JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Sannsynlegvis er han ferdig

Éin ting ligg fast, uheldig seksuelle åtferd er eit fast element i britisk politikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Onsdag denne veka prøvde Boris Johnson å forsvare seg i spørjetimen i Underhuset. Ein del vi meina at det ikkje gjekk så godt. 

Foto: Reuters TV / NTB

5589
20220708

Samtalen

Atle Libæk Wold

professor i britiske studiar ved Universitetet i Oslo

Aktuell

Boris Johnson har problem

jon@dagogtid.no

Den siste skuldinga mot Boris Johnson, som så ofte før i britisk soge, handlar om ekspansiv seksuell åtferd. Ei rekkje parlamentsmedlemar (MP-ar) for Det konservative partiet, the Tories, har vorte avslørte for uheldig seksuell åtferd. Det er i og for seg ikkje noko nytt. Men Boris Johnson fekk utnemnt ein ny assisterande innpiskar i Underhuset, Chris Pincher, som i fylla for nokre år sidan greip to menn i skrittet. Pincher har gått av.

Problemet er berre at Johnson hardnakka har hevda at han ikkje kjende til at Pincher hadde gjort det han gjorde før han fekk stillinga. Ein tidlegare sjefbyråkrat, Simon McDonald, sa tysdag at Johnson vart orientert om åtferda til Pincher alt i 2019. Johnson hevdar han ikkje hugsar det. Same dag gjekk helseminister Sajid Javid og finansminister Rishi Sunak av. Dei meiner Johnson har loge fleire gonger.

Atle Libæk Wold er professor i britiske studiar ved Universitetet i Oslo og vart intervjua onsdag.

– Trur du han er ferdig?

– Det er sannsynleg, men det kan taka ei stund om han tviheld på posisjonen.

– Men etter regelverket til MP-gruppa til toryane er han freda i eit år av di han overlevde den førre mistillitsvoteringa i gruppa mot han?

– Ja, han er etter partiets eige regelverk freda, sjølv om det no vert drøfta om dette regelverket kan endrast, men han kan fellast på andre ting i parlamentet òg. Om andre ministrar går av, og han ikkje får fylt posisjonane, vert det ein dramatisk situasjon. Så langt har han klart å fylle båe posisjonane etter Javid og Sunak, og ingen andre av dei sentrale regjeringsmedlemmane har gått av endå, så inntil vidare held han posisjonen. Dessutan har Johnsons snarlege avgang vore spådd mange gonger tidlegare, men han har likevel klart seg. Problemet er at det ballar på seg, og spørsmålet er om denne hendinga, som kanskje ikkje er spesielt ille eller stor samanlikna med tidlegare skandalar, vert den vidgjetne dropen. Johnson står stadig tydelegare fram som ein som ikkje har styring og kontroll, og i augo til mange som ein som lyg.

– Han har vore ekspansiv lenge. Han prøvde mellom anna å «suspendera» Parlamentet i 2019. Høgsteretten var heilt klar på at det var ulovleg.

– Ja, inntrykket som er skapt, er at han er lurvete og prøver å venda alt til sitt eige best. Freistnaden på å forlengja «ferien» til parlamentet gjekk på tvers av etablerte konvensjonar. Det er ikkje alt som er regelstyrt i Storbritannia, og dei vantar ein grunnlov. Men dei har likevel konvensjonar og sedvanar om korleis ein skal gjera ting. Slike konvensjonar har Johnson brydd seg lite om. Han har operert i gråsoner og grenseland. Når det er sagt, kan ein sjå motsett på det: Johnson har vore ein statsminister som har ynskt å få ting gjort.

– Når Johnson seier at han ikkje hugsar å ha vorte orientert om Pincher, kan det vel vera at han snakkar sant. Det er ikkje lett for ein statsminister å hugsa alt han høyrer?

– Det kan du seia, men det samla inntrykket er at han ikkje snakkar sant. At han ikkje hugsa, hevda han etter at det var avslørt at han hadde fått det fortalt. Det verkar litt for medvite. Jau, det kan vera at han ikkje hugsa, men som statsminister må ein ha kontroll på desse tinga, og det er ikkje fyrste gongen noko slikt skjer. Ålmenta sit att med eit inntrykk av at han lyg eller er lemfeldig med sanninga.

– Er dette med sanning så viktig? Då MP-ane valde han som leiar og statsminister, visst dei at han hadde loge før. Det er mange soger om det i fortida hans.

– Eg veit ikkje i kva grad det var eit tema då han vart vald, men det som er klart, er at mange i gruppa ikkje ynskte han som statsminister. Theresa May vart til dømes vald for å berga partiet frå han. Det var fyrst då May ikkje hadde lukkast, Johnson igjen vart ein aktuell kandidat. Ja, han hadde eit frynsete rykte, men han hadde vorte vald til borgarmeister i London og var etter mange si meining ein suksess der. Han vart truleg vald av di MP-ane meinte han var ein person som kunne vinna parlamentsval og gjennomføra brexit.

– Og det er av di han vann brexitvalet at han har overlevd?

– For mange er det nok slik. Han har ein tilhengjarskare som liker han og lit på at han vil gjennomføra brexit. I tillegg kjem det at han vann parlamentsvalet i 2019 med stor margin, noko som gav han eit klart mandat. I Storbritannia er det slik at mange meiner at mandatet fylgjer partileiaren like mykje som partiet. Då Gordon Brown tok over som statsminister etter Tony Blair i 2007, var oppfatninga at han regjerte på mandatet til Blair. Han lova difor eit raskt val for å få sitt eige mandat. Då han gjekk attende på den lovnaden, var det ikkje bra for Brown. Mandatet Johnson fekk frå veljarane i 2019, ber han framleis med seg som eit vern.

– Får han ein «arv»? Vert han hugsa?

– For tilhengjarane er han den som gjennomførte brexit. Det vil nok alltid vera det viktigaste for dei. For det andre har han vore ein katastrofe, ein useriøs politikar som har rota hit og dit. Det kjem an på kva ein er oppteken av. Han har i alle høve vore ein polariserande figur. Same kva han har sagt eller gjort, har til dømes venstresida tolka det i verste meining. Men nett dette at han har vore ein hatfigur for venstresida, har gjort at mange på høgresida, særleg dei mest patriotiske, har valt å ignorera dei meir uheldige sidene ved Johnson.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Han har vore ein polari-
serande figur.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis