JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

🎧 Så ekte at det vert falskt

Børge Ousland og Mike Horns ekspedisjon over Polhavet syner kva slags omkostningar og ideologiar som ligg til grunn for denne forma for ekstremturisme.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fyrst på ski over polhavet frå eitt skip via Nordpolen til eit anna skip i 2019: Børge Ousland og Mike Horn.   Foto: Etienne Claret / AFP / NTB scanpix

8415
20191213
8415
20191213

Lytt til artikkelen:

Ekspedisjon

ida@dagogtid.no

Då det ikkje lenger var meir å erobre på polane, gjekk polferder frå å vere vitskaplege ekspedisjonar til å likne meir på ei sportsgrein. Ingen kunne vere fyrst nokon plass lenger, men ein kunne vere den fyrste til å kome seg ein plass på ein spesielt vanskeleg eller sprelsk måte. Ein kunne vere fyrste kvinne, billegaste ekspedisjon, fyrste med kajakk, fyrste med snøscooter, fyrste med ubåt. Og snart får vi kanskje fyrstemann til å nå nordpolen på hoppestokk, som venstrehendt førskulelærar, som gravid – slik det har blitt på Mount Everest, der folk i sommar stod i kø for å kome til toppen. 

På same måte som Tour de France har utvikla seg frå eit kappløp der det meste var lov, til ei strengare og strengare regulert idrettsgrein, har ein i skiekspedisjonsverda utvikla fleire og fleire reglar for kva som skal til for å gjennomføre ein autentisk ekspedisjon utan hjelp utanfrå.

 Unsupported kallar dei det, og reglane for kva som kan definerast som unsupported, er detaljerte og kontroversielle, men inneber i alle tilfelle at ein ikkje kan ta imot mat eller utstyr, eller til dømes ta vinden i bruk som segl. Dette siste vart det stor debatt om då ein amerikanar hevda å vere den fyrste som kryssa Antarktis utan hjelp, noko norske Børge Ousland òg hevda å vere. Amerikanaren meinte nemleg at Ousland var diskvalifisert, av di han hadde laga seg eit lite segl.

Mediesirkuset

Den siste veka har mange stilt seg kritisk til den sensasjonalistiske mediedekninga av Børge Ousland og Mike Horns åttifem dagar lange skiferd over Polhavet frå Alaska til Svalbard. Ein har kunna lese at dei var i ferd med å gå tom for mat, og at dei var usikre på korleis det heile kom til å ende.

På sitt mest patosfylte skildra media dei to mennene som eit heilt anna slags dyr enn resten av oss: «De er ikke mottakelige for vår verden i det hele tatt, det handler kun om å spise, sove, forflytte seg. De har totalt tunnelsyn på å fullføre denne turen og komme tilbake til virkeligheten», sa ekspedisjonsleiar Lars Ebbesen til avisa og leverte slik ei klassisk romantisk framstilling av den sjølvforsynte mannen som i einsame krafttak vert meir dyr enn menneske, meir instinkt enn kultur. Det er særleg VG som har dekt saka, naturleg nok, ettersom dei har hatt journalistar om bord på det tidlegare forskingsskipet «Lance», som tok imot Ousland og Horn på slutten av turen. Slik er det med polferder: Dei er avhengige av medieblest for å halde sponsorane nøgde. 

Det var òg VG som publiserte bileta av Ousland då han kom om bord på «Lance» tidlegare denne veka. På dei proffe portretta poserer Ousland i berre underbukse, i halvprofil, med plaster på fingrane og oppskrapa nase, inderlege auge og halvopen munn – som ein annan undertøysmodell. Neste bilete har biletteksten: «Børge Ousland tar av seg sokkene etter å ha ankommet skipet.»

Når ein ser på bileta, kan ein lure på om det er kjipt for polfararane at skjegget og antrekket ikkje får dei til å sjå like barske ut som for hundre år sidan, då skjegget og luene vitna om eit liv liksom utanfor sivilisasjonen, overgitt til elementa. No går jo kven som helst kledd slik. No får luene og det store skjegget dei mest til å likne på baristaer på Grünerløkka. 

Meiningslaus rekord

Sjølv dei krassaste kritikarane av ekspedisjonen er einige om at det er ei utruleg fysisk bragd, det dei to har gjennomført. Men spørsmålet er ikkje om det er imponerande eller ikkje, men kva slags aktivitet dette eigentleg er, og kva slags ressursar det er forsvarleg å bruke på det. Kan ein til dømes framleis kalle det ein ekspedisjon når ferda ikkje er av vitskapleg eller militær verdi?

«Kan bruk av seks tonn olje i døgnet forsvares for å fullføre en meningsløs idrettsrekord», spurde polveteran Stein P. Aasheim, fyrst i eit innlegg på Facebook, så i avisene. Aasheim kalla mediedekninga av ekspedisjonen eit realityshow: «De har en rød knapp de kan trykke på, men det har ikke kommet frem i det hele tatt.» 

Ousland og Horn var trass alt berre eit helikopterløft unna berginga, og dei vart gått i møte då dei nærma seg «Lance», noko som gjorde det mindre imponerande at dei gjekk svoltne. For som fleire kritikarar har peika på, er det lettare å gå til ein stuper om ein har ein utkvilt kar gåande attmed seg, med pulken full av mat.

Unsupported-ideologien

Unsupported-ideologien skaper slike litt latterlege scener som avslører at polferder no til dags har lite til felles med det Nansen og Amundsen dreiv med. Dei hadde ikkje tryggleiksnett, og utan tryggleiksnett vert heltemot og evne til å takle ekstreme utfordringar noko heilt anna. Slik vert den moderne polferda eit bilete på korleis dyrking av autentisitet ofte får ein til å verke falsk. Det heile verkar fake, og media veit det, og dei spelar med. 

Som kontrast kan ein sjå på Lars Monsens «Canada på tvers», der han ikkje bryr seg med unsupported-reglane, men likevel verkar mykje ærlegare og meir imponerande enn dei moderne polfararane. Monsen tok imot den hjelpa som baud seg då han kryssa Canada på to år og sju dagar. Han kjøpte mat på vegen, nytta scooterspor der det var scooterspor, lét seg hente ut av sjøfly då snøen smelta, og låg ein plass og fiska til tida var inne for å la seg fly tilbake dit han slapp. Resultatet vart truverdig TV.

Ikkje noko nytt

Korkje medieblesten eller kritikken av ekspedisjonar er eigentleg ny. Alt i 1890-åra dekte Verdens Gang Nansen-ekspedisjonen med eksklusive bilete frå ferda. Noreg har i det heile teke ein lang tradisjon for kollektivt å forelske seg i eigne barske polfararar med snørr i skjegget.

Like gamal er tradisjonen for å latterleggjere polfararane som romantiske, overmodige klovnar. 

Forfattaren Arnulf Øverland gjorde narr av Fridtjof Nansens prosjekt og foreslo at Noreg, i staden for å finansiere Nansens behov for å oppdage Nordpolen på nytt, kunne investere i ein walk-in-fryseboks: «Lad os da alikevel endu en gang – syvende og sidste gang – bevilge ham penger. Lad os bevilge penger til et rommelig og komfortabelt isskap med en solid og forsvarlig laas. Sæt ham ind der. Og lad saa den gale mand faa det saa koldt, som han trænger det!»

Den europeiske – særleg den engelske – 1800-talslitteraturen er full av både beundring og hån av polfararar. Då Mary Shelley skreiv Frankenstein for to hundre år sidan, var England oppslukt av polferder, og det er mot dette bakteppet ein må lese boka for å fange opp den subtile kritikken hennar av den patriotiske machokulturen som polferdene representerte. Ho brukar kaptein Waltons jakt på Nordpolen og Nordvestpassasjen som ramme for Victor Frankensteins forteljing, og Waltons overmodige vrangførestillingar til å lufte eigne mistankar om at samtidas sensasjonalistiske ekspedisjoner nordover ville ende som gigantiske tabbar. 

Stoda

Den 8. desember, etter at Ousland og Horn var komne trygt om bord, sette «Lance» seg fast i isen att. Om dei vert sitjande fast der, er det i så fall meir enn eit skot for baugen for ekspedisjonen, som har lagt stor vekt på å vere uhyre nøye planlagd, noko som alltid har vore ein viktig del av den norske polfararetosen. For om «Lance» no står bom fast der oppe i isen, må dei anten satse på å drive sørover, overvintre eller bli hjelpte ut. «Lance» har eit sterkt skrog og har vore fastfrose i fleire månader før, så det klarer seg fint. Verre er det kanskje med alle VG-journalistane om bord. 

Om «Lance» skal hjelpast ut, treng ein eit skip med verna propell. Noregs dyraste forskingsskip, «Kronprins Haakon», kan gjere det, men det er no på veg mot Tromsø og må i så fall snu og dermed avlyse det det elles skulle ha drive med. Dessutan kostar skuta omlag 300.000 kroner i døgnet å drifte. Eit anna alternativ er å be russarane om ei teneste. Dei har (atom)isbrytarar som kan ta seg av det. Men om ein slik bergingsaksjon vert sett i gang, har ein med eitt sprengt alle budsjett for noko som alt var eit dyrt eventyr. 

Skjer det, vil to pikante spørsmål melde seg: 1. Var det forsvarleg å føre ein båt som «Lance» langt inn i isen i desember? 2. Kan ein no kalle polferder for Noregs mest dekadente form for turisme? 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den europeiske – særleg den engelske – 1800-talslitteraturen er full av både beundring og hån av polfararar. 

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis