– Tiltaka var naudsynte
– Vi har nokså god kontroll på covid-19, men vi må forventa at viruset blussar opp til hausten, seier virolog Andreas Lind.
I Noreg ser vi ikkje mange som bruker ansiktsmaske. Det er kanskje naturleg, sidan vi knapt har hatt smitta her til lands. I Milano er stoda ei anna.
Foto: Flavio Lo Scalzo / Reuters / NTB scanpix
Covid-19-utbrotet ser ut til vera om ikkje heilt, så delvis over for denne gongen. Det er på tide å gjera opp bu. Andreas Lind er overlækjar ved virusavdelinga på Oslo universitetssjukehus og har stått i frontlina sidan byrjinga av mars. Han har stor praktisk erfaring med viruset og har doktorgrad om immunrespons og hiv.
– Det vart sett inn strenge tiltak i Noreg, men var dei naudsynte?
– Eg meiner dei var heilt naudsynte. Vi måtte gjer det vi kunne for ikkje å overlasta helsevesenet. Vi ynskte ikkje italienske tilstandar. Vi såg i Italia at dei ikkje makta å behandla på langt nær alle som hadde trong for behandling. I mange land måtte ein velje mellom kven ein skulle hjelpa. No har vi ei nokså god oversikt over viruset, sjølv om det er land der ein ikkje har oversikt, som til dømes Brasil. Men at vi gjennomførte desse tiltaka, var veldig viktig, og det ser vi ettertid.
– Men covid-19 har oppført seg så ulikt frå land til land og område til område. New York fekk massivt med smitte, andre område i USA knapt nokon?
– Det er nok ulike grunnar til at covid-19 har utvikla seg så ulikt i ulike område. Vi visste ikkje så mykje om viruset på førehand, men vi visste at enkelte grupper var meir utsette, særleg eldre. Dimed vart tiltaka ulike. Men at smitten utvikla seg ulikt, handlar nok også mykje om korleis helsevesenet var innstilt på førehand. Vi i Noreg er heldige ved at vi har eit helsevesenet som dekkjer alle, medan ein i USA har eit særs godt helsetilbod for nokre, men for svært mange ikkje. I New York var det sjølvsagt uheldig at dei nytta sjukeheimar til å taka seg av smitta personar. Då vart mange eldre eksponerte for viruset.
– Men kvifor var vi i Noreg så heldige?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.