JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Viktigaste val sidan 1944

Før koronakrisa sigla Trump mot sikker siger. No er det 50–50, trur USA-forskar Hilmar Mjelde.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Usannsynleg nok er det desse to amerikanarane har å velja mellom i presidentvalet 3. november: Joe Biden (77) og Donald Trump (73).

Foto: AP / NTB scanpix

4616
20200522

Samtalen

Hilmar Mjelde

USA-kjennar

Aktuelt

Presidentval i USA

4616
20200522

Samtalen

Hilmar Mjelde

USA-kjennar

Aktuelt

Presidentval i USA

jon@dagogtid.no

Då underskrivne studerte historie, lærte vi at det var to spørsmål det aldri vert semje om: Kvifor fekk vi den industrielle revolusjonen, og korleis kunne holocaust henda? No har framtidige historikarar fått eit nytt spørsmål som dei ikkje kjem til å ha svar på: Korleis kunne det amerikanske folket måtta velja mellom Joe Biden, som knapt kan fullføra ei setning, og Donald Trump, som seinast denne veka sa at han gjekk på malariamedisin for å førebyggja covid-19?

Hilmar Mjelde forskar på amerikansk politikk ved Universitetet i Bergen og har laga ein modell som føresåg at Trump ville vinna presidentvalet i 2016. Han har lenge spådd at Trump også vil vinna det komande valet.

– Trur du framleis Trump vil vinna?

– No meiner eg det er heilt ope. USA har vorte utsett for eit såkalla eksternt sjokk. Vi veit at det som skjer med økonomien i andre kvartal i eit valår, har mykje å seia. Normalt skulle Trump verta attvald. Men denne fordelen vert nulla ut av den økonomisk krisa. Dette er uvanleg vanskeleg. Eg vil seia 50–50 nett no.

– Men vil veljarane leggja skulda på Trump for eit virus?

– Det var det, då. Trump har den mest stabile veljarbasen sidan Harry Truman. Men vi skal hugsa at USA manglar ein velferdsstat i vår tyding av ordet. Dimed vert amerikanarane mykje meir avhengige av styrken i økonomien enn det veljarar her er. Trump har eit grunnfjell på 40 prosent. Spørsmålet er korleis dei 5 prosentane i midten, som er genuint uavhengige, tenkjer. Trump har også hatt høg støtte mellom dei eldre. Men det har også Biden. I tillegg får presidentar ansvaret når noko går gale. I 1916 fekk Woodrow Wilson ansvaret for noko så irrasjonelt som haiåtak.

– Men det er to gamle menn, dette, Biden verkar kognitivt svekt, og Trump vert ikkje nett betre. Er det noko normalt over dette valet i det heile?

– Båe pressar aldersgrensa. Om Biden vinn, vil han vera eldre enn Ronald Reagan var etter to periodar. Det er faktisk ein risiko for at Biden stryk med av stresset om han vinn. Eg meiner det er heilt uansvarleg å nominera ein så gamal person. Dimed vert visepresidentvalet det viktigaste i moderne tid. Det er heilt reelt ein sjanse for at Biden vel å gje seg etter fire år.

– Kva med det konstitusjonelle, den såkalla paragraf 25, som seier at regjeringa kan kasta presidenten om han vert svekt nok?

– Den paragrafen er særs vanskeleg å taka i bruk. Vi såg det til dømes då Reagan vart skoten. Visepresidentar er livredde for å verta sett på som opportunistar. Men Biden har omtala seg sjølv som ein overgangsfigur, han tek rolla som kandidat for å vera ein symbolsk figur som skal avvikla Trump-æraen. Han ser på seg sjølv som ein Ford etter Nixon, som ein som skal roa ned stoda etter ei stor krise. Men som vi veit: Når presidentar er valde, vil dei alltid prøva å skaffa seg meir makt.

– Men kan USA verta normalt når det er totalt kløyvt?

– Det er meir eit kontinent enn eit land, eg plar seia det er meir som EU enn som ein nasjonalstat. Det er så fragmentert. Dei har ikkje eingong felles nasjonale medium. Og svært mange av veljarane definerer seg ut frå kven dei hatar, i staden for ut frå eigne politiske synspunkt.

– Og dimed handlar det igjen om vippestatane, som Trump står sterkt i?

– Eg meiner at den fanklubben Trump har, er stor nok til å vinna valet. Dei er spreidde såpass strategisk utover. Og han har mange i dei tre viktigaste vippestatane, Michigan, Pennsylvania og Wisconsin. Minoritetane har også utstabil valdeltaking. Dei gav Obama sigeren og kan gjeva Biden sigeren. I tillegg lit eg ikkje heilt på meiningsmålingane. Veljarane til Trump er vanskelege å fanga opp. Det skjedde i 2016 og kan skje igjen. Eg meiner definitivt at Trump enno kan vinna.

– Er dette eit viktig val?

– Det er det viktigaste valet sidan 1944. Presidenten som vert vald, må byggja opp att landet etter koronakrisa. Det kan gje ein siger til Biden. USA har no eit leiarskapsvakuum. Men vi veit frå soga at det er nett i slike situasjonar presidentembetet kan fungera som best. Slik var det under borgarkrigen, og slik var det under depresjonen. Det ser ikkje ut til at Trump er viljug til å handtera den krisa USA er inne i. Om vi nokon gong er inne i det Thomas Hobbes kalla samfunnskontrakten, må det vera no. Det er no vi verkeleg treng staten. Trump vil ikkje gjera det han kunne ha gjort i ein slik situasjon.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Presidenten som vert vald, må byggja opp att landet etter koronakrisa.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar
Odd W. Surén

Orda mellom oss

Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.

Teikning: May LInn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»

Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Eit spørsmål om kontroll

I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?

Etter valet i 2016 blei det vanleg å seie at Trump vann fordi folk hadde oversett kjenslene til den kvite arbeiderklassa. Er biletet eit anna i denne omgangen?

Foto: Dustin Chambers / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Overkorrigeringa

NEW YORK: Mark Lilla fekk enorm merksemd for sin diagnose av presidentvalet i USA i 2016. Eg oppsøker han for å få oppdaterte psykologiseringar av den amerikanske folkesjela anno 2024.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis