Russland i 2002 hadde kasta seg ut i eit militært eventyr på bortebane, hadde USA utan tvil stansa det heile.
Forlèt viktige prinsipp
Kva så med året me no er inne i, nemleg 2025? Kan det måla seg med 2022, for ikkje å snakka om 1989? Svaret er at kan det, i høgste grad. For kva er det som har skjedd sidan me feira det nye året for eit drygt halvår sidan? Det viktigaste er at USA, framleis det mektigaste landet i verda, har forlate fleire av dei prinsippa som har lege til grunn for den verdsordninga me har hatt sidan slutten av den andre verdskrigen. Går ein endå nokre tiår attende i historia, var det ein normal del av samspelet mellom statane i verda at den sterkaste tok seg til rette.
Slik var det fram til Briand-Kellogg-pakta vart underteikna i Paris i 1928. Traktaten, som var oppkalla etter utanriksministeren i høvesvis Frankrike og USA, sette ned forbod mot å gå til åtakskrig for å løysa konfliktar mellom statar. Det var på grunnlag av denne avtalen at Nürnberg-domstolen kunne dømma nazikoryfeane for å ha gått til krig mot Europa og resten av verda. Før Briand-Kellogg-pakta var det å starta krigar ikkje sett på som kriminelt. Det verste ein kunne risikera om ein sette i gang ein krig, var å enda opp som fyrste utan land. Men om det skulle skje, så hadde ein nok av adelege eller kongelege slektningar som var viljuge til å gje ein landlaus fyrste ein høveleg tilhaldsstad. Nokon internasjonal rettsorden eksisterte ikkje.
Katastrofal hending
Gjennom etterkrigstida og spesielt etter 1989 såg det ut som om den internasjonale rettsordenen var i ferd med å bli global. Så kom maktovertakinga til Vladimir Putin i Moskva nyårsaftan 1999. I dei fyrste åra etter var det få som forstod kor katastrofal denne hendinga var. Putin bygde opp eit personleg diktatur, men verst var det at han nekta å anerkjenna forbodet mot å bruka makt for å løysa mellomstatlege konfliktar.
Fyrst synte han dette i 2008 då Russland gjekk til krig mot Georgia, og så i 2014 og i 2022 då den russiske hæren invaderte Ukraina ikkje éin, men to gonger. Ved den fyrste invasjonen av Ukraina erklærte Putin at halvøya Krym «alltid» hadde vore ein del av Russland, og «alltid» ville bli det. At Krym hadde vore ein del av Russland berre frå 1783 og fram til 1954, altså i om lag 170 år, var ikkje noko Putin nemnde når han snakka om æva. At ukrainarane gong på gong hadde synt at dei aldri ville bli ein del av Russland, var heller ikkje noko Putin brydde seg om då han i 2021 starta propagandafelttoget for å overtyda sitt eige folk om at ukrainarane «alltid» hadde vore ein del av det russiske folket, og at Ukraina difor høyrde til Russland.

Mens Putin førebudde invasjonen av Ukraina, erklærte Kina – verdas nest mektigaste land – at venskapen med Russland var «utan grenser». Etter at krigen mot Ukraina tok til, har Putin og Xi Jinping møtt kvarandre eit utal gonger, og handelen mellom dei to landa har auka monaleg. Kina har rett nok ikkje eksportert våpen til Russland, men store mengder varer som kan nyttast både sivilt og militært.
Utan at Russland hadde hatt den økonomiske ryggdekninga frå Kina, ville mest sannsynleg den russiske økonomien ha brote saman eit par år inn i krigen. Kina har dessutan hatt sine heilt eigne mål for statleg ekspansjon. I mange år har den kinesiske marinen freista å gjera Sør-Kina-havet til eit kinesisk innhav, på tvers av internasjonal rett. Når det gjeld Taiwan, er det eit erklært mål å erobra øya. At folket som bur på øya ikkje vil bli såkalla gjenforeint med regimet som styrer Kina, har null og niks å seia.
Slutta seg til Russland
Fram til 2025 var det altså slik at det nest mektigaste og det tredje mektigaste landet i verda var antidemokratiske statar som ikkje anerkjende maktforbodet i folkeretten. Då Donald Trump tiltredde som USAs 47. president den 20. januar i år, slutta verdas aller mektigaste land seg til Russland og Kina i dette avgjerande synet på folkeretten. Her ligg den historiske vendinga verda er vitne til akkurat no.
Trumps USA har rett nok ikkje okkupert noko framandt land, men presidenten har kunngjort at han har som mål å gjera det. Det danske Grønland skal «på den eine eller andre måten» ein dag bli amerikansk, har han slege fast. Canada har han snakka om som den 51. delstaten i USA, og han har kalla den kanadiske statsministeren for «guvernør». Den vesle mellomamerikanske staten Panama kjende seg så truga av Trumps snakk om å ta Panama-kanalen attende at landet i april underteikna ein avtale om å sleppa amerikansk militært personell inn i landet. Når det gjeld åtaket på Iran i juni, kan ein sjå det frå fleire sider. Jonas Gahr Støre har sagt at åtaket er i strid med folkeretten, ei haldning dei fleste viktige allierte av Noreg ikkje deler.
Mens ein kan diskutera det som skjedde i Iran for kort tid sidan, er det ingen tvil om den politikken som Trump-regjeringa har slått inn på i Ukraina: Gjennom heile denne våren har Washington forsøkt å pressa Ukraina til å gå med på at Russland skal få ta over Krym, som blei ulovleg okkupert i 2014. Trump har òg gått langt i å anerkjenna at Russland skal få behalda dei andre områda som russiske militære har teke i Ukraina.
I byrjinga av juli, då Putin intensiverte drone- og rakettkrigen mot Ukraina, kunngjorde Pentagon at dei ville ta ned talet på våpen som blei sende til det krigsherja landet. Særleg handla dette om ammunisjon til dei ukrainske våpensystema som avskjer russiske dronar og rakettar. Avgjerda – som blei sett på som ei handstrekning direkte frå Trump til Putin – var teken ut ifrå målsetjinga om å setja Amerika fyrst, slo ei talskvinne for Det kvite huset fast.
Samanbrot i Vesten
Så langt i året 2025 har verda altså sett eit samanbrot – ikkje formelt, men i høgste grad reelt – av den alliansen som blei skapt på vestleg side av aust–vest-skiljelina i 1945, og som har vore det sterkaste bolverket for fred og stabilitet i verda sidan den gongen. Rett nok heldt heller ikkje USA i dei 80 åra mellom 1945 og 2025 seg alltid til forbodet mot å løysa konfliktar mellom nasjonar med makt, langt derifrå. Ei rad med opne og skjulte inngrep i Latin-Amerika fram til og med 1970-talet vitna om at USA eigentleg ikkje anerkjende sjølvstendet til landa i regionen.
Den aller største katastrofen var krigen i Irak i 2003 som var eit eklatant døme på aggresjon, attpåtil med ei stor lygn som grunngjeving. Men trass alt har USA vore ein stabiliserande faktor. Om USA ikkje hadde vore til stades i verda etter 1945, er det vanskeleg å sjå korleis det europeiske demokratiet hadde overlevd. Den stabiliserande rolla som USA har spela, har president Donald Trump erklært for avslutta. Trump ser på verda på same måten som dei totalitære leiarane i Russland og Kina: Den som har makta, har retten, anten det gjeld Grønland, Panama, Ukraina eller Sør-Kina-havet.
På Nato-toppmøtet i Haag i slutten av juni klarte den vestlege alliansen å dekka til den djupe krisa gjennom å smigra Trump og å stryka han med håra. At den amerikanske garantien for tryggleiken til Nato-landa i røynda har slutta å eksistera, er likevel eit faktum. Dei demokratiske landa i Europa må orientera seg på nytt, der dei står mellom USA, Russland og Kina. Verda slik me har kjent ho, finst ikkje lenger.